Hopp til innhold
Anmeldelse

Intenst trekantdrama mellom ho, han og døden

«Våkenetter» er ei sterk historie om kven ein blir når døden flyttar inn i det heilt vanlege livet utan varsel.

Bokomslaget til Våkenetter og portrettbilde av forfatter Christine Nitter
Foto: Forlaget Oktober og Marius Fiskum
Bok

«Våkenetter»

Christine Nitter

Roman

2022

Forlaget Oktober

Det er legen Agnes som fortel historia. Det er ektemannen og legen Eivind som får kreft. Det er romandebutant og lege Christine Nitter som er forfattaren bak «Våkenetter».

Men når ein kollega konstaterer at Eivind har kreft som har spreidd seg til fleire organ, kjem legevitskapen til kort. Sjølv om både romanpersonane og forfattaren forstår det som står på latin i papira frå kollegaen, handlar romanen om å innstille seg på det utenkjelege:

Den eine skal døy, den andre leve vidare utan livspartnaren. Alle forstår at det er hardt og dramatisk. Men Nitter tek døden med inn i alle kvardagslege detaljar.

Kva skjer med Eivind når han ikkje greier å gjere alle Eivind-tinga? Og korleis reagerer Agnes?

Dette perspektivet gjer «Våkenetter» til ein roman det er verd å merke seg.

Å leve vidare gjennom andre

Eivind og Agnes leika dokter allereie som barn, inspirert av legefaren til Agnes og eiga nyfikne. Staden var ei lita nordnorsk øy.

Og ja, barndommen fyller inn bildet av dei to, men dette er først og fremst eit trekantdrama mellom ho, han og døden.

Ho klandrar han for å ha venta for lenge med å undersøkje seg.

Han set i gang med å lage lister over alt han må lære Agnes så ho kan leve vidare på plassen deira til sine dagars ende. Han bruker kvar ledig stund til å ordne greier. Er det omsorg, eller er det ein måte å leve vidare gjennom henne?

For Agnes når det ei grense når han har handla sexy undertøy som ho kan ha på når ho skal møte andre menn, Eivind har allereie eit par forslag.

Agnes’ største uro er at ho ikkje greier å få kontakt med sonen Jens (9), som er pappagut, av grunnar lesaren nok forstår betre enn Agnes.

Stort stemningsregister

Det er tett på. Det er nordnorsk vinter, det er tisseflasker og morfinsprøyter. Det er ein elska kropp som viser alle teikn på at døden nærmar seg. Det er Eivind som vil bli gravlagt i ein båt. Det er såre kjensler, som når den svært sjuke Eivind insisterer på å vere med på juleavslutninga til Jens:

Er det så lurt at du blir med?

Snart er jeg borte, så får du fred, sier han. Det er mer en hvesing.

Jeg stirrer på speedometeret nedover bakkene.

Utdrag frå «Våkenetter»

Det er neppe for å kontrollere farten at ho stirer på speedometeret. Her er kriser, spente pausar og øm forsoning.

Brutal og indirekte

Vekslinga mellom det brutalt direkte og meir indirekte måtar å fortelje på, er eitt av fleire svært gode val i romanen.

Å la naturen få ein stor og sjølvsagt plass i livet til dei to er eit anna godt val.

Dessutan er det eit pluss at både Agnes og Eivind har vanskelege sider, som blir sett på spissen etter kvart som døden kjem tettare på.

Sjølv om dei er spesialistar i legevitskapen, er dei ikkje spesialistar verken på å døy eller på å vere pårørande.

Det einaste eg stussar på her, er korleis sentrale bipersonar som mora til Agnes og sonen Jens ikkje kjem til syne anna enn som markørar.

Trass i dette er «Våkenetter» ein uvanleg sterk og velskriven debutroman, som greier å fange nyansane i ei livskrise utan å bli omstendeleg.

Les også anmeldelsen av «Langsom marmor»: «Ein uforsonleg slutt»

Kombinasjon av forfatter Ole Robert Sunde og omslaget til hans bok «Langsom marmor».
Kombinasjon av forfatter Ole Robert Sunde og omslaget til hans bok «Langsom marmor».

Hei!

Eg er hovudkritikar på skjønnlitteratur i NRK. Dei mest leste bokmeldingane mine finn du her.