Hopp til innhold
Anmeldelse

Kul og klok roman om migrasjon på mikronivå

Somme bøker treng berre drygt hundre sider for å opne opp eit heilt univers. I «Murat Idrissis død» er Gibraltar utsiktspunktet.

Bokomslag "Murat Idrissis død" og Tommy Wieringa

SPENNANDE KAMMERSPEL: «Murat Idrissis død» er ei skildring av den livsfarlege trafikken over Gibraltarsundet. Av fortvilte menneske og skruppellause mellommenn. Og av to unge kvinner som ikkje forstår rekkjevidda av handlingane sine. Romanen vekkjer både estetisk fryd og etisk ettertanke.

Foto: Gary Doak Photography / Gyldendal
Bok

Murat Idrissis død

Tommy Wieringa

Skjønnlitteratur

2020

Gyldendal

Dette er ei enkel historie: To unge, nederlandske kvinner med marokkanske foreldre har reist til Marokko på impuls, for å feriere og helse på slektningar. Like før returen blir dei oppfordra til å la den spinkle ungguten Murat Idriss få gøyme seg i holrommet der reservehjulet skal liggje, og slik bli med over Gibraltarsundet.

I Europa skal han få seg jobb og sende pengar tilbake til familien, som kvinnene ser kan trenge det. Kven er dei, som ikkje unner Murat sjansen foreldra deira fekk?

Tragisk utfall

Ein ivrig mellommann fyrer opp det slumrande samvitet deira. Den unge marokkanaren får bli med.

Men Murat overlever ikkje overfarten. Dei to venninnene, Thouraya og Ilham, må kvitte seg med liket. Helst på ein verdig måte, men utan at dei hamnar i klammeri med det spanske rettsvesenet – kven veit om dei risikerer straff for menneskesmuglinga? Dessutan er dei blakke.

Her snakkar vi om eit problem med praktiske, etiske, juridiske og økonomiske sider. Og i Marokko sit familien og håpar på at Murat skal berge dei, mens mellommannen lever godt på sparepengane deira.

Ny og positiv forfattarkjennskap

Den nederlandske forfattaren Tommy Wieringa er ukjent for meg, men han viser seg å ha ei lang merittliste, og er heilt klart ein kunstnar som greier å få fram eit nyansert bilde med små riss.

Først tek han seg tid til å skildre Gibraltarsundet gjennom millionar av år, frå det vart danna og til det no er eit havstykke migrantar og flyktningar prøver å forsere, med livet som innsats.

Dei to kvinnene står også tydeleg fram for oss: Thouraya som forakta far sin. Han trudde han kunne bestemme over henne, sjølv om han er analfabet og nedst på rangstigen i Nederland.

Ilham som hata den strenge kontrollen heime. I Marokko ser ho det slitet ho sjølv slepp å oppleve fordi foreldra hennar drog til Europa og gav henne eit heilt anna liv. Det einaste dei ønskte i retur var ei lydig dotter ...

Spennande kammerspel

Turen til Marokko er ei slik type reise som ein vender tilbake frå med nye innsikter. Men så er det Murat.

For trass i små, men treffsikre riss av livet til to generasjonar som lever livet i spennet mellom Marokko og Nederland, er forfattaren aldri langt unna hovudsporet:

Kva har dei gjort? Og kva skal dei gjere no? Turen endrar livet deira på heilt andre måtar enn dei hadde tenkt inntil dagen før returen til Nederland.

«Murat Idrissis død» er eit spennande kammerspel med to levande og ein død i bil gjennom Europa.

Det er også ei skildring av den livsfarlege trafikken over Gibraltarsundet. Av fortvilte menneske og skruppellause mellommenn. Og av to unge kvinner som ikkje forstår rekkjevidda av handlingane sine.

«Murat Idrissis død» vekkjer både estetisk fryd og etisk ettertanke.

Anbefalt vidare lesing: