Hopp til innhold
Anmeldelse

Spennande eventyr frå samfunn på glideflukt mot det totalitære

Debutanten Maria Alnæs har skrelt bort alt unødvendig og vel så det i «Tjeneren». Romanen fungerer godt likevel.

Maria Alnæs og bokomslag til romanen "Tjeneren"

EVENTYRLEG: Maria Alnæs skriv samfunnskritikk i eventyrform. Det er eventyret som slår sterkast gjennom.

Foto: Paul Audestad / Tiden forlag
Bok

«Tjeneren»

Maria Alnæs

Skjønnlitteratur

2021

Tiden

Vi skal til kongeriket Kombrava, som opplever stadige grensetrefningar med hinguesarane. Her arbeider den ambisiøse statsminister Stolpin i det stille for å kapre makta frå den lite handlekraftige kongen som slit med tungsinn, tre døtrer og ei myndig dronning.

Det er naturlegvis den yngste prinsessa som er augestein og problem. Vi er trass alt langt inne i eventyret her, og der finst reglar for slikt. Likevel, dette er ikkje eventyr med sjumilsstøvlar eller magiske ringar; alt som skjer her, kunne skjedd. På tide å forankre historia, med dei få haldepunkta romanen gir.

Tenaren tek grep

Vi er i tida etter at T-bane og eingongsbleier blei kurante saker, men -smart nok- før mobiltelefonen, denne irriterande intrigedødaren gjorde sitt inntog (kvifor kan dei ikkje berre ringe kvarandre?). Namna peiker i ulike retningar. Dora? Orsti? Naturen hjelper heller ikkje: her er elva elv og skogen skog og ferdig med det.

Vi får slå oss til ro med at vi er i nær fortid, ein stad i Europa der det ikkje finst gode nok mekanismar for å hindre totalitære krefter i å snikinnføre diktatur.

Her arbeider den dyktige og nesten usynlege tenaren Krystof ved hoffet. Han og den yngste prinsessa har eit spesielt band.

Men så, ein vakker dag, skriv ein journalist at ho held på å få «runde former». Jenta sluttar å ete, den smålåtne tenaren viser seg å vere ein riddar, og etter det trillar det snøballar i fleire ulike retningar og veks seg store og uhandterlege.

Dette er ein spennande roman, der ein ikkje anar kva som finst bak neste sving. Derfor: ikkje eit ord meir om handlinga, men det kan røpast at harde prøvingar ventar.

Krystofs farefulle ferder ber romanen

«Tjeneren» tek opp spørsmål som skjøre demokrati, endelause grensekonfliktar og overgrep mot kvinner. Vi snakkar om saker som stadig er stoff i avisene, men her er dei altså lagt til eit ikkje-land med eventyrlege trekk.

Det inneber at dei vonde verkeleg er vonde, mens dei gode er skikkeleg gode. Små gråsoner finst, som når bra folk ved hoffet krev det urimelege av Krystof. Til sjuande og sist er det makta som rår.

Teikninga blir tydeleg. Mangelen på tilknyting til land og natur dreg i same retning. Blir det for tydeleg? Det ligg heilt på grensa. Men romanen bergar seg inn rett og slett fordi hovudpersonen Krystof blir kasta ut i ein serie av dramatiske hendingar som gjer det vanskeleg å leggje boka frå seg.

At han hamnar ut i alt dette fordi han er eit godt, men avmektig menneske i eit land der makta står over retten, kan ein saktens tenkje over. Men det som ber romanen er den gode men ikkje særleg tapre Krystofs farefulle ferder, der han møter hjelparar og fiendar om kvarandre.

«Tjeneren» er ein debut å merke seg, ikkje minst på grunn av originaliteten.

Alle bokmeldingar frå NRK finn du her.

Anbefalt vidare: