Hopp til innhold
Anmeldelse

Tankevekkande og langtekkeleg eventyr

«Tornerose» tek tak i svært aktuelle problemstillingar, men vågar ikkje spela dei heilt ut.

Fra Tornerose i Nasjonalballetten
Foto: Erik Berg
Teater

«Tornerose»

Den Norske Opera og Ballett, Oslo

3. juni 2023

Kva er eit kjærleiks-kyss? Ein kan spørja seg om det etter å ha sett «Tornerose» ved Nasjonalballetten.

Ein kan òg spørja seg kva kjærleik er, og om rammene for dei tradisjonelle eventyra, som det om Tornerose, er aktuelle i dag.

Hovudspørsmålet er sjølvsagt kvifor søvnige prinsesse Aurora forelskar seg i den første prinsen ho ser når ho slår opp auga.

Ho har sove i 100 år. Aldri møtt han før. Forelskar seg der og då. Litt livserfaring hadde vore på sin plass.

Fra Tornerose i Nasjonalballetten

FESJÅ: Feene er viktige i denne framsyninga. Dei er ikkje-binære, glitrande og utan tåspiss-sko. Litt frekk koreografi har Spuck spandert på dei òg.

Foto: Erik Berg

Ut med storken

Den tyske koreografen Christian Spuck lar den vonde fea Carabosse (Douwe Dekkers) få spela ei viktig rolle i denne utgåva av ei av verdas mest kjende ballettar.

Spuck set ikkje berre Carabosse i sentrum, han lar òg ei ganske vill forhistorie spela seg ut i prologen.

Det gjer «Tornerose» høgaktuell – men kanskje ikkje nett slik Spuck hadde sett føre seg. Høyr berre:

I starten står sju barnevogner på scena. Den som har lese introduksjonen til stykket, veit at me no er i feene sitt rike. I denne versjonen av eventyret kjem ikkje babyar med storken, men med fea. Og feene vakar over babyane til dei er klare for levering.

Kongen og dronninga i landet har lenge prøvd å få barn, men ikkje lukkast. No snik dei seg inn til feene medan babyane søv. Dei stel ein baby, vesle Aurora.

Ulukkelegvis er det Carabosse som har sove på si vakt, Aurora var babyen hen skulle passa på. Og no er ho vekke.

Er det rart Carabosse er fortvila?

Fra Tornerose i Operaen

Kva!? Carabosse er rasande når hen innser at baby Aurora er vekke. Hemnen blir ei kjent forbanning.

Fra Tornerose i Operaen

Raseri, affekt og anger. Douwe Dekkers speler ut alt i rolla som fea Carabosse i «Tornerose».

Prologen set fortellinga om Tornerose i eit ubehageleg samtidslys i Noreg. Det er berre nokre månader sidan barne- og familieminister Kjersti Toppe varsla ei gjennomgang av utanlandsadopsjonar for å undersøka om born kan ha kome hit ulovleg.

Her rappar dei kongelege babyar så lett som berre det – utan at andre enn Carabosse reagerer.

Og utan at framsyninga tek dette brotsverket inn over seg.

Glitter og bråkete venger

Spuck har endra mykje, men den verdskjende musikken til Tsjajkovskij er der framleis.

Pepita sin opphavlege koreografi finn ein spor av, men i forteljande ballettar er karakterane og historia tett knytt til rørslene. Derfor er mykje endra når historia er det.

Dei sju feene er til dømes ikkje-binære. I eventyret er dei kvinner, men vert her dansa av menn, og Nasjonalballetten omtalar feene som «hen». Dei dansar i glitrande dressar med bråkete venger – og utan tåspissko.

Feene er karikerte, men representerer noko friskt og nytt – syng til dømes Aretha Franklin, Justin Bieber og Lady Gaga medan dei trillar vognene av scena (kven skulle trudd ein Aretha Franklin-syngande ballettdansar var det første ein skulle høyra i «Tornerose»?).

Samstundes forventar ein at det skal gå raskare når ein involverer verkemiddel frå samtida. Men dei er heller med på å gi balletten eit langtekkeleg preg.

Fra Tornerose i Nasjonalballetten

TIDVIS ROTETE: Scenografien, eit grått og kjølig slott, står på dreiescena og snurrar stadig. Store dører er effektivt i bruk i heile framsyninga, det er eit stort ensemble som skal flytta seg rundt på scena. I ensemblescenene vert det somme tider litt rotete.

Foto: Erik Berg

Alle kan angra

Spuck nyttar fine tablåscener og er ivrig med frys-posisjonar som stoppar tida og handlinga for å konsentrera historia om éin karakter, til dømes Carabosse.

Publikum kjem dermed tettare på historia han vil fortelje.

Som er denne: Alle kan gjera feil, og alle kan angra. Carabosse kastar si forbanning over vesle Aurora i sinne og affekt – og angrar. Dekkers som Carabosse er frå seg av fortviling og full av kjærleik til Aurora.

Carabosse følger ho medan ho veks opp, leiker med ho, er fortruleg med ho, og lenge undra eg: Er det Carabosse som vert prinsen?

For denne svevn-forbanninga kan berre forsvinna av eit kjærleiks-kyss. Og Dekkers speler ut sterke kjensler i denne framsyninga.

Fra Tornerose i Operaen

OGSÅ ROTETE: Tenarane som skal gjera i stand til fest, er på gamaldags vis kledde i svart med kvite detaljar. Men koreografien, som nett kan nytta kvitkledde tenar-hanskehender til presise og spanande bilete og rørsler, virkar rotete. Det same gjeld dansarane sine plasseringar i nokre av scenene der dei er mange.

Foto: Erik Berg

Grått, men inderleg

Musikken i «Tornerose» er legendarisk og vakker. Han fungerer så godt nett fordi han er skrive til dei enkelte karakterane.

«Tornerose» i Nasjonalballetten handlar om å gå sin eigen veg – om ein veit kva ein har å velja i, då. Eller om ein berre kastar seg over første og beste prins.

Rett nok smeller Aurora døra att i fjeset på foreldra når ho har gnidd svevnen ut av auga – slik kan ho byrje sitt nye, vakne liv. Då kan det hende prinsen får det tøft.

Fra Tornerose i Operaen

Fea Carabosse (Douwe Dekkers, til høgre) verkar vera ein av Aurora sine fortrulege medan ho veks opp.

Fra Tornerose i Operaen

Hen har stor omsut for den unge jenta.

Nasjonalballetten lét publikum sitta att med undring. Her er mykje karikert spel, men den inderlege formidlinga til Douwe Dekkers slepp ikkje taket.

Og her er mykje å snakka om etterpå: Fri vilje, må det vera prinsen som får prinsessa, er det greitt å kidnappa babyar? Framsyninga burde dukka djupare ned i nokre av desse spørsmåla – men det får ein gjera sjølv.

På vegen dit byr Operaen på eit muntert, men ganske så langdrygt eventyr.

Hei!

Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK som frilans. Les også meldingane mine av «Nei og atter nei» på Riksteatret, «Kokosbananas og moromaskinen» på Teater Ibsen, eller «Et glass til» på Christiania Teater.