Hopp til innhold
Anmeldelse

Teater som den gode samtalen

Frigruppa Kepler teater byr på intimt og ærleg felles­skap rundt eit leirbål i framsyninga «Spis de rike».

Fra forestillingen «Spis de rike» av Kepler teater på Cosmopolite i Oslo.
Foto: Marlon Maley Hansen
Terningkast 4 Teater

«Spis de rike»

Kepler teater

Cosmopolite, Oslo

31. mai–8. juni

«Me må melda noko inter­sosialt teater», sa sjefen til meg. For det er jo det nye, det som alle spring til, eller alle dei unge: Det inter­sosiale.

Eigentleg er det eit omgrep for fri­grupper som lagar teater på stader der det ikkje er plass til så mange folk. Slik når dei eit anna (og yngre) publikum enn dei tradisjonelle teatergjengarane. Dei spelar i ein heim, til dømes. I eit galleri.

Eller i ein liten teatersal i kjellaren på ein gammal kino, som Kepler teater gjer for tida i Oslo.

Fabian Heidelberg Lunde med grønt lys på seg på veggen på scenen i forestillingen "Spis de rike"

VIKTIGE TEMA: Einsemd og kjærleikssorg er to viktige tema i «Spis de rike.» På veggen: Fabian Heidelberg Lunde.

Foto: Marlon Maley Hansen / Kepler teater

Framsyninga «Spis de rike» har plass til rundt 60 publikummarar, gjettar eg. Framsyninga er delvis ganske proff, delvis ganske heime­snikra regissør Arturo Scotti må fleire gongar fram for å skifta noko lys eller ordna nokre rekvisittar.

Skilnaden er stor frå då eg såg han sist på scena: som Håkon Håkonsson i Ibsen-stykket «Kongsemnene» ved Trøndelag Teater, ei framsyning som var eitt av høgdepunkta i vår for meg.

Anmeldelse av «Kongsemnene»: «Ibsen i frisk bris»

Bilde fra forestillingen «Kongsemne».

Men eg trur publikum i kjellaren på kultur­slottet Soria Moria er vel så dedikerte som teater­gjengarane i den store teatersalen i Trondheim.

For midt i alt det enkle og rufsete finn Kepler teater fram til noko som gjev meining og held publikum fast.

Ein sosial fellesskap

Denne typen framsyningar, laga for dei få i ei intim setting, skapar ein sosial fellesskap der skuldrene er låge. Der kan me ta samfunns­debatten – langt unna digitale plattformer og informasjonstrøkk.

Det er i alle fall det som hender i «Spis de rike».

Framsyninga startar med ei rekke små scener som heng meir eller mindre saman: Ei forteljing om sjølvmord og ei åleinemor som vloggar.

«Spis de rike» finn først forma si når Lars Oscar Sivertsen spelar ein gut som fortel om venn­skapane han har gjennom gaminga.

Lars Oscar Sivertsen på scenen iført kortbukse, kortermet skjorte

FYSISK: Lars Oscar Sivertsen lar forteljinga til guten bli fysisk. Og då hektar han publikum på.

Foto: Marlon Maley Hansen / Kepler teater

Etter ein litt sprikande start er det denne forteljinga som samlar framsyninga. Sivertsen insisterer på at denne nokså vanlege historia er viktig, at ho har meining, at ho betyr noko.

Han viser det gjennom å la forteljinga bli fysisk, så å seia bli ein del av rørslene hans, han får ho til å festa seg i kroppen – i dei dirrande hendene og det desperat smilande andletet. Slik får han publikum på kroken.

Skogens ro

Og så opnar det seg.

Brått er eit leirbål etablert på scenen. På bakveggen er video av ein digital skog. Og praten rundt leirbålet er open, ueinig og fri – han uttrykker ei lengt etter å snakka uforstyrra og ordentleg saman.

Eller like mykje ei lengt etter å lytta og bli lytta til.

Skuespillere sitter på scenen med bilde av en skog på veggen bak seg, som rundt et leirbål.

LEIRBÅL: Rundt leirbålet med digital skog i bakgrunnen (leirbålet er for anledninga ein lyskastar). Der ligg kjernen i «Spis de rike».

Foto: Marlon Maley Hansen / Kepler teater

Når mykje av samtalen om samfunnet vårt, kven me er og kor me skal, går føre seg i fora der ein kan skapa seg sjølv digitalt og der frontane blir steile og polariserte, kan verda verka håplaus. Men når ein sit rundt leirbålet er det håp, òg i usemja.

Det er kanskje det viktigaste Kepler teater viser med framsyninga si.

Kva som vert diskutert? Snus. Likestilling. Sjekking. Livet. Du veit, dei viktige tinga.

Varmt og smart

Derfrå og ut er det inderleg, varmt og smart teater.

Fleire ting imponerer, ikkje minst kor godt teksten sit og kor naturleg replikkane fell. Kan hende er mykje av det improvisert, men teksten ber preg av godt språkleg handverk.

Skodespelarane, utdanna frå til dømes Kunsthøgskolen i Oslo og Nord universitet, spinn seg ofte tilbake til den sutlause barndommen. Dei er i tett kontakt med denne tida som ikkje kjem att, og desse barndoms­minna gjev perspektiv til verda slik ho er for dei no.

Det resonnerer godt med publikum òg.

Eg likar dette grepet, og eg likar felles­skapen dei bygger opp gjennom desse morosame og livsnære scenene.

Thomas Stene-Johansen, Lars Oscar Sivertsen og Fabian Heidelberg Lunde, alle tre i bar overkropp

SUTLAUS BARNDOM: Frå venstre: Thomas Stene-Johansen, Lars Oscar Sivertsen og Fabian Heidelberg Lunde.

Foto: Marlon Maley Hansen / Kepler teater

Så kunne dei nok hatt bruk for ein dramaturg for stramming og fokus. Musikken er ikkje alltid like integrert som verke­middel, men det er mest i samansettinga av dei ulike scenene i framsyninga det er meir å henta for Kepler teater.

Likevel: Dei viser fram ei verd som treff det publikummet institusjons­teatera strekk seg etter. Dei som kjenner seg att i utsegna «Den digitale verda har forma meg til den ekte personen eg er i dag», sagt av han som insisterte på historia si og batt det heile saman.

Og det sjølvsagte i at dette er viktig teater dette motet, det finn ein berre hjå dei som verkeleg vil. Dei som speler for deg i dei små romma, på plassar der du kjem tett, tett på.

Desse framsyningane har noko for seg.

Så no har eg meldt inter­sosialt teater. Eg gjer det gjerne igjen.

Hei!

Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK. Les også meldingane mine av «Miss Saigon» på Folketeateret, «Lang dags ferd mot natt» ved Oslo Nye Teater, eller «Frost» ved Det Norske Teatret.