Hopp til innhold
Anmeldelse

Solid showpakke med bokormstempel

Musikalen «Matilda» er eit fantastisk koreografert show med dyktige artistar. Tru kva som hadde hendt om dei fekk spela den ut i ein meir norsk kvardag?

Fra «Matilda» på Folketeateret
Foto: Scenekvelder
Musikal

«Matilda»

Folketeateret, Oslo

10. september 2022–15. januar 2023

Roald Dahl er forfattaren som, betre enn nokon annan, kombinerer grøss og galskap med klokkartru på moglegheitene eitkvart barn ber i seg.

Dei dumme hjå Dahl er dei vaksne, og nokre gonger er dei så dumme at barna må gjere alskens speloppar for å bli kvitt eit tilvære som ber preg av omsorgssvikt og undertrykking. Det er inga tvil: Roald Dahl heiar på barnet.

«Matilda» er forteljinga om det smarte barnet fødd inn i ein familie der kunnskap ikkje er noko verdt. På skulen herjar den frykta rektoren Miss Trunchbull. Matilda er ikkje eit elska barn, men eit smart eit.

Og hos Roald Dahl vinn barnet over dei grufulle vaksne – gjerne med hjelp frå magiske evner. Slik er det her òg.

Historia Dahl skreiv i 1988 står seg framleis, og har vorte både film og musikal. Og no altså på Folketeateret i Oslo.

Fra «Matilda» på Folketeateret

TRE MATILDA: Tre skodespelarar veksler på rolla som Matilda. Her er Agnes Sulejewski Bjerck i scene saman med Haddy Njie, som spelar Miss Phelps.

Fra «Matilda» på Folketeateret

TRE MATILDA: Henny Stålhand Arnø spelar også tittelrolla.

Fra «Mathilda» på Folketeateret

TRE MATILDA: Det same gjer Othilie Loftesnes Gilbrant.

Fascinerande ordleik

Publikum vert møtt av ein spanande scenografi. Lag på lag med Scrabble-brikker rammar inn bokhyller frå golv til tak. Slik kan ein sitja og leita etter bokstavar og forma ord – det er ei fin og smart løysing.

Produksjonsselskapet Scenekvelder har gjort eit solid arbeid med å finna barn som syng godt, dansar bra og i det heile trivst på scena.

Hovudrolla som Matilda (då eg såg framsyninga vart ho spelt av Agnes Sulejewski Bjerck) er imponerande, rett og slett. Med livleg energi, ei god stemme og stålkontroll på koreografien har ho publikum med seg heile vegen.

Så er det òg fint å sjå talenta som finn sin plass på den norske musikalscena. Som eksemplar: Maren Ovidia som Miss Honey og Sigurd Vespestad Marthinussen som mellom anna lege og sirkusartist er båe gode representantar for eit stødig ensemble.

Høg showfaktor

Koreografien er spanande, og «Matilda» er full av overraskingar. Fint koreograferte nummer gir høg showfaktor. Scena der dei hentar fram huskar, er leiken og fin.

Fra «Matilda» på Folketeateret

ORDSPEL: Scenografien i «Matilda» består av lag på lag med Scrabble-brikker, som rammar inn bokhyller frå golv til tak.

Foto: Scenekvelder

Regissør Ewan Jones har ei lang karriere bak seg som koreograf. Det nyt framsyninga godt av.

Jones verkar rett nok å ha meir erfaring som koreograf enn som regissør. Jones har gjennomgåande valt å karikera alle dei slemme vaksne. Heilt ok i forhold til historia, men på scena er det meir spanande for historia med litt meir dynamiske karakterar.

Siren Jørgensen som mora til Matilda og Fridtjof Såheim som far er svært dyktige skodespelarar. Jones kunne gjerne latt dei sleppa det eindimensjonale og få falda karakteren meir ut.

Det same gjeld Robert Stoltenberg som Miss Trunchbull, som vert mindre og mindre farleg fordi figuren endrar seg lite – her kunne vore meir variasjon og dynamikk i stemmebruk, mellom anna.

Fra «Matilda» på Folketeateret

FAR OG MOR: Etablerte skodespelarar som Siren Jørgensen speler mora til Matilda og Fridtjof Såheim speler faren.

Foto: Scenekvelder

Gammaldags skule

Ein annan ting Jones òg kunne vore utfordra på, er kvardagen til barn og unge.

Barn i Noreg sit ikkje ved gamaldagse pultar slik dei gjer i «Matilda». Dei bruker heller ikkje skuleuniformer, og i mange klasserom finst ikkje krit-tavle lenger. Kan hende er dette element som ikkje kan endrast i framsyninga.

Men sett frå eit barn sitt perspektiv er dette ein framand skulekvardag. I alle fall i den offentlege skulen i Noreg.

Rett nok er mange barn vane med skuleuniformer frå til dømes Harry Potter-universet, så kan hende vert dei ikkje i stuss over den grå og strenge skulen. Men framsyninga er ikkje tidfesta, for far til Matilda ligg nærare 60-talet i stilen, men refererer til Kardashians i starten av andre akt.

Fra «Matilda» på Folketeateret

60-TALET: Krit-tavle, gamle pulter og skuleuniformar vitnar om ein gamaldags skulekvardag. Her er Maren Ovidia, som spelar Miss Honey.

Foto: Scenekvelder

Utfordringa blant barn og unge er den same no som då boka vart skrive: Unge les ikkje. Men fienden er ikkje lenger tv-en, det er alle dei andre skjermane.

Skal ein ta dette inn over seg i ei framsyning som denne, fjernar ein seg kan hende for mykje frå Roald Dahl. Så då vert det TV og krittavler som gjeld.

Uansett: At mor til Matilda spring rundt med ein handlepose frå butikkjeda C&A, syner at me er plasserte i Storbritannia snarare enn i Noreg. Og då kan vel ein gammaldags skule få passera òg.

Men det hadde vore gøy å sjå kva ein regissør som norske Lars Jacobsen, som mellom anna hadde regi på «Sound of Music» og «Reisen til Julestjernen» ved Folketeateret, kunne gjort med «Matilda». Jacobsen har vist seg å vera god på oppfinnsam regi og karakterbygging.

Det sagt: Showet og barna er det store ved Matilda. Og show, fart og oppfinnsam hemn frå dei sjarmerande barne­skodespelarane, det får ein i bøtter og spann.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret. 

Les også Matilda-statue konfronterer Trump

Matilda og Trump