Hopp til innhold
Anmeldelse

Innovervend utstråling

Folkemusikk­trioen MOJNA speler ømt, kraftig og moralsk oppbyggeleg.

Bilde av folkemusikktrioen MOJNA.
Foto: Fredrik Fridlund
Terningkast 6 Musikk

«Väntenätter»

MOJNA

Folkemusikk

14. juni 2024

MOJNA skapar ein heilt spesiell stemning med musikken deira, men ordet stemning er så vagt og oppbrukt at eg helst vil unngå å bruka det.

For kva søren er stemning eigentleg?

La meg seia det på ein annan måte: Trioen klarar å halda på intensiteten i ein relativt lågmælt, innovervend estetikk. Det er ein fryd å høyra på.

MOJNA er ein svensk-norsk trio som speler nyskriven nordisk folkemusikk ispedd element av improvisasjon og kontrapunktisk stemme­føring. Deira første album, «För sola skin' på tak», kom i 2022.

Berre to år etter kjem altså oppfølgjaren, og dei verkar allereie mykje sikrare på prosjektet.

Bilde av folkemusikktrioen MOJNA.

SUBLIMT: Dette bildet er eigentleg to bilde vove saman til eitt, eit gruppebilde og eit landskapsbilde. Eit dalføre med ein elv renn mellom Thomas Eriksson og Helga Myhr medan fjellet fyller hovudet og tankane til Anna Malmström. Eg liker det.

Foto: Fredrik Fridlund

Detaljorientert klimpring

Alle låtane på albumet er komponert av den svenske gitaristen Thomas Eriksson. Han bind musikken saman med utsøkt fingerspel og travle, harmoniske progresjonar.

Det er eit stort driv i spelet hans.

Samtidig er det definitivt noko tilbakehalde og innovervendt ved spele­stilen. Eriksson speler diskré og nedpå. Han glir tilsynelatande avslappa over gripe­brettet og klimprar taktfullt på strengane.

Eg opplever det nærast som ein poetikk i måten han slår strengane på. På eitt og same anslag penslar han ut ein heil rekke tonar som så blir bunde saman til ømme frasar.

Hadde eg vore Marcel Proust, ville eg kanskje sagt at spelet opna opp for noko i sjela mi, «på same måte som lukta av einskilde roser i fuktig natteluft kan få oss til å trekkje djupe andedrag.»

Gitar­spelet er så aktivt, tettpakka med detaljar, fine musikalske bogar, og kløktige, nesten usynlege tonar, at musikken heile tida hentar meg inn og får meg til å lytta fokusert.

Musikken gjer meg fullt til stades i auge­blikket.

Høyr kor mange tonar Eriksson klarer å kila inn i einskilde taktslag, og samstundes tydeleg artikulera kvar einaste tone. Det er ei stor bragd:

Eit album som evner å få meg til å lytta fokusert, som grip merksemda mi med ein positiv kraft, må eg vera takksam for.

Musikken gir meg bakke­kontakt, og får meg mellombels til å tenka på noko anna enn dei dumme bekymringane som elles pregar dagen.

Trioformat

Sjølv om eg nå har gitt Eriksson mykje plass, er det viktig å poengtera at MOJNA på ingen måte er eit soloprosjekt.

Anna Malmström frå Sverige er med på klarinettar.

Ein av dei mest særeigne kvalitetane til ein klarinett, er at han kan spela ufatteleg lågt. Lyden frå ein klarinett kan verkeleg veksa ut av den tynne lufta, som ut av ingenting.

Anna Malmström nyttar dette dynamiske registeret eksepsjonelt. Enten ho speler med på melodien eller om ho bidrar med frekkare motstemmer i det låge registeret til bassklarinetten, så gir ho musikken puls og nerve.

Dei gongane låtane verkeleg drar til og får bakken til å rista, er det takka vere Helga Myhr på hardingfele.

Spelet hennar er stødig og nært, og ho bidrar med mange forsiktige effektar som er med på å laga denne spesielle «stemninga», men dei gongane ho får fart på bogen, sender ho trioen opp i skyene. Det er heilt herleg.

Høyr korleis hardingfela løftar musikken til ekstreme høgder:

Det skal òg nemnast at hardingfele­spelar og komponist Erlend Apneseth har vore med som produsent for albumet. Han har mykje erfaring med å blanda improspel og folkemusikk, så han har sikkert hatt eit ord med i spelet på dette albumet.

Han er dessutan med som gjestemusikar på det eine sporet, «Väntenätter».

Ein ting som plagar meg litt er låtnamna. Dei er forferdeleg sterile, nærast anonyme. «Ljusna», «Väv», «blixlynt», «spegling», «motvind», «anblick», «skimring», det er heilt generiske titlar som eg ikkje tykkjer harmonerer med musikken eg faktisk høyrer.

Denne kritikken er likevel å rekna som eit sidespor.

Låtane kunne like så greitt ha vore kalla «Utan tittel 1», «Utan tittel 2», osv., og det ville ikkje endra den gode opplevinga eg har med musikken.

KONTRAPUNKTISK: Denne valsen er fylt av diskré motstemmer og spelast med så stor ro at han nærast får eit andektig preg.

Moralsk musikk

Albumet som heilskap manar fram ein ro i meg som lyttar. Produksjonen er upåklageleg god. Dei individuelle stemmene kjem tydeleg fram, samstundes som dei utfyller kvarandre og får fram eit rikt klang­bilete.

Bortimot ingen tonar verker overflødige på albumet, og dei tre musikarane står fram utruleg samla i måten dei utviklar låtane på.

For å gjera eit vilt tanke­eksperiment: Kor stiller MOJNA seg om ein skal venda tilbake til dei greske filosofanes idé om at musikk har direkte verknad på menneskets moral? Fremmar dei medborgarskap eller gjer dei oss hemngjerrige og urolege?

Platon tenkte at musikken, meir enn andre kunstformer, var med på å forma unge menneske sitt sinn. Musikk var alltid eit uttrykk for noko sjeleleg, og det var viktig at han var med å styrka menneske i positiv retning, og ikkje gjera menneske dvask, dovent, eller til dårlege krigarar.

Om musikken til MOJNA skulle seiest å ha moralske kvalitetar, trur eg det må vera oppbyggelege, demokratiske verdiar.

Dei fremmer dialogen og den skarpe lyttinga til kvarandre, til å respondera og anerkjenna kvarandres utspel, og gjer det med ein verdigheit og integritet som er til å ovundra og læra av.

Platon ville kanskje råda trioen om å ha nytta andre, mindre skadelege toneartar, men heldigvis lever me ikkje i antikken.

Hei!

Eg er frilansar og folkemusikkritikar i NRK. Har du tips til noko eg burde høyrt, eller tilbakemelding på noko eg har skrive? Send meg gjerne ein e-post! 

HØYR: «Halling» frå MOJNA sitt album «För sola skin på tak» frå 2022.

Les også «Vågal elektrofolk»

Kenneth Lien & Center of the Universe