Hopp til innhold
Anmeldelse

Ømt om omsorgssvikt

Ein blir ikkje snill av å vere eit løvetannbarn. Men ikkje berre slem heller, viser Rita Paramalingam.

Rita Paramalingam og omslaget til Susanna, alene
Terningkast 4 Bok

«Susanna, alene»

Rita Paramalingam

Roman

3. mai 2024

Oktober Forlag

Susanna er ei ekte pappajente.

Ho er ni år og eldst, og fars favoritt av dei tre søstrene. Når far og mor kranglar, tar Susanna fars parti. Også når han ropar sint, og eigentleg er litt skummel.

Så døyr plutseleg far. Og småsøstrene.

Susanna er aleine. Sjølv om ho eigentleg har ei mor. For mor orkar ikkje.

Farmor, som Susanna aldri har kjent, må på banen. Ho gjer så godt ho kan. Men det er ikkje så lett å vere Susanna. Og kanskje ikkje så lett å vere den som prøver å hjelpe heller.

Rita Paramalingam sin andre roman viser korleis det kan kjennast å vere ung og aleine i livet. Kva skader ein kan få av å vekse opp med utrygg omsorg.

Også om ein er eit såkalla løvetannbarn – ein som ser ut til å klare seg fint.

«Susanna, alene» er ein stillfarande roman, skriven av ein forfattar som torer å la lesaren tenke sjølv. Her er mange triste episodar, men også fine glimt av håp.

Rita Paramalingam

Rita Paramalingam (f. 1993) er frå Oslo. Ho blei nominert til Vesaas debutantpris for sin første roman, «La meg bli med deg», som også handla om barn som blir utsette for omsorgssvikt. Ho er utdanna jurist, og arbeider i Ung rettshjelp.

Foto: Hilde Bjørnskau

Vaksne som svik

Det triste handlar mykje om dei mange måtane vaksne kan svikte barn på.

Skader kan oppstå gjennom vald og vonde ord. Med også ved at barnet ikkje er trygt på om den vaksne faktisk bryr seg. Er eg elska?

Susanna prøver å nærme seg mora. Roleg. Men også med aggresjon. Ho er ni år, og har mista pappaen sin. Sorga gjer ho sint. Men mora taklar ikkje situasjonen. Det er vondt å lese om.

Som her, etter ein opprivande krangel, kor Susanna ligg i senga og håpar at mor skal kome, slik at ho kan seie unnskyld og blir tilgitt:

Men mamma kom ikke. Hun lot meg hulke og gråte og skrive alene, helt til jeg sovnet. […] Nå hadde mamma gitt meg opp. Hun måtte slutte å elske meg etter dette. Det var ikke mulig å være ordentlig glad i en datter som meg, en som var utakknemlig, vanskelig, som slo, skrek, sparket og beit, det var ikke mulig å elske noe sånt.

Uklar forteljar

Rita Paramalingam skriv klokt om skam.

Om alle tinga Susanna ikkje vil at andre skal vite. Og om sinnet når dei likevel finn ut. Ho vil helst ikkje vere ein slik andre snakkar om.

Då ho kjem flyttande frå mora i Halden til farmora på Bøler, lurer barna på om det er ho som er jenta som har ein død far. Men Susanna vil ikkje bli venn med dei som spør om slikt. Ho søker seg fram til dei som sjølv har noko å skjule.

Av og til er forteljarstemma litt uklar: Ville eit barn faktisk reflektert på den måten tankane er lagt i hovudet på Susanna? Eller er det ein eldre, meir erfaren forteljar som ser tilbake, utan at dette er tydeleg nok markert i teksten?

Andre gonger er det nett Susanna sine refleksjonar som gjer «Susanna, alene», til ein fin roman.

Som då Susanna er blitt tenåring, og er vitne til at ei klassevenninne opplever noko skuffande:

Hun var lei seg, men ikke sint og heller ikke redd. Hun var rolig. Jeg forsto ikke hvordan hun klarte det.

Men Susanna lærer. Utviklar seg. Veks. I det ligg håpet i «Susanna, alene».

Original sexdebut

Ein av dei finaste, mest originale scenane i boka, er skildringa av då Susanna har sex for første gong, som tenåring.

Det originale ligg i at dette går fint. I skjønnlitteraturen generelt er det lett å finne skildringar av vonde sexdebutar. Der er mange overgrep i bøker, mykje ugreie forbunde med kroppsleg nærleik.

Slik er det ikkje for Susanna. Ho opplever tvert om noko fint saman med den berre litt eldre guten som er så tydeleg på at han likar ho:

Med ham lærte jeg at kroppen min kunne være varm, myk og åpen […] Jeg var ikke bare et skjold, noe hardt og stivt som skremte folk vekk. Jeg lurte på om han forsto hvor utrolig det var, at jeg tillot ham dette […] Han åpnet meg for omverdenen»

Seinare i boka gjer Susanna seg andre, meir kompliserte seksuelle erfaringar. Men då har ho allereie lært at nærleik finst. At ho kan opne seg.

Og at håpet finst.

Forsiktig håp

Rita Paramalingam veit godt at menneska er komplekse. Samansette.

Det finst mange som Susanna, som ber rundt på traume dei ikkje vil snakke om. Mange som skammar seg, med og utan grunn. Mange som er svikta av dei som burde ha stilt opp.

Av og til er løysinga å kutte kontakten. Ta styring. Sjølv om det er vondt.

Trass alt det triste, er «Susanna, alene» først og fremst ei empatisk påminning om at det også kan gå ganske greitt her i livet. Trass dårlege odds.

Høyr NRKs bokmeldarar diskutera både «Susanna, Alene» og fleire andre aktuelle bøker i Åpen Bok - kritikerne:

Hei!

Hausten 2023 og våren 2024 vikarierte eg som litteraturkritikar i NRK. Nokre av dei beste bøkene eg las om våren var «Amy og Isabelle» av Elizabeth Strout, «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Få også med deg Ketil Slagstad si sakprosabok om aids-epidemien i Noreg, «Det ligger i blodet».