Anmeldelse

Rå og reflektert roman om erotisk lengt i ein skrukkete kropp

Intenst drama om Erika (65), som både vil vere seksuelt fristilt og bli omsorgsfullt tatt vare på av den einaste eine.

Bokomslag "Redd deg selv, lille hjerte" og Wencke Mühleisen

EROTIKK OG ALDRING: Romanen om Erika og erotikken er også ei historie om kva som har skjedd med måten folk lever saman på i tiåra etter den seksuelle revolusjonen på 1970-talet.

Foto: Rolf M. Aagaard / Gyldendal forlag

Det stemmer ikkje at når 68-aren blir gammal, låser ho seg inne i ekteskapet. Erika vil framleis ha det heile. Kan ho få det? Etter å ha blitt fillerista i kropp, sjel og ideologisk grunnmur, pressar eit spørsmål seg fram: «Hvem tenner på en sekstifem år gammel desperat lysten kvinne?»

Lat oss studere dette eksemplaret nærmare: Etter ei ungdomstid med seksuelt utagerande praksis tidleg på 1970-talet, blir Erika sambuar med Jan. Når Wencke Mühleisens roman «Redd deg selv, lille hjerte» opnar er dei framleis eit par, men den fysiske kjærleiken interesserer ikkje Jan lenger. Erika kjem med eit forslag:

«Skal vi fristille hverandre seksuelt?»

Det er ikkje spørsmålet som set i gang handlinga i denne romanen, det er svaret frå Jan: Han er nemleg slett ikkje seksuelt passiv; han har seg med den 15 år yngre Marie Dåsevik (!) og slik har det vore i årevis.

Svik og svik

Der og då eksploderer heile eksistensen til Erika. Smellet virvlar opp ei privat historie, men også erfaringar, idear og debattar frå den seksuelle revolusjonen på tidleg 70-tal og fram til i dag: Det private er politisk, kvinner eig sin eigen kropp og sin eigen seksualitet, og det finst ufatteleg mange ulike måtar å leve saman med andre på.

Erika vil leve i forlenginga av dette. Like fullt opplever ho Jans forhold som eit svik, fordi han har gjort det bak ryggen hennar. Jan minner henne på at ho sjølv gjorde nøyaktig det same for mange år sidan, og maktkampen er i gang: Kven er verst? Kven er det mest synd på?

Forfattaren let oss følgje tett på Erikas raseri, sjalusi og frykt, og over i ein meir reflekterande fase der ho vurderer korleis det går an å leve vidare med eller utan Jan.

Den eine og dei mange

Wenche Mühleisen har solid bakgrunn for å skildre dette spenningsfeltet der band til eitt menneske blir utfordra av tilknyting til fleire. Ho har vore kjønnsforskar i ei årrekkje, og før det var ho del av det berykta AAO-kollektivet i Austerrike som var bygd på felles eigedom og fri sex.

I romanen «Kanskje det ennå finnes en åpen plass i verden» skildrar ho korleis ho braut med kollektivet då ho sjølv blei mor og fekk høyre at bandet mellom foreldre og barn ikkje burde bli for sterkt.

I den romanen var det Wencke som førte ordet. I «Redd deg selv, lille hjerte» følgjer vi Erika som har ein annan biografi enn forfattaren. Men metoden frå tidlegare, meir sjølvbiografiske romanar er med på lasset: Mühleisen bruker romanen til å utforske, reflektere, prøve ut posisjonar og undersøkje kjensler og reaksjonar.

Klok og naken

No er jo historia om mannen som etter eit langt ekteskap finn seg ei yngre kvinne verdas minst originale, men Erikas reaksjonar og analysar gir romanen aktualitet for langt fleire enn Erikas 65 år gamle medsøstrer.

Det er berre ein ting som irriterer meg, og det er slutten. Plutseleg er Erika klok og avklart og framtidsalternativa er sortert. Romanen lukkar seg om seg sjølv med ei pen lita sløyfe. Dette er altså ein av dei romanane som held høgda nesten tvers gjennom. Det kan ein leve med.

«Redd deg selv, lille hjerte» er ein klok, naken, vittig og sår roman om å bli eldre og mindre attraktiv, men likevel ikkje ferdig med livet.

Anbefalt vidare: