Hopp til innhold
Anmeldelse

Vakkert, men vekslande frå ein av våre fremste novellistar

Novellesamlinga «Vinterhest» viser kor tett det er mellom det suverene og det fort gløymte hjå Merethe Lindstrøm.

Forfatter Merethe Lindstrøm og bokomslag for novellesamlingen Vinterhest

STERK NOVELLEKUNST: Fleire av novellene i «Vinterhest» plasserer seg blant det beste som finst av novellekunst på norsk.

Foto: André Løyning / Oktober forlag
Bok

«Vinterhest»

Merethe Lindstøm

Skjønnlitteratur

2022

Oktober

Merethe Lindstrøm skriv setningar som kan få det til å søkkje i lesaren, og ho skaper store resonansrom som gjev teksten utvida meining. Få forfattarar eg kjenner til, meistrar dette betre enn Lindstrøm. I somme av novellene meistrar ho det ikkje heilt sjølv, heller.

Livet er flyktig, berre døden er varig

Forfattaren har veksla mellom noveller og romanar sidan debuten som 20-åring i 1983. Mange, meg sjølv inkludert, tenkjer at det er novellene som er hennar sjanger, men det var ein roman ho fekk Nordisk råds litteraturpris for i 2012. Sagt på ein annan måte: Eg ventar meg mykje av ei Lindstrøm-bok, same kva for sjanger ho vel.

Dei 12 novellene i «Vinterhest» tek oss med til fleire europeiske land, men ikkje minst til vegen mellom ulike stader: på haiketur, i kano, i bil. I telt, i lånte hus, på veg til ei ny kanskje permanent adresse.

Denne fysiske rastløysa speglar sjølvsagt ei indre uro hjå personane, godt formulert av ein av dei i novella «Museum»: « ... vi vet jo ikke hva vi vil ha, vi vil bare ha noe.»

På vegen går samliv fløyten, hestar byter eigar, kattar blir borte og barn blir adoptert bort rett etter fødselen.

Som ei motvekt til dette uroleg flytande, skriv forfattaren inn slikt som skal ta vare på folk og på fortida, som foto, og museum.

Og ja, fotoet hjelper ein til å slå fast at den kjolen faktisk var raud, men det seier ingenting om det som skjedde like før og like etter. Og kvar vart det av dei som plutseleg er borte frå festen der det blei fotografert så ivrig?

Like eins er dyret som står i fastfrosen positur i ein monter på museum noko heilt anna enn det som smyg seg rundt i skogen.

Det flyktige dominerer livet. Du kan ikkje fryse tida fast, berre døden er permanent. Du kan aldri vende tilbake til det som ein gong var.

Minneverdige folk og dyr

Slik sett er teksten, altså dei 12 novellene, det mest stabile i dette universet. Ned i desse tekstane plantar Lindstrøm ei rekkje dyr og menneske; fleire som vil ha eit langt liv i minnet til lesaren og somme som berre er flyktige møte. Til første kategorien høyrer onkelen i novella «Museum», som under søndagsmiddagen hjå mor si forlèt bordet, går inn i stova og knuser glas og rammer på familiebilda. Dette skjer meir enn ei gong.

Kvar gong hentar kona plaster, og mora tek med seg bilda til rammemakaren. Ingen seier noko.

Hesten i tittelnovella er også av det minneverdige slaget. Menneske sender han til stadig nye plassar og det rastlause livet passar han svært dårleg.

Hesten har naturlegvis inga stemme i denne historia, det har heller ikkje onkelen.

Lindstrøms metode

Og då er eg framme ved Merethe Lindstrøms metode: Ho underspelar dramatikken og let han heller kome fram gjennom små forskyvingar i språket, gjerne med assosiasjonsrekkjer som avslører kva som er på ferde.

Det er som om ho komponerer eit nett av setningar rundt det usagde slik at det indirekte kjem til syne. Her ligg det til rette for oppdagingsferder på setningsnivå.

Dette er utfordrande både for lesaren og forfattaren: Lesaren må bruke tid og lese sakte, sjølv om det verken er innvikla setningar eller vanskelege ord. Kunsten å lese sakte er ikkje ei moderne dygd, men denne øvinga opnar for gylne glimt og kloke innsikter.

Mens forfattaren som bruker denne kresne metoden kan risikere å bli for utydeleg; nettet av setningar er for laust og lesaren ser ikkje kva som skjuler seg der. Tekstane blir for uspesifikke og verkar dermed ordrike. Dette gjeld ikkje minst første novella i samlinga, «Utsnitt».

Som nemnt innleiingsvis, novellesamlinga viser kor tett slektskap det er mellom det suverene og det fort gløymte hjå Lindstrøm: Det handlar om å greie eller ikkje greie å fange inn det usagde.

Dette lykkast i særleg grad i før nemnde «Museum», og vidare i «Wannsee» og «Margaret», noveller som viser at Lindstrøm på sitt beste skriv seg heilt opp i tetsjiktet innan nordisk novellekunst.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.

Anbefalt vidare lesing: