Hopp til innhold
Anmeldelse

Utsliten av omsorg

Kor mykje omsorg kan og bør eitt menneske å gi? Til kva kostnad?

Kombinasjon av forfatter Olaug Nilssen og omslaget til hennes bok «Uønska åtferd».
Foto: Lidvard Sandven
Terningkast 5 Bok

«Uønska åtferd»

Olaug Nilssen

Roman

29. september 2023

Samlaget

Omsorg kan vere mjuk kos. Men også beinhardt arbeid.

Det veit alle med ansvar for små barn. For aldrande og sjuke foreldre. Med venner i vanskelege situasjonar.

Kor går grensa mellom meg og den andre, når den andre krev så mykje?

I «Uønska omsorg» av Olaug Nilssen er spørsmålet brennbart.

Det er hennar tredje roman om familiar kor eitt av barna er sterkt psykisk utviklingshemma. Kor omsorgsbehovet er enormt, døgnet rundt.

Kva gjer det med ein person å utføre så heftig omsorgsarbeid over så lang tid, lurer Nilssen. Og kva skjer med forholdet til andre familiemedlemmer?

Svaret kan røpast: Ein blir utsliten. Så sliten at det kan vere vanskeleg å sjå klart og ta gode val.

Dessutan er der ingen perfekte val å ta. Her er ingen vinnarar. Ingen enkel slutt.

– Vi får aldri tilbake det livet vi hadde, sa han berre. – Det livet finst ikkje lenger.

«Uønska åtferd» av Olaug Nilssen

Olaug Nilssen skriv med varm og empatisk innsikt. Ho viser fram menneska slik dei er, utan å dømme. Sjeldan edle og heroiske. Vi gjer berre så godt vi kan.

Portrett av forfatter Olaug Nilssen

OPPTEKE AV OMSORG: Olaug Nilssen har sjølv ein son med autisme. Det skreiv ho sjølvbiografisk om i «Tung tids tale» (2017). Også «Yt etter evne, få etter behov» (2021) handlar om omsorg for eit sterkt psykisk utviklingshemma barn.

Foto: Eivind Senneset

Uønska seksuell åtferd

Ho som fortel i «Uønska åtferd», heiter Katrine. Ho er gift med Gunnar, og mor til Jostein og Janne.

Jostein har autisme. Han manglar funksjonelt språk. Han er fysisk utagerande og særs aktiv, stadig på veg inn det som finst av ulåste dører. Oftast for å rote. Jostein brukar framleis bleier, grisar med maten og øydelegg ting.

Oppfører seg kort sagt som ein smårolling, sjølv om han er tenåring.

Kroppen, derimot, er ingen barnekropp. Kjønnsdrifta har vakna, utan at Jostein klarer å forstå kva som skjer. Han likar å dra ned buksene. Å gni tissen mot andre. Inkludert søstera.

Det er sjølvsagt ikkje greitt. Katrine veit det, men prøver å gi dottera støtte:

– Det som skjedde på badet i dag, var uønskt åtferd.

Janne, femten år, er ikkje imponert over mora sine forsøk:

«– Det var ekkelt! Det var det det var!

Eg sa ikkje noko.

– Og flautt […]

– Ja, sa eg berre.

«Uønska åtferd» av Olaug Nilssen

Kalde kjensler

Katrine er så nedbroten av mange års ofte einsamt slit at ho ikkje sjølv ser kor nedbroten ho faktisk er. Ho ignorerer fysiske symptom og legg lokk på kva ho tenker, før det plutseleg eksploderer ut.

Ektemann Gunnar har i parterapi lært å opne for kjenslene. Intensjonen er sikkert god. Men det hjelper ikkje Katrine.

Det var alltid han som trekte seg unna og tok seg til tid å kjenne på kva han følte, og jo oftare dette skjedde, jo færre moglegheiter var det igjen for meg til å gjere det.

«Uønska åtferd» av Olaug Nilssen

Dotter Janne masar om napping av hakehår. Hårklipp og sminke. Nye, reine klede. Om overvekt og trening. Ho meiner mora må skjerpe seg, Katrine ser ikkje vitsen.

Eg hadde ikkje tid til å endre meg sjølv. Det var ikkje mogeleg å endre meg sjølv. For min del var dette ei innsikt som først og fremst var frigjerande.

«Uønska åtferd» av Olaug Nilssen

Ho har ein viss sjølvinnsikt. Men berre ein viss.

Disney-teiknefilmane «Frost» og «Encanto» er raude trådar gjennom «Uønska åtferd», slik Bjørn Eidsvåg sine songar var det i Nilssen si førre bok, «Yt etter evne, få etter behov».

Katrine kjenner seg att i heltinna Elsa i «Frost». Elsa syng om å «la det storme nå. Litt frost gjør meg ingenting uansett». Katrine er også budd på å stå i stormen.

Men ho tar feil om frosten. Kulda Katrine dyrkar mellom seg og andre, øydelegg.

Olaug Nilssen viser fram feilslutninga, samtidig som ho beheld sympatien hos Katrine.

Humor i mørket

Katrine vil ikkje at Jostein skal på institusjon. Kven er ho, om ho ikkje skal ha ansvar for sonen? Ho har ein jobb, men den er ikkje viktig. Berre kjelde til ny frustrasjon.

I situasjonar der son og dotter står mot kvarandre, vel Katrine alltid sonen.

Ho føler ho må, men orkar ikkje ta innover seg kva det gjer med dottera. Med familien. Med ho sjølv, som mor og menneske. Ho gjer seg kald og hard. «Litt frost gjør meg ingenting».

«Uønska åtferd» tar opp tung problematikk, men Olaug Nilssen skriv lett og tilgjengeleg, i enkelt og klart språk. Ho sukrar attpåtil med eit lite dryss absurd humor over alt det tunge og triste.

Boka gir trøyst og innsikt. Her er ingen lukkeleg slutt à la Disney. Men så er ikkje livet nokon teikna musikal, heller.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, med særleg interesse for norsk og omsett skjønnlitteratur. Les gjerne meldinga mi av dei historiske romanane «Xiania» av Lotta Elstad og «Skråpånatta» av Lars Mytting, eller av «Uønska åtferd» av Olaug Nilssen. 

Skriv gjerne til meg!

Les også P2-lytternes romanpris til Olaug Nilssen

Olaug Nilssen