Hopp til innhold
Anmeldelse

Det er dette oljepengane går til

Lenge undra eg kva Haugesund teater ville med framsyninga «Oljå – en musikal». Til litt ut i andre akt.

Fra musikalen Oljå
Musikal

«Oljå – en musikal»

Haugesund teater

29. september 2022 – 29. oktober 2022

Tidlegare i år var eg oppgitt over korleis norske teater ikkje klarte å ta natur- og klimakrisa inn på scena på ein måte eg kjende var truverdig.

Utspelet mitt vakte ikkje reaksjonar. Knapt nokon tok til motmæle. Og det er ikkje så rart, for klimakrisa rører i vår eigen velstand, den krev at me endrar grunnleggande vilkår. Korleis me handterer olja, til dømes.

Men dei siste månadene har olja vore sett på teaterplakaten fleire gonger. Både i Stavanger og Oslo. Også debatten rundt Prosjekt Sløseri handlar djupast sett om kva oljepengane går til.

For velstanden og løyvingane til samtidskunst kan me djupast sett takka olja for.

Ikkje sylskarpt

No er det i Haugesund dei legg det norske oljeeventyret under lupa.

«Oljå – en musikal» startar med opphavet. Skodespelarane er kledde i ballettsko og toga-liknande handkle-kreasjonar. Tematikken er maritim, og dei kunstnarlege verkemidla vert nytta godt.

Raude symjeføter, livbøyer, baderingar, badeballar og lommelykter er oppfinnsamt og effektivt i bruk gjennom heile framsyninga.

Fra musikalen Oljå

COWBOY: Cato Skimten Storengen i full sving som oljeleitande cowboy.

Foto: Haugesund teater/Dag Jenssen

Koreografien er livleg og artig, sjølv om det er trongt om plassen på scena.

Heile første del er showprega, men «Oljå» finn eigentleg aldri heilt rytmen som framsyning.

Musikalen er gjennomkomponert, tidvis svært rytmisk kompleks, og det er krevjande for ensemblet å synga nokre av partia.

Alle leverer ikkje sylskarpt vokalt. I alle fall ikkje om ein skal legga lista på Folketeateret-nivå. Men her er òg ein del fine prestasjonar.

Fra musikalen Oljå

RIKDOM: Nordmenn liker velstand og rikdom best, slår framsyninga fast.

Foto: Haugesund teater/Dag Jenssen

Smittande entusiasme

Musikalen er skrive av den svenske dramatikaren Klas Abrahamsson med musikk av Anders Brunvær Hauge. Abrahamsson står bak suksessar som «Evig ung», «Min venn fascisten» og «Arbeiderpartiet – the musical».

Tidlegare teatersjef ved Teater Ibsen, Thomas Bye, har initiert fleire av desse framsyningane. No er han mellom teatersjefsjobbar og står på scena som skodespelar.

Eg mistenker at han dei seinare åra har klødd etter å få vera med på desse musikalane sjølv. I alle fall visar han smittande entusiasme gjennom heile framsyninga i Haugesund.

Fra musikalen Oljå

FOR SEINT: I den gamle boka finn dei åtvaringar mot fri oljeflyt. Men dei finn det for seint. Frå venstre: Thomas Bye, Cato Skimten Storengen, Marianne Hetland og Henrik Bjelland.

Foto: Haugesund teater/Dag Jenssen

Den som held første del saman er Henrik Bjelland. Mest av alt fordi han nyttar kvar moglege stund til å henta ut humoren i teksten, melodien og mimikken.

Første del er morosam, men ikkje heilt på plass.

Så skjer det noko.

Ei av dei første strofene som vert sunge i del to går slik:

Det er ganske godt å være rik
Og det passer så bra med den som jeg er
Jeg er født til å være en slik

Den norske arrogansen, apatien, vilja til å sjå vekk frå skadane olja gjer – kall det gjerne godheitstyranni – finst over alt i andre akt.

Olja manifesterer seg som ei svartkledd gudinne med glitrande oljeplattform-krone, og nordmenn kastar seg for hennar føter.

Fra musikalen Oljå

OLJEGUD: Skode­spelarane med ballerinasko. Bak sit oljeguden (Ane Skumsvoll).

Foto: Haugesund teater/Dag Jenssen

I og for seg er ikkje dette religiøse biletet så spanande, men gudinna har ein plan: Ei syndflod. Utsletting av verda. Nok er nok.

Men nordmenn er så gode. Dei får koma opp i arken. Verda rundt kan segla sin kos, men Noreg vil redda seg sjølv.

For kva anna har me å lita på enn olja? I dette ligg sylskarp, rammande satire:

Hvis vi sier stopp
Da trapper jo bare
De andre opp
Og de andre er dårligere enn oss

Konklusjonen i stykket er glasklar:

Det er faktisk vår plikt
Å stenge kranen sist

Og dette skjer mens sabotasjar i gassrøyr gjer frykta for energimangel i Europa og ein uønskt krig stadig sterkare.

«Oljå – ein musikal» treff så godt i del to at det svir. Det gjer det lett å tilgje smårusk i framsyninga.

Les også Mener teater om klima ofte er moraliserende og påklistret – klimakunstner reagerer

Klimakunst, Acting for climate

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret.