Hopp til innhold
Anmeldelse

Henrik H. Langeland med uventa gjesterolle i eigen roman

Den feilslåtte jubileumsboka om Aker dukkar overraskande opp som romanstoff i Henrik H. Langelands roman «Showtime!».

Bokomslag "Showtime!" og Henrik Langeland

SPENNING: Vil Christian von der Hall, wonderboyen som stadig går på trynet og reiser seg att, greie å trekkje seg tilbake frå yrkeskarrieren med stil, i pakt med livsmottoet «raus, rolig og suveren»?

Foto: Ivar Kvaal / Cappelen Damm
Bok

Showtime!

Henrik H. Langeland

Roman

2020

Cappelen Damm

Som mange vil hugse, kom forfattaren ikkje heldig ut av eit samarbeid med Aker i 2018: Konsernet ville ikkje ha jubileumsboka dei hadde fått Langeland til å skrive.

Då det vart klart at Tiden forlag likevel ville gje ut boka, la Røkke & co. ut teksten digitalt veka før utgjevinga. Og som om ikkje det var nok, kunne Morgenbladets aldri kvilande Bernhard Ellefsen dokumentere at store deler av teksten var henta frå internett. Då trekte forlaget tilbake opplaget. Slag på slag.

I staden for å liste seg vidare på livsvegen i håp om at episoden skal gå i gløymeboka, køyrer Langeland han opp som eit sentralt tema i romanen «Showtime!», der vi for tredje og truleg siste gong møter finans- og næringslivsmannen Christian von der Hall. Tidlegare har Langeland sendt Hall ut på episke opp- og nedturar i romanane «Wonderboy» (2003) og «Fyrsten» (2013).

Henrik Langeland sitter foran skrivebord med laptop

TREDJE BOK: Henrik H. Langeland har skrive tredje bok om Christian von der Hall.

Foto: Ivar Kvaal / Cappelen Damm

Denne gongen er det altså Hall som fintar ut Langeland: Han får ikkje gje ut jubileumsbok.

Men kva har han her å gjere?

Det er sanneleg ikkje godt å seie om dette er ein litt barsk måte å få siste ordet på, eller ei melding om at han kan skjemte om sine sår.

I handlinga er roman-Langeland utanpåklistra, unødvendig og overdimensjonert. Ja, her må det etablerast ein ny self-made billionaire og eit nytt kjempekonsern for å lage eit parallelt univers til Røkke og Aker, der roman-Langeland kan skrive jubileumsbok utan å kome Aker for nær.

Litt moro er det rett nok at jubileumsboka heiter «Medaljens innside». Medaljar har som kjent det felles med pølser, at ein ikkje veit kva som er inni. Dessutan skreiv Dag Solstad «Medaljens forside» til eit tidlegare Aker-jubileum.

Avslutte med stil

Men uansett: Langeland og det mislykka bokprosjektet hans er vesentleg mindre interessant enn von der Halls livsprosjekt: Mannen som i «Wonderboy» surfa høgt og fall djupt på dotcom-bølgja, som følgde same kurva på ny i «Fyrsten», då i sjefsstolen på eit First House-liknande firma som bokstavleg talt flørta både til høgre og venstre i det politiske landskapet.

Henrik Langeland sitter med bokhyller i bakgrunnen

SJEFSSTOLEN: Henrik H. Langeland har plassert Christian von der Hall i sjefsstolen i «Showtime!».

Foto: Ivar Kvaal / Cappelen Damm

I «Showtime!» er rådgjevingsfirmaet utvida med ei fyldig eventavdeling. Hall har riper i lakken, gråstenk i håret og direktesendt show på TVNorge. Han veit at han har «peaka» og skal no berre avslutte med stil.

Det inneber å gruse Jan Fredrik Karlsen (!), ha eit eventyr med Madelen (26) utan å miste kona Tessa (som han er gift med for andre gong), nedbetale eit skummelt og svært hemmeleg lån på firmaet, selje heile stasen og få flatterande førstesideoppslag i Dagens Næringsliv. Alt dette utan at nokre småsnuskete og eigentleg temmeleg dårleg motiverte sideprosjekt skal kome opp i lyset.

Ei spennande historie om 2000-talet

I ei tid då hovudpersonar flest er outsiderar, er det forfriskande å møte Christian von der Hall: Ein handlekraftig alfahann som surfar på dei tidsriktige bølgjene, som tek snarvegar der det trengst, som lever heilt på grensa med potensielle skandalar og skumle pengeinnkrevjarar i hælane og som kvar gong kjem frå det med livet i behald.

Langeland er god til å skru saman ei spennande historie. Vi veit ikkje før på dei aller siste sidene korleis det går med dei grandiose planane om å avslutte yrkeslivet med stil.

Og «Showtime!» er først og fremst det: Ei spennande historie. Lyssky forretningar, kyniske kapitalistar, hemngjerrige forretningsfolk og patetiske eventidear flimrar forbi og skaper ei atmosfære av samtid meir enn samtidskritikk. Det er heilt fint.

Folk får lov til å utlevere seg sjølv gjennom språklege krumspring. Tidsriktig sjargong og skjulte sitat florerer, og heilt til slutt er det gjort ryddig greie for kjeldereferansar. Det er godt.

Både Christian von der Hall og Henrik H. Langeland er i mål med ein trilogi om tidleg 2000-tal som allereie er i ferd med å få eit historisk preg. Det er bra jobba.

Anbefalt vidare: