Hopp til innhold
Anmeldelse

Kjærleik er brutalt

Emma Bones stel showet som uforskamma jentunge i «Stormfulle høgder».

Fra forestillingen «Stormfulle høyder» ved Riksteatret.
Foto: Jonathan Vivaas Kise
Teater

«Stormfulle høyder»

Norgesturné vår 2023

Riksteatret

Premiere 25. jan 2023

Ulikt forteljinga om Romeo og Julie er «Stormfulle høgder» ikkje berre vakker og gripande.

«Stormfulle høgder» er råskap. Forfatter Emily Brontë viser kjærleiken som brutal, ho gjev han lange skuggar, og ho fyller personane med hemnlyst, dumskap og fortviling.

Der Romeo og Julie er vakre, fagre og elskande, er Catherine og Heathcliff skitne, utolelege og brutale i si attrå.

Felles for dei to historiene er at familiane rundt dei gjer kjærleiken umogleg. Hos Shakespeare endar det i sjølvdrap. Hos Brontë i vilt raseri og skrømt som aldri slepp taket.

Som teater er det langt på veg mystisk og vilt, men det tek tid før dei får det til å svinga.

Stormfulle Høyder

PASJON PÅ PLAST: Det brenn og stormar i hjarta til Catherine (Emma Bones) og Heathcliff (Ravdeep Singh Bajwa). Dei finn tilbake til kvarandre når ho er døyande, og ho lovar å aldri sleppa han, verken død eller levande.

Foto: Jonathan Vivaas Kise

Mørk uro

Riksteatret visar no Brontë si forteljing over heile Noreg. Den omfattande romanen (som var den einaste Emily Brontë skreiv), har blitt skore ned til å handla om den umoglege kjærleiken mellom Catherine og fosterbroren Heathcliff.

Om ein les romanen frå 1847, vert ein overraska over kor hjarteløyst personane snakkar til kvarandre. Særleg om ein er fosterbarn, gjøkungen i redet.

Dei ropar og skrik, slår og kastar kvarandre i veggen. Ikkje rart Heathcliff kjenner på hemn.

Uroa i dei fæle kjenslene har regissør Rebekka Nilsson klart å ta vare på i denne teaterframsyninga.

Fra forestillingen «Stormfulle høyder» ved Riksteatret.

HEMNLYST: Heathcliff (Ravdeep Singh Bajwa) er driven av hemn, og det skuldast langt på veg fosterbroren Hindley Earnshaw (Lars August Jørgensen), bror til Catherine. Vondskapen og hemnlysta blir deira bane.

Foto: Jonathan Vivaas Kise

Utydelege skrømt

Starten av «Stormfulle høgder» legg diverre premissane uryddig. Ein for så vidt interessant rørsle- og kviskreseanse går over i Kate Bush si låt «Wuthering Heights» framført på trøorgel av Lars Henrik Aarnes.

Aarnes syng fint, det er ikkje det, men orgelet har ingen funksjon i framsyninga. Sjølv om dei syng songen om Catherine som heimsøker Heathcliff, vert ikkje dette tydeleg som del av forteljinga.

Dels fordi dei syng på engelsk, og dels fordi denne songen så å seia er einaste forklaring ein får på at Catherine heimsøker Heathcliff etter at ho er død.

Det gjer at eit av dei viktigaste premissane dinglar i lause lufta.

Fra forestillingen «Stormfulle høyder» ved Riksteatret.

KJÆRLEIK GJER BLIND: Kva gjer ein når ein trur ein vel rett, men ser at det er feil? Naive Catherine innser at det er for seint når ho vel å gifta seg med Edgar Linton. For då forsvinn Heathcliff frå ho. Det var ikkje slik ho hadde tenkt.

Foto: Jonathan Vivaas Kise

Så var det òg slik at ikkje alt var heilt på plass på premieren.

Teksten sat ikkje godt nok hjå alle skodespelarane, og lyden ruska seg til litt for ofte.

Avsky og kjærleik

Framsyninga fall fint på plass i andre del.

Då var scenografien endra til eit slags abstrakt landskapsmåleri, og her fekk Oscar Udbye sitt utmerkte lysdesign verkeleg koma til sin rett.

I første del kava karakterane rundt på dei stormfulle høgdene markert som eit slags plastdekke på golvet.

Scenen var ramma inn av lysstativ og rysja gardinkappar i plast. Plasten gjev ikkje nett ei kjensle av natur, men understrekar likevel det ville og ustyrlege i forteljinga.

Scenografien opnar opp landskapet i andre del. Eit sceneteppe som mest liknar eit abstrakt landskapsmåleri vert nydeleg lyssett av Oscar Udbye.

Fra forestillingen «Stormfulle høyder» ved Riksteatret.

STILIG SCENOGRAFI: Her: Catherine (Emma Bones) og hennar ektemake Edgard Linton (Lars Henrik Aarnes) når ho er sjuk av lengt og har kort tid att.

Foto: Jonathan Vivaas Kise

Midt i dette speler Emma Bones den mest ufyselege jentungen ein kan tenka seg.

Ho miksar det beste (verste?) frå ein sjølvoppteken realitydeltakar med brennande kjærleik og avgjerder tekne i hast.

«Ingen forstår meg!» gaular ho.

«Det er så synd på meg!»

Og vekker med det den viktige miksen av avsky og kjærleik som er Catherine sin natur.

Riktig absurd

Både tenaren Nelly (Ragnhild Tysse) og Isabella Linton (Mona Huang) gjer solide innsatsar, mellom anna for å jobba fram humoren og alt det absurde i omgjevnadene til Catherine og Heathcliff.

Ravdeep Singh Bajwa spelar ein Heathcliff med mykje innestengd mørker, men han bleiknar sett opp mot Bones.

Fra forestillingen «Stormfulle høyder» ved Riksteatret.

GØYALE GREP: Regissør Nilsson har brakt inn ei rekke fine, absurde moment, ein hest på hjul vert mellom anna nytta flittig, og stadige innslag med badminton vert sentrale.

Foto: Jonathan Vivaas Kise

Ida Wigdel sin koreografi vekker ein sår humor i alt det absurde, og Katja Ebbel lar det same klinga med i kostymedesignet:

Ein overdådig og totalt upraktisk kjole til Catherine når ho skal vera fin dame, ein absurd dress på Heathcliff når han kjem heim etter mange år vekke, ein altfor stor og feminin hatt på Catherines ektemake Edgar Linton.

Kostyme og koreografi er sentrale i karakterskapinga og historieforteljinga, og det er godt gjort her.

Barnsleg og rå

Brontë sin roman handlar om dei mørke kreftene i menneska, difor er det mykje å kjenna att.

I boka ular vinden over heiane, på scenen vert det spegla av lag med plast, tåke og ubehag. Koreografi, scenografi, lys og lyd vekker dette uforklarlege som fyller alle på Wuthering Heights.

Difor opnar framsyninga noko hjå den som ser – sjølv om ikkje alt, til dømes ikkje all teksten, verka heilt innarbeidd til premieren.

Fra forestillingen «Stormfulle høyder» ved Riksteatret.

STORMFULLT: Catherine (Emma Bones) lengtar vilt etter sin Heathcliff, som nett har rømt frå ho. Ho vil ut på heiane og leita, men er for sjuk, og tenaren Nelly (Ragnhild Tysse) held ho att.

Foto: Jonathan Vivaas Kise

I ei tid der romantiske forteljingar trendar på BookTok og det liksom er lov å lika romantiske historier igjen for dei unge, kan ein brått verta nysgjerrig på boka bak framsyninga.

Det ser eg som ein styrke.

Når Emma Bones barnsleg og rå rullar seg rundt på scena med forbanningar og sjølvmedlidande skvalder, appellerer ho til det ufordragelege i menneska.

Vi må liksom lika ho likevel, for vi veit at det einaste ho vil, er kjærleik.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret.