Hopp til innhold
Anmeldelse

Bravo!

Eg trur eg har sett årets beste framsyning. Allereie.

Thea Lambrechts Vaulen, Oddgeir Thune, Kyrre Hellum, Jon Bleiklie Devik og Kjersti Dalseide i Tid for glede på Det Norske Teatret
Foto: Pernille Sandberg / Det Norske Teatret
Teater

«Tid for glede»

Det Norske Teatret

2.februar 2022 - 24.mars 2022

Med «Tid for glede» stadfestar Arne Lygre kva han som dramatikar er laga av. I stykket viser han kor sterkt og sant ein kan skriva om menneska.

Skulle eg, nett no, valt meg den opplevinga som gav meg trua på at alt faktisk kjem til å bli bra, så er eg ikkje i tvil: Det er framsyninga «Tid for glede» ved Det Norske Teatret.

Kvifor? Fordi framsyninga snur spegelen mot ein sjølve og seier: Livet er stort, det er langt, du har val du kan ta, det er heile vegen mogleg å velja det som er godt og å finna det gode i det du vel.

Det er så tett på røynda som det går.

Tid for glede på Det norske teatret

I SENTRUM: Eit orgel står heile tida på scena, det lydlegg framsyninga. Musikalsk er det eit særs godt val, då orgelet er eit instrument som følgjer mange i dei store overgangane i livet. Frå venstre: Jon Bleiklie Devik, Oddgeir Thune (parykken som stikk opp), Kjersti Dalseide, Thea Lambrechts Vaulen og Peder Varkøy (på orgelkrakken.)

Foto: Pernille Sandberg / Det Norske Teatret

Under kvelvinga

Den tonen, eller moglegheita, finst i fleire av Lygre sine verk. Dei krinsar ofte rundt forsvinning, val, tilfeldige møte, løyndomar og oppbrot.

I «Tid for glede» vert karakterane, i alt dei strevar med, gjevne ei stor kvelving over seg. Det er som ein sit langt oppe og ser menneska kravla seg rundt der nede på marka. Dei er borne, elska, hata, og dei forsvinn.

Det startar med eit møte ved ei elv nedst på kyrkjegarden. Eitt møte vert til fleire, og snart har karakterane etablert band seg imellom. Situasjonar vender, lykka snur, og menneska må takla alt som hender så godt dei maktar.

Modige grep i regi, kostyme, lys og lyd gjev Lygre sin tekst dette kvelvande løftet. Karakterane er kledde i rokokko-inspirerte kostyme, musikken vert framført frå eit orgel på scena, og ei lyssøyle får fleire sentrale funksjonar, mellom anna som solkverv.

Tid for glede på Det Norske Teatret

I LYSET: Det er ei tid for alt, men heile tida ei tid for glede. Her er skodespelarane i dans og sang mens lyset og mørkret leikar seg rundt dei.

Foto: Pernille Sandberg / Det Norske Teatret
Tid for glede på Det Norske Teatret

SAMSPELTE: Det finst mange slags gleder i «Tid for glede». Frå venstre Preben Hodneland (bak), Kyrre Hellum (med mikrofon), Jon Bleiklie Devik, Ane Dahl Torp, Oddgeir Thune, Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Pernille Sandberg / Det Norske Teatret
Tid for glede på Det Norske Teatret

SPRUDLANDE: Rokokkodraktene blir ikkje verande på under heile det tre timar lange teaterstykket.

Foto: Pernille Sandberg / Det Norske Teatret

Og nett denne estetikken, det leikne i kombinasjon med kontrasten mellom svart og kvitt, frigjer noko både i karakterane og i språket.

Kostyma er herlege. Lystige parykkar, overdrivne kjoleliv, sløyfer og knestrømper har ein slåande effekt: Det er som ein kan seie kva som helst, og det gir heilt ny meining i denne ramma.

Sprudlande

Gjennom dette valet opnar regissør Johannes Holmen Dahl opp teksten på eit heilt anna vis enn han har gjort når han har sett opp Lygre før. Me var fleire kritikarar som meinte at det var meir å henta, meir å gå på i Lygre-teksten han sist sette opp ved Nationaltheatret («La deg være» i 2016).

No har han tatt dei stega.

Johannes Holmen Dahl er ein regissør som lét teksten leva og skinna, det gjeld uansett kva for framsyning han jobbar med. Men det sprudlande han finn fram til i teksten her, er noko heilt nytt, òg hjå han som regissør. Han lånar vilt frå tradisjonane, operaen, popmusikken og rokokkoen.

Resultatet er overrasking på overrasking. Og når verkemidla kling saman, som når ensemblet bryt ut i song, får også kjend og nærast gløymd 90-talspop ny meining.

Men ikkje noko av dette hadde vore mogleg utan viset skodespelarane handsamar teksten på.

Ensemblet på åtte er rett ut strålande, dei har ein dansande musikalitet i ord, språk og rørsler. Koreografien til Kristin Helgebostad er frisk og meiningsberande. Ikkje ein einaste slapp peikefinger er tilfeldig.

Og når det heile vegen opnast nye rom i menneska sitt strev for å vera i verda og leva i glede, så er det som om framsyninga stilt løftar fram kor sterkt det er å leva.

Ane Dahl Torp i Tid for glede på Det Norske Teatret

TO ROLLAR: Ane Dahl Torp som Ei enke. Ho spelar òg rollen som Ein enkemann. Bak kan ein sjå scenograf Nia Damerell sin lyssøyle, som er eit viktig element i framsyninga.

Foto: Pernille Sandberg / Det Norske Teatret
Laila Goody i Tid for glede på Det Norske Teatret

STRÅLAR: Laila Goody som Ei mor og Kjersti Dalseide som Ei dotter gjer slåande gode roller i «Tid for glede».

Foto: Pernille Sandberg / Det Norske Teatret
Kyrre Hellum i Tid for glede på Det Norske Teatret

BRO BRO BRILLE: Kyrre Hellum i rolla som Ein nabo/Ein annan nabo.

Foto: Pernille Sandberg / Det Norske Teatret

Ei tid for alt

Og når ein kokar det ned til desse tre: tru, von og kjærleik, er det trua på det store i menneska, det moglege, som renn som ein stille bekk gjennom alle val og alle utsegn.

«Du er ei fitte», seier Ei mor. Fullt av kjærleik – det som alt anna. Her er ei høgtid, noko rituelt over verkemidla: Orgelet som følgjer mange gjennom ritual i livet (bryllaup, gravferd), lyset sitt spel med mørket, og denne tida for glede.

«Eg såg at ingen ting er betre enn at mennesket finn glede i gjerningane sine», skriv Forkynnaren i jødiske og kristne heilage skrifter. «Dette er den delen det har fått. For kven lèt mennesket sjå kva som sidan skal koma

Det store i nett det: Å kvila i det som er, og å lita på at gleda finst der ein er, faldar seg ut på Det Norske Teatret nett no.

Spring til teateret!

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret. 

Alle anmeldelser og anbefalingar frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser.