Anmeldelse

Treffsikre observasjonar med snev av sosiologisk undersøking

Marit Eikemo tek samtida på kornet i «Team Tuva», der personane lengtar etter det livet andre syner fram på Facebook.

Bokomslag og portrett av Marit Eikemo og boka Team Tuva

TREFFSIKKER: Marit Eikemo leverer treffsikre, men velkjende poeng i romanen «Team Tuva».

Foto: Agnete Brun / Samlaget
Bok

«Team Tuva»

Marit Eikemo

Skjønnlitteratur

2021

Samlaget

Kor stort team trengst for å få eit nokså gjennomsnittleg samtidsmenneske til å takle livet sitt sånn nokolunde?

I tilfellet Tuva er svaret åtte profesjonelle: Presten skal få den døde mora i jorda, advokaten skal ordne med det som er av jordisk gods etter henne, snikkaren skal fikse huset og så har du dei som tek vare på kropp, sjel og konto: Legen, Tannlegen, Den personlege trenaren, Psykologen – og Rådgivaren i banken.

Sjølv om mange greier seg med eit mindre team enn dette, er vi alle avhengige av ekspertar for å få livet til å fungere. Og teamet til Tuva får ein til å tenkje over snåle sider ved samtida.

Det er alltid ein kvalitet ved bøkene til Marit Eikemo, jamvel om «Team Tuva» ikkje når opp til høgdepunkt som «Samtale ventar» og «Alt inkludert».

Huset som skal skape lykke

I romanen møter Tuva dei åtte hjelparane etter tur. Dei åtte får også sjølv eit liv, dermed rommar den ganske tynne romanen heile ni portrett.

Tuva sjølv er den einaste vi ikkje får sjå innanfrå, vi får berre replikkane hennar og tankane dei andre gjev seg om henne. Ein typisk Tuva-replikk er:

«Eg hadde heile tida trudd at dette huset skulle halde alt saman på plass for oss, men kva kan eit hus gjere?»

Eit hus er aldri berre eit hus hjå Eikemo: Det er draumen om eit liv og eit fellesskap.

Hjå Tuva kjem huset til kort: mannen er flytta ut, barna reiser langt vekk via digitale plattformer og kjellaren treng drenering.

Den fjonge Grieg-villaen ho sit med eineansvar for etter skilsmissa er i ferd med å bli ein samtidsruin.

Snikkaren tek saka, med glede.

Marit Eikemo gir ut romanen "Team Tuva" hausten 2021.

FORFATTAR: Marit Eikemo er frå Odda, men bur i Bergen.

Foto: Tine Poppe/Samlaget

Heller glade hjelparar enn sure slektningar

Tuva spelar virtuost på alle strenger og får kvar og ein i teamet til å strekke seg lenger enn dei må for henne. Dei byggjer henne opp og held henne i gang med antidepressiva, pengelån og tanntråd.

Samspelet med familie og vener er vesentleg meir komplisert. Romanen opnar med at Tuva brasar inn i samtalen broren har med presten før gravferda, der fyrer ho straks opp ein gammal søskenkrangel og openberrar heilt andre sider ved mora enn dei broren meinte det var høveleg å nemne i ei slik stund.

Mens presten går glad og inspirert frå møtet med den livlege kvinna – med eit servise frå dødsbuet, som Tuva gjev han etter at broren har gått.

Presten får også lov til å slutte romanen på ein uventa og vakker måte.

Snev av sosiologisk undersøking

Dei fleste personane i dette teamet lengtar etter eit betre og rikare liv.

Lengten driv dei mot livet andre viser fram på Facebook, mot husannonsar – gjerne romantiske oppussingsobjekt – og ikkje minst mot finn.no, der særleg gratistorget opnar for ugreie bindingar mellom ukjente.

Det enklaste er forhold der ein betaler for seg.

Eikemo byr på treffsikre observasjonar. Ho kombinerer det fåfengde og latterlege med ei overberande haldning.

Vi er i den milde satiren og det er ein grei plass å vere, særleg når lesaren er dømt til å kjenne att seg sjølv her og der, utan nødvendigvis å bli særleg stolt over det.

Når romanen likevel ikkje er blant Eikemos beste, heng det dels saman med at observasjonane er godt kjente frå tidlegare bøker av Eikemo.

Ho har skrive betre om dette før.

Dels handlar det om den kollektive forma; grepet viser fram alt personane har felles, og det er nok eit poeng her. Men med så mange kasus på få sider, får romanen eit snev av sosiologisk undersøking av middelklassens famlande liv.

Og mens vi famlar vidare etter beste evne, veit vi at vi deler skjebne med mange, og dessutan at vi må passe oss for gratistorget på finn.no. Det er absolutt noko å ta med seg.

Alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare lesing: