Hopp til innhold
Anmeldelse

Konsulenten som vil tene folket

Når Vigdis Hjorth let EUs tredje postdirektiv spele ei sentral rolle i den nyaste romanen sin, frir ho ikkje akkurat til publikum. Men det viser seg at dette direktivet har dramatisk potensiale, trass i det usexy førsteinntrykket.

Vigdis Hjorth

Vigdis Hjorths nye roman, «Leve Posthornet!», handler om kommunikasjonsrådgiveren Ellinor.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix
Bok

«Leve Posthornet!»

Vigdis Hjort

Skjønnlitteratur

2012

Cappelen Damm

Eg seier det som det er: EUs tredje postdirektiv er ikkje ofte i tankane mine, og om det skulle kome dit via ein avisartikkel eller ei dagsnyttmelding, så glir det fort ut att.

Postdirektiv har ikkje det som skal til for å tenne interesse og engasjement og kjensler. Ein forfattar som skriv ei bok, ja ein roman om EUs tredje postdirektiv må anten ha stor litterær sjølvtillit eller ein veldig god ide. Helst begge deler.

Konsulentens inautentiske liv

Vigdis Hjorths "Leve posthornet!"
Foto: Cappelen Damm

I Vigdis Hjorths nye roman hamnar postdirektivet på Kraft-Koms bord. Kraft-Kom er eit middels vellykka konsulentfirma, etablert av tre tidlegare kollegaer i Romerikes blad, og når ein av dei tre stikk av blir det Ellinor som får ansvaret for å gje strategiske råd til fagforeininga for tilsette i posten. Ellinor er den typen som stadig er på farten men aldri på plass. Ho gløymer kvar kjærasten jobbar, ho gløymer at han har barn, ho gløymer at det er julaftan. Når det viser seg at kollegaen som stakk av tok livet av seg, føler ho ikkje det ho synst ho burde føle.

Alle hendingar, alle tankar fører tilbake til henne sjølv og hennar eigne tilkortkomingar. Ho er ein narsissist av det negative slaget. Ein typisk representant for dei moderne mellomlaga slik dei gjerne framstår i litteraturen: fri, retningslaus, med ei diffus kjensle av at noko må vere gale og eit like diffust dårleg samvet.

Ellinors draumar

Møtet med dei posttilsette blir brutalt. Dei har ei sak, dei har ei ektefølt frykt for levebrødet, dei har eit språk å uttrykke dette i. Ellinors konsulentknep visnar som peonar etter frostnettene i møte med postfolket. Dei gamle kommunikasjonsarbeidarane har litt av kvart å lære dei nye, og Ellinor lærer og Ellinor drøymer og Ellinor vaknar.

Bak historia om konsulenten og postmennene dukkar Arild Asnes fram, først som ein skugge, så heilt tydeleg, til slutt dansar han ivrig og ropar at han er der. Asnes var den frie intellektuelle som AKP (m-l) skjenka retning og språk i romanen til Dag Solstad for ein generasjon sidan.

Å finne og gløyme seg sjølv i møte med arbeidarklassen

Vår tids Asnes er ei kvinne som sel kva idear som helst etter oppdrag. I møte med arbeidarklassen ser ho verdien av felles kamp mot forverringa via fagforeininga. I møte med arbeidarklassen får ho eit språk, som kan formulere sanningar om det verkelege livet, fjernt frå standardformuleringane i powepointhelvetet.

Lesaren lærer at EUs postdirektiv er nok eit døme på ei utvikling det er grunn til å stille spørsmål ved. Det er ikkje subtilt, det er ikkje ironisk, i alle fall ikkje berre, men det er interessant, den retningslause romanfiguren som vi kjenner så godt frå før går ikkje under i Vigdis Hjorths nye roman. Men kvar vegen går herifrå for Ellinor vil eg gjerne vite, finst det eit liv for henne etter postdirektivet?

Kulturnytt, 15.10.2012