Hopp til innhold
Anmeldelse

Kalde kvinne­studiar

Ho er skarp og morosam. Men Lena Andersson sin kjølige avstand har også sine ulemper.

bildecollage med forfatter Lena Anderson og omslaget for hennes bok "Studie i menneskelig atferd".
Foto: Gyldendal/Jan Danielsson
Terningkast 4 Bok

«Studie i menneskelig atferd»

Lena Andersson

Oversatt av Gøril Eldøen

Mai 2024

Gyldendal

Det finst ingenting nytt å oppdage om menneska.

Det slår den svenske forfattaren Lena Andersson fast på første side av si nye bok. Vi må likevel halde kunnskapen vi allereie har i live, held ho fram.

Den nye boka er hennar bidrag.

«Studie i menneskelig atferd» er ingen roman, forklarer ho, og ikkje noveller eller forteljingar heller. Det er tekstar ho vil kalle «moralitetar», altså ein slags lære­stykke som viser fram menneskas eigenskapar, slik at lesaren kan lære noko av dei.

Det er eit spanande og originalt utgangs­punkt for eit skjønn­litterært verk i 2024.

Men så er Lena Andersson også ein rimeleg original forfattar.

Lena Andersson

SVENSK STJERNE: Lena Andersson hadde eit veldig gjennombrot med dei to bøkene om elskovssjuke Ester Nilsson, som i «Rettsstridig forføyning» og «Utan personlig ansvar» sverma intenst for to «kulturmenn», blind for at dei ikkje ville ha henne. I «Sveas barn», «Datteren» og «Koryfeene» dissekerer ho det svenske Folkhemmet, altså etterkrigstidas Sverige, som ho meiner er blitt for politisk korrekt, middelmåtig og moralistisk.

Foto: Henric Lindsten / Gyldendal

Sarkastisk humor

I «Studie i menneskelig atferd» sameinar Andersson temaa frå dei to førre bok­seriane sine: Ho vil utforske kjærleik og relasjonar, i lys av problem i det svenske samfunnet.

Heile tida med medvit om kor viktig kroppen er for menneska, kanskje særs for kvinner.

Ho siterer forfattar Willy Kyrklund:

«Det er ikkje sjelen som skiller mennesket fra datamaskinen, det er kroppen».

Lena Andersson i «Studie i menneskelig atferd»

Og legg til at ho vil skildre:

«Den unikt menneskelige erfaringen av å være kropp inne i et sjelsliv»

Lena Andersson i «Studie i menneskelig atferd»

Ho gjennomfører prosjektet fint. På sitt beste svingar det av Andersson sine studiar.

Ho har ei skarp observasjons­evne, og ein endå skarpare penn. Kvinnene ho skildrar, trer ekstremt tydeleg fram som typar. Nokre er skildra med varme og humor, andre gjer seg fortente til krasse stikk.

Mykje her er morosamt. Sarkastisk.

Som her, då ein klok og fornuftig lærar får sparken fordi den sneversynte rektoren verken forstår eller oppmodar til original kritisk tenking ved den ekstremt woke skulen ho styrer:

Ikke lenge etter dette fikk [læreren] avskjed fra skolen. Hun fikk den ikke på grått papir, men sikkert på ubleket.

Lena Andersson i «Studie i menneskelig atferd»

Haha!

Eindimensjonale kvinner

Problemet med Andersson sin «Studie…» er kanskje valet av sjanger, altså «moralitetar».

På eitt plan passar sjangeren godt for Lena Andersson. Ho er ein særs ideologisk og tanke­driven forfattar, som brukar skjønn­litteraturen til å utforske idear heller enn kjensler.

På den andre sida kan det fort bli litt slitsamt å lese lærestykke etter lærestykke om den eine karikerte kvinna etter den andre.

Andersson sine poeng er ikkje så vanskelege å få tak i at figurane hadde trengt å vere fullt så eindimensjonale.

Den eine følger hjartet, noko som var rett.

Den andre skyr menn, men slit med at ingen aksepterer valet hennar. Ei er eit godt menneske med moralsk ryggrad, ei anna det rakt motsette. Ei vil helst sleppe å sjå kroppen sin. Ei anna er fiksert på låra sine.

Og så vidare.

Eigentleg bør «Studie i menneskelig atferd» kanskje lesast over tid, eitt stykke om gongen. Då rekk ein å fordøye den eine arketypen før den neste dukkar opp.

Høyr meldinga i «Åpen bok: Kritikarane»:

Kjølig avstand

Lena Andersson har ein særs karakteristisk forteljar­stemme.

Ho dyrkar ein allvitande forteljar med fullt innblikk i tankar og kjensler, som analyserer desse med kald autoritet. Det har også sine fordeler og ulemper.

Av og til er resultatet nydeleg.

Som her, då ei av kvinnene satsar på rett mann og finn kjærleik for livet:

Den typen langsomt virkende salighet og harmoni er det ikke mulig å skildre, så derfor ender deres fortelling her. Den sanne kjærligheten er stillferdig og privat, en fortløpende erfaring av slitesterk glede i hverdagen.

Lena Andersson i «Studie i menneskelig atferd»

Andre gonger kan det bli litt slitsamt med dette nærast kliniske språket, den kalde avstanden som ligg i det. Kvifor skal ein bry seg med desse kvinnene, om forteljaren knapt gjer det sjølv?

Som introduksjon til forfattar­skapen for lesarar som ikkje har lese Lena Andersson før, fungerer «Studie i menneskelig atferd» godt.

Men fans av Ester Nilsson- eller Folkhemmet-bøkene hennar, vil nok fort føle at Andersson har skrive betre, meir originale bøker før.

Lena Andresson boltra seg i konspirasjonsteoriar i sin forrige roman «Koryfeene». Den handla om drapet på Olof Palme. Høyr meir i «Åpen bok: Kritikarane»:

Hei!

Hausten 2023 og våren 2024 vikarierte eg som litteraturkritikar i NRK. Nokre av dei beste bøkene eg las om våren var «Amy og Isabelle» av Elizabeth Strout, «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Få også med deg Ketil Slagstad si sakprosabok om aids-epidemien i Noreg, «Det ligger i blodet».