Hopp til innhold
Anmeldelse

Brutalt og vakkert språk

Bibelen møter «Game of Thrones» i den smått utrulege og sterkt bildeskapande debutromanen «Saltstøttens sønn».

Carl Henrik Berge. Omslag på boka «Saltstøttens sønn»
Foto: Kolon Forlag og Ida Gøytil
Bok

«Saltstøttens sønn»

Carl Henrik Berge

Roman

Haust 2022

Kolon

Med debutantar veit du aldri kva du får, og «Saltstøttens sønn» er ei historie eg verkeleg ikkje såg kome.

Carl Henrik Berge, 30 år ung journalist frå Bergen, har valt å trø i temmeleg store fotspor.

Spørsmålet blir då: Korleis kjem han ut av det? Og deretter: Kva kjem ut av det?

Uro og saltstøtter

Historia fører oss mellom ulike byar der strenge, men ikkje nødvendigvis kloke, portvaktarar bestemmer kven som får kome inn.

Nifse saker sender folk ut på vandring: Ei sky blir til ein svevande by kor lenge vil den halde seg svevande?

Det blir flaum, farleg smitte kjem innanfor portane og ja, i Jernsengens by blir folk til saltstøtter.

Bortsett frå det med saltstøttene, kunne alt dette skjedd i dag.

Men verken byar eller menneske har namn som plasserer historia i tid og rom: Vi er i «Marmorbyen» eller «Havbyen» og likeins blir folk identifisert som «smedens kone» eller «gutten».

Naturen peikar mot Midt-Austen. Kjende rekvisittar som saltstøtter og sivkorger med nyfødde barn i understrekar at vi er i eit bibelsk landskap.

Til tider byggjer språket opp under dette:

Hva skal vi gjøre om floden kommer? Bør vi søke til ­høyden?

Ingen er høyere enn den som kneler, svarte ­mannen.

Hvordan kan du, som gir bort sandalene dine til tiggere, si at kjærlighet er et rykte? spurte moren.

Dei vandrande møter folk som gir gåtefulle svar, svar som ikkje alltid ber på stor visdom, men som ofte har ein aura av visdom og mystikk over seg,

Gud i periferien

Sjølv om Bibelen byr på både brutalitet og ymse kroppslege praksisar, glir assosiasjonane av og til i retning «Game of Thrones».

Smedens kone satt naken i halmen og tok på seg selv, mens en grisunge pattet på brystvorten hennes. Brystene hennes var lange og flate og bleke.

Hånden hennes gikk inn og ut av det hårete kjønnet som om hun hadde mistet noe der inne hun forsøkte å finne igjen.

Ingen gamaltestamentleg profet byr på slike detaljar. Eit anna trekk som stadig drog tankane mine til «Game of Thrones», er religionen.

Her, som der, er han ikkje sentral for menneska.

Nokon snakkar om Guds straff, andre om gudar eller ånder, men det verkar mest som talemåtar.

Her finst verken tydelege idear om det guddomlege, eller rituelle handlingar å snakke om. Religionen er ikkje med på å forklare verken universet eller alt det som skjer.

Kva vil denne historia?

Språket er det som ber denne romanen. Det er brutalt, vakkert og uvanleg bildeskapande.

Eg ser for meg jernsenga, dei spedalske, kona til smeden, marmorbyen og vandringa gjennom slammet etter at flaumen har trekt seg tilbake. Dette er ein stor kvalitet.

Nokre få episodar sit att, som når guten baksar saltstøtta, som ein gong var far hans, opp på hesten når han skal flykte.

Men her er det mange folk på vandring, som møter ulike menneske med kryptiske meldingar og som bankar på portar for å sleppe inn i byar der svært ulike livsvilkår ventar.

Og sjølv om romanen munnar ut i ei fin avslutning på historia om guten, greier eg ikkje å finne nøklar til ei meir overordna forståing av heile historia.

«Saltstøttens sønn» er ein språkleg fest og ein særprega bildekavalkade. Få kan gjere Berge det etter.

Men romanen lèt etter seg ei vag stemning, meir enn noko som verkeleg grip tak. Det saknar eg.

Men både dei sterke og dei svakare sidene ved romanen gjer at eg er meir enn vanleg spent på neste bok.

Hør diskusjonen om boka i «Åpen bok: Kritikerne»:

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.

I lenka under får du tips til gode bøker og annan info om bøker og lesing. Bokbrevet til Siss Vik kjem kvar veke.