Hopp til innhold
Anmeldelse

«Emosjonelt høgtrykk»

Dei tre beste novellene i «Hvor lenge varer vi» er glitrande prosa, resten har varierande kvalitet.

Bokomslag "Så lenge varer vi" og Mari Andreassen

KAN KUNSTEN: Debutanten Mari Andreassen viser i dei beste novellene at ho kan kunsten å byggje opp spenning.

Foto: Anna Julia Granberg / Cappelen DAMM/Blunderbuss
Bok

Hvor lenge varer vi

Mari Andreassen

Novellesamling

2019

Cappelen Damm

Det blei ingen Bragepris på debutanten Mari Andreassen. Like greitt: Ho har enno ikkje skrive si beste bok, statistisk sett.

Dei færraste opnar nemleg forfattarskapet med den beste boka si. I novellesamlinga «Hvor lenge varer vi» ser eg ein typisk versjon av «den lovande debuten»: Ujamn, men med markante høgdepunkt.

I første novella møter vi assistenten som lagar alle reglane og den psykisk utviklingshemma jenta som ikkje har noko å stå imot med. I den andre blir vi kjent med ei mor som bruker ufine midlar i det som vi gradvis forstår er ei barnefordelingssak.

Andreassen går inn der det er vanskeleg mellom folk. Kva som er vanskeleg varierer sterkt. Den godt vaksne tannlegen med seriøs bakterieangst i den tredje novella, forstår ikkje at kona kan oversjå den usynlege tarmbakteriegeriljaen som har invadert heimen etter at dei fekk barn. Dei har reglar for å berge ekteskapet: Mannen får ikkje lov til å vaske huset altfor ofte.

Novella om tannlegen – som heilt klart slit med tvangstankar – fungerer som ein etterlengta «comic relief» etter to historier der lesaren sit med hjartet i halsen i frykt for kva som skal skje.

Kunsten å halde tilbake

Styrken i desse novellene er at problemet kjem gradvis til syne. Dramaturgien er uvanleg bra, og punktet der heile bildet openberrar seg for lesaren, er skikkeleg ladd. Her er det snakk om emosjonelt høgtrykk.

Andreassen skal også ha ros for å skape svært spesifikke personar med heilt individuelle trekk Desse viser seg gjennom tankar og ord, gjerningar og ikkje minst gjennom bortforklaringar. Det er utruleg kor langt fleire av personane er villige til å gå for å rettferdiggjere urimelege saker.

I dei svakare novellene er vendepunktet for søkt, eller opplegget for utydeleg. Dette gjeld særleg den siste novella i samlinga, der vi er heime hjå ei svært ung mor på dagen då mannen hennar er gravlagd. Alt ligg til rette for at dette skal bli ein slutt som verkeleg sparkar, men vi blir aldri kjent med personane. Dei glir forbi oss og ut i gløymsla.

Klassiske noveller

Dei siste åra har vi sett ei oppmjuking av novelleforma blant yngre forfattarar, eg tenkjer då på slike som Jan Grue, Ingeborg Arvola og Mikkel Bugge. Den danske vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, Jonas Eika, er også naturleg å nemne her.

Desse novellistane har forlate den stramme forma der ei historie skal følgjast frå start til slutt, dei boltrar seg i digresjonar, avvik frå realismen og store forflyttingar både i tid og rom.

Slikt er forfriskande. «Hvor lenge varer vi» er trygt plassert i den klassiske novelleforma.

Samlinga viser at denne forma slett ikkje er utdatert. Eg ser fram til nye, glitrande noveller av Mari Andreassen.