Hopp til innhold
Anmeldelse

Mørk og ufordrageleg

Når Tollak til Ingeborg treff publikum med blikket sitt, er det så ein vil dukka.

Fra forestillingen «Tollak til Ingeborg» ved Riksteatret.
Foto: Magnus Skrede
Terningkast 4 Teater

«Tollak til Ingeborg»

Riksteatret/Teater Vestland

Premiere i Førde 28. sep 2023, så på landsturné

Ho er mørk, forteljinga om Tollak til Ingeborg. Ho gjev plass til ein einstøing som ikkje så ofte får fortalt si historie frå scena: den gamle mannen som ikkje finn seg i alt det nye.

Han har ikkje mobil­telefon, koplar ut radioen når han tykkjer dei pratar skit, og hiv tv-en etter å ha sett eit program der ein mann prata om kjenslene sine.

Han høyrer til i den gamle tida, fiksar ikkje den nye. Han er ikkje akkurat politisk korrekt, han Tollak til Ingeborg.

Fra forestillingen «Tollak til Ingeborg» ved Riksteatret.

SAGMUGG: Han er god til å arbeide, Tollak. Men etter at byggevareutsalet kom, treng ingen tømmer frå saga han driv. Tollak foraktar den nye tida, og det er godt spelt av Kyrre Eikås Ottersen.

Foto: Magnus Skrede

Einstøing

Når Riksteatret i samarbeid med Teater Vestland tek Tollak med seg rundt i landet dei kommande månadane, har dei med seg ei historie dei veit kan treffa breitt.

Framsyninga er bygd på Tore Renberg sin kritikarroste roman frå 2020. For alle veit om ein slik Tollak, ein som ikkje vil den nye tida.

Dessutan treffer Tollak noko i vår samtid: noko som handlar om å berga seg sjølv, klara seg sjølv. Jobba hardt, vera fri, ikkje vera avhengig av andre.

Renberg smett innom eit manns­ideal som kan hende har forsterka seg sidan boka kom ut: han som skal klara alt sjølv, bera alt sjølv, som foraktar det å trenga nokon, og som ikkje trur på kompromiss.

Fra forestillingen «Tollak til Ingeborg» ved Riksteatret.

NEDSTRIPPA: Tollak, sagmuggen og treet. Ein symboltung scenografi av Milja Salovaara.

Foto: Magnus Skrede

Aleine i manesjen

Tollak er gamal, og snart skal han døy. Verda hans er lita – i teateret effektivt vist med ein liten innringa plass, ein manesje, fylt med sagmugg.

Over heng eit klede, det liknar eit tre. Det har raud stamme og lys krone. Scena er symbolmetta: Tollak si vesle verd var sagbruket som den nye tida (les: byggevareutsalet) tok frå han.

No er det berre sagflis og minne frå eit liv spekka med dårlege val som står att.

Kyrre Eikås Ottersen speler Tollak, og framsyninga heng på han i eitt og alt. Han strevar i sagmuggen, rasar og fortvilar, Ottersen ber Tollak godt. I blikk, replikkar og fysisk spel.

Ottersen viser både det rasande vonde i han og den mjuke og kjensle­vare han kunne bli i lag med kona Ingeborg (Andrine Sæther). Kontrasten er sentral, ikkje minst fordi plottet er bygd rundt ei kriminell hending.

Fra forestillingen «Tollak til Ingeborg» ved Riksteatret.

RASANDE OG ØM: Tollak er ein som ikkje vil snakka om ting, ikkje vil inn i kjenslene sine. Men han er breiddfull av dei. Han er både den rasande einstøingen og den vare, kjenslefulle. Her: Tollak (Kyrre Eikås Ottersen) i armane på si Ingeborg (Andrine Sæther).

Foto: Magnus Skrede

Meir å henta

Slik livet til Tollak er mørkt etter at Ingeborg forsvann, er scena også mørk. Lyssettinga er god: det gule, varme lyset på Ingeborg, det mørke og grå på Tollak.

Ingeborg er eit minne, ho er del av Tollak si fortetta forteljing: Sidan han snart skal døy, har han bede ungane komma, han har noko han vil seia dei.

I boka er Oddo, guten Tollak og Ingeborg tok til seg, sentral. Oddo er annleis, meistrar ikkje språk og relasjonar, dei kallar han evneveik.

Dansaren Sebastian Biong gjev eit vart fysisk språk til Oddo. Samstundes er Oddo så rein i kleda, så ordentleg, han ser ikkje ut som ein som bur i floren.

I framsyninga manglar han noko kvast, noko som gjer at ein kan tru på at han kan drepa ein hund med eit nakkeskot, slik han gjer i romanen. Oddo er sentral, men det vert ikkje synleg nok, og slutten av framsyninga verka ikkje heilt forløyst på premieren. Det er meir å henta her.

Fra forestillingen «Tollak til Ingeborg» ved Riksteatret.

KAMP: Livet har på mange vis vore ein kamp for Tollak – og for kvart slag han har tapt, har han fjerna seg frå samfunnet. Her tviheld han på sonen Oddo (Sebastian Biong), som han har tatt til seg.

Foto: Magnus Skrede

Heller ikkje forholdet til ungane er forløyst i denne framsyninga. Dei vert ikkje viktige i framsyninga, særleg synd er dette for forholdet mellom Tollak og dottera Hillevi (Malene Wadel).

Regissør Miriam Prestøy Lie lar Hillevi spele bass­gitar og synga som ein kommentar til handlinga – men djupna det fysiske scene­språket Biong og koreograf Kristin Ryg Helgebostad har jobba fram, kunne gjerne inkludert forholdet mellom far og borna òg.

Då slepp ein det statiske og litt tekst­tunge i at Hillevi og broren Jan Vidar kjem inn, leverer replikkar og går att. Dette fungerer heilt fint, men igjen: Her er meir å henta.

Ikkje ein lystig kveld

Tore Renberg har dramatisert romanen sjølv. Han legg seg tett opptil boka, kan hende kunne regien rive seg meir laus. På premieren bygde ikkje framsyninga seg godt nok opp mot nokre av høgde­punkta.

Fra forestillingen «Tollak til Ingeborg» ved Riksteatret.

DANSAREN PÅ SCENEN: Sebastian Biong sitt fysiske scenespråk i rolla som Oddo i «Tollak til Ingeborg» gjev mykje til framsyninga.

Foto: Magnus Skrede

Det viktigaste, ei sentral vedkjenning, berre sveiv liksom forbi. Det gjorde nokre av scenene litt kraftlause, sjølv om Ottersen var snar med å bygga opp intensiteten att.

Slutten var prega av hint og mørke, Oddo som henta ei fyrstikk­eske, men ingen ting som brann. Igjen: meir å henta.

Det er ikkje ein lystig kveld i teateret. Men det er intenst, tett og nært, ei godt boren bør av Ottersen.

«Tollak til Ingeborg» er ei framsyning med gode kvalitetar, om enn uforløyst i nokre av delane. Den fine og ufordragelege Tollaken til Ottersen slepp ein ikkje så lett.

Les også «Ein krimelskars våte draum»

Fra «Detektimen – en krimmusikal» på Riksteatret

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Tryllefløyta» ved Det Norske Teatret, «Kokosbananas og moromaskinen» ved Teater Ibsen, eller «En folkefiende» ved Oslo Nye Teater.