Hopp til innhold
Anmeldelse

Veteranane skin vakrast

Ei smått vedunderleg Karoline Krüger er verdt billetten åleine til «Mamma Mia!» i Folketeateret.

Fra oppsetningen av Mamma Mia! på Folketeateret

Songen «Money, Money, Money» ghjer at musikaln skyt fart. Enseblet er svært energisk og presist i denne oppsettinga av «Mamma Mia!».

Foto: Scenekvelder AS/Fredrik Arff
Musikal

«Mamma Mia!»

Folketeateret i Oslo

26. august, 2021 til 12. februar, 2022

«Mamma Mia!» er hitmusikalen som er elska av ei heil verd, både som film og sceneshow. Tolv år er gått sidan Folketeateret markerte seg med nett denne musikalen som det første store showet etter Operaen flytta ut og til Bjørvika.

Det sette ein standard og har gjort Folketeateret til ein sentral aktør på musikalfeltet i Noreg. No, tolv år seinare, viser dei ABBA-hitparaden att.

Krüger-kveld

Det kan seiast med ein gong: Dette er Karoline Krüger si framsyning. I godt samspel med dei tre beundrarane hennar frå fortida og to trufaste venninner.

Dei eldste skin vakrast i 2021-versjonen av denne musikalen.

Den raude tråden er ABBA-hits som perler på ei snor. Handlinga er slik: Sophie (Ulrikke Brandstorp) bur i lag med mor si (Krüger) på ei gresk øy. Ho har aldri visst kven faren er. Men no som ho skal gifta seg med kjærasten Sky (Thomas Wesley Brasel), vil ho gjerne vita. Ho tjuvles mora si dagbok – og finn ut at det finst tre moglege fedrar. Så ho inviterer dei like godt i bryllaupet, alle tre.

Fra oppsetningen av Mamma Mia! på Folketeateret

Sam (Kåre Conradi) er ein av tre moglege fedrar til Sophie (Ulrikke Brandstorp). Conradi gjer ein særs god rolle som ein angrande, tvilande og forelska Sam

Fra oppsetningen av Mamma Mia! på Folketeateret

Ulrikke Brandstorp gjer ein god hovudrolledebut i «Mamma Mia!».

Foto: Scenekvelder/Fredrik Arff
Fra oppsetningen av Mamma Mia! på Folketeateret

Det vert bryllaup, men ikkje nett som planlagd i hitmusikalen «Mamma Mia!».

Foto: Scenekvelder/Fredrik Arff

Energi

Det er eit svært presist, energisk og aldri kvilande ensemble som fyller scena på Folketeateret. Sophie og Sky sine vennegjengar held oppe eit solid trykk, og dei koreograferte partia er fingerspiss-presise. Det er gøy, og det gjev fart. Likevel opplever eg at dette energiske happy go lucky-preget ikkje er til fordel for karakterutviklinga verken til Sophie eller Sky.

Ulrikke Brandstorp gjer ein fin hovudrolledebut. I «Sound of Music» ved Folketeateret for nokre år sidan gjorde ho eit solid inntrykk som den eldste av von Trapp-barna, og det er ingen tvil om at ho kan bli eit trumfkort på musikalscena. Eg saknar like fullt eit større repertoar i rørslene når ho står åleine, ho kan godt ta større plass nokre stader. Sophie-rolla er utløysande for handlinga, men bleiknar litt etter kvart, der tek mor hennar over.

Sophie får heller ikkje så mykje hjelp frå Sky-rolla. Regien gjer at historieutviklinga deira ikkje får ta nok plass. Når dei to når eit slags nullpunkt rett før bryllaupet, vert ikkje den spaninga som kunne vore der skapt.

Fra oppsetningen av Mamma Mia! på Folketeateret i Oslo, 2021.

Dansenumra i «Mamma Mia» er ein fryd. Rett og slett.

Foto: Fredrik Arff/Scenekvelder

Driv, dynamikk og timing

Framfor alt er det musikken som ber denne musikalen. Framsyninga er gjennomsyra av godt driv i alle nummera, artig koreografi både i store ensemblescener og ned til minste detalj i dei meir intime scenene.

Stødige songarar som Brandstorp, Krüger, Kåre Conradi og Siren Jørgensen skapar god dynamikk i dei musikalske nummera.

Og samspelet mellom Krügers Donna og venninnene hennar (Jørgensen og Siw Anita Andersen), er i nokre scener rett herleg. Dei utfyller kvarandre godt – Krüger med vedunderleg utstråling og måten ho eig rolla si på, Jørgensen med frekk snert og variert spel, Andersen med herleg komisk timing.

Historieutvikling er naudsynt, og truverd og djupne i karakterane essensielt. Det får ein hjå desse tre. Hjå beundrarane òg: Kåre Conradi, som dei seinare åra har gjeve stemme til mang ein vond skurk i ulike teiknefilmar, hentar fram både det slu og det vare i Sam-karakteren, han som framleis elskar Donna. Gimle balanserer godt i rolla som Bill, og med svært god timing. Det har alt å seia i denne framsyninga. I eit energisk artistensemble er atterhald ein kunst, ein godt plassert kontrast som vert henta ut i nett dei rette augneblinkane.

Fra oppsetningen av Mamma Mia! på Folketeateret

Historia i «Mamma Mia!» er syltynn, men musikken er elska over heile kloden. Ein veit kva ein får - og det var nett det publikum under premieren ville ha.

Foto: Scenekvelder/Fredrik Arff

Dronninga

Starten lugga litt på premieren. Men frå «Money, Money, Money» fall det på plass. Her er koreografien sanseleg og spennande. Den kling i samtida, koreografien hentar på eit vis inn verda utanfor: Menneske som strekk hendene ut for hjelp, kampen for overleving. Den scena tok inn verda, om enn berre ein kort augneblink. Det har likevel ein verdi, for det er ei scene som vert større enn seg sjølv.

Så kjem dei rullande, den eine ABBA-slageren etter den andre.

Men det er Karoline Krüger sin store kveld. Ikkje uventa er «Vinneren tar alt» høgdepunktet hennar i framsyninga, der syng og spelar ho fletta av Kåre Conradi.

Den gode framføringa skapar naudsynt tyngd til vendepunktet denne songen er i framsyninga.

Slik er det i «Mamma Mia!»: Vinnaren tar alt. Den syngjande, dansande dronninga på Folketeateret denne hausten heiter Karoline Krüger.

Endringslogg 28. august, 2021: I en tidligere versjon av anmeldelsen stod det at Scenekvelder AS produserte forestillingen som hadde premiere i 2009. Det riktige er den svenske sceneprodusenten Blixten & Co.

Alle meldingar og anbefalingar finn du på NRK.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare lesing: