Hopp til innhold
Anmeldelse

Heimstaddikting alle kan kjenna seg igjen i

Rogaland Teater byr på oljeteater denne våren. Det bør ein få med seg.

Fra forestillingen Soga om oss på Rogaland teater
Foto: Marie von Krogh / Rogaland teater
Teater

«Soga om oss»

Rogaland teater

6. april - 17. juni 2022

Det første som hender, er at nokon legg ei tjukk lommebok i handa mi. Ho er brun, liksom i skinn, på utsida stikk ein av dei gamle hundrelappane opp, dei med bilete av Camilla Collett på.

– Kva? spør eg.

– Programmet, svarar verten lurt.

Eg opnar lommeboka. Som ikkje nett er ei lommebok, men eit sjekkhefte. Det luktar åttital lang veg, jappetid og menn i dressar.

– Ok, tenkjer eg. Så er det hit me skal.

Teaterprogram formet som sjekkhefte

KREATIVT: Teaterprogram forma som sjekkhefte.

Foto: Rogaland teater

Rosa verden

Men eg tek feil. For inne på intimscenen ved Rogaland Teater i Stavanger er veggane rosa, bygd opp av skjøre flatar i ein delikat og omsluttande farge. Kvite utestolar i plast er plasserte på scena saman med sekkar fulle av rosa papirkonfetti.

Allereie før ein einaste replikk er sagt i «Soga om oss», er framsyninga innbydande. Den lettbeinte kontrasten mellom lommeboka eg held i handa og den rosa verda eg stig inn i, gjev ei kjensle av at alt kan skje.

Fra forestillingen Soga om oss på Rogaland teater

HO MED MAGETOPP: Eline Hundstad Haugen spelar «ho med magetopp» som finn kjærleiken før alt fell i grus. Koreografien løftar rolla hennar.

Foto: Marie von Krogh / Rogaland teater

«Soga om oss» er historia om olja sin verknad på folk i Stavanger. Dramatikar Kristin Auestad Danielsen, oppvaksen utanfor Stavanger og i programmet kalla «oljeunge», har skrive eit av få teaterstykke om oljeeventyret i Noreg.

«Soga om oss» er først og fremst ei historie om når velstand møter krise – her meint som oljekrisa i 2014. I «Soga om oss» skriv Danielsen fram heilt vanlege folk som får livet endra brått.

Smarte verkemiddel

Ramma er på sett og vis eit kunstprosjekt. Ei kunstgruppe har fått midlar til å laga kunst ut av krisa. Dei filmar og intervjuar arbeidsledige ingeniørar som har jobba i olja lenge, dei vil gi nederlaget eit kunstnarisk uttrykk.

Fletta inn i dette finn ein den fortvilte kona som freistar halda fasaden, paret som ikkje lenger har pengar på kortet, paret som har pengar og som brukar dei, og folk som jobbar med anna enn olje.

Fra forestillingen Soga om oss på Rogaland teater

AVGJERANDE: Ei gåve, ei alt for stor vase, vert avgjerande for skjebnen til ei av dei to venninnene på biletet. Frå venstre: Mari Strand Ferstad og Anna Ladegaard. (Sveip for flere bilder)

Foto: Marie von Krogh / Rogaland teater
Fra forestillingen Soga om oss på Rogaland teater

FEST: Pengane sit laust når ein har dei. Ingen grunn til ikkje å festa. Frå venstre Fabian Christensen, Bhkie Male og Eline Hundstad Haugen

Foto: Marie von Krogh/Rogaland teater
Fra forestillingen Soga om oss på Rogaland teater

FIGGJO: Den arvede, gamle Figgjo-koppen er noe av det lille Veronika (Anna Ladegaard) har. Den velstående venninna (Mari Strand Ferstad) har alt, bare ikke det serviset. Verden er ikke rettferdig.

Foto: Marie von Krogh / Rogaland teater

Det er kvardagsleg og nært, og historiene vert fletta leikent og lett inn i kvarandre. Regissør Victoria Meirik har laga nok luft og rom rundt dei enkelte karakterane til at det er lett å ta inn dei ulike forteljingane.

Rytmen mellom teksten og regiarbeidet opplevast leikande, det er som om dei hentar fram nye ting hjå kvarandre. Å plassera alle karakterane i eit rosa rom sett dei på eit vis fri frå forhistoriene deira, dei er berre seg sjølv og forteljinga dei vel å dela.

Eit fint, drivande og rytmisk musikkunderlag gjer det lett å dansa, og karakterane gjer nett det – dei dansar, og måten dei dansar på, opnar for alt ein ikkje treng ord til å seia. Når ein har et slikt flettverk av historier, er slike verkemiddel smarte.

Fra forestillingen Soga om oss på Rogaland teater

TRÅTT: Eit kunstprosjekt skal vise gjennom samtidsdans korleis det er å vera del av oljekrisa og mista jobben. Det går tråare enn koreografen (Ragnhild Arnestad Mønness) hadde tenkt.

Foto: Marie von Krogh / Rogaland teater

Kunsten og livet

Det mest interessante er når samtidsdansaren (Ragnhild Arnestad Mønness) møter den arbeidsledige ingeniøren (Øystein Martinsen). Her kjem ei barriere av språk fram. Ho skal laga ein koreografi av kjenslene han har rundt krisa. Ho stiller opnande spørsmål, han svarar knappast mogleg.

Det er morosamt, men òg eit vakkert forsøk på forståing å finna i desse scenene. Det er ein slags respekt der, i teksten og i regien. Og det gjeld eigentleg for alle karakterane: Det er ingen skurkar her, heller ingen heltar. Berre vanlege folk som må finna ut av kven dei er når krisa rammar.

Fra forestillingen Soga om oss på Rogaland teater

LETT Å DANSA: Dans er et viktig verkemiddel i forestillingen. Fra venstre: Fabian Christensen, Ragnhild Arnestad Mønness og Bhkie Male. Bak: Eline Hundstad Haugen og Anna Ladegaard.

Foto: Marie von Krogh / Rogaland teater

Difor er det òg eit optimistisk stykke. Det handlar ikkje så mykje om miljøvern og klimautfordringar. Heller handlar det om ei krise gjer at ein må grava etter kva som verkeleg betyr noko. Og i dette rosa finst eit fint skrive stykke om dei heilt vanlege menneska. Heimstaddikting frå dramatikaren si side denne gongen, men ei heimstaddikting alle kan kjenna seg att i. Lun, spennande og morosam.

Tre aktuelle teaterframsyningar:

«Into the Woods», Oslo: «Intrikat kostymefest»

Fra forestillingen «Into the woods» på Det Norske Teatret.
Fra forestillingen «Into the woods» på Det Norske Teatret.

«Bør Børson jr.», Trøndelag: «Prima vare fra Brungot»

John Brungot som Bør Børson jr. på teaterscenen
John Brungot som Bør Børson jr. på teaterscenen

«Sancthansnatten», Oslo: «Den lystige Ibsen»

Skuespillerne Seda Witt og Jonas Hoff Oftebro poserer på plakaten til skuespillet «Sancthansnatten».
Skuespillerne Seda Witt og Jonas Hoff Oftebro poserer på plakaten til skuespillet «Sancthansnatten».

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Nei og atter nei» på Riksteatret, «Kokosbananas og moromaskinen» på Teater Ibsen, eller «Et glass til» på Christiania Teater.