Bjørnen er sentral når Kvääniteatteri viser fram kva kvensk dans kan vera.
I fleire år har dansar, koreograf og skodespelar Astrid Serine Hoel undersøkt kva kvensk dans er og kan vera.
Det tok ho langt tilbake i tid, til 1600-talet og endå før det.
Bjørnen har hatt ei viktig rolle i kvensk kultur, han var ein heilag skapnad som batt menneske og natur saman.
Bjørnedansen var difor ein rituell dans, og truleg den eldste forma for dans på Nordkalotten.
TRADISJONSRIKT: Tradisjonell dans, som polka-variasjonar, har ein viktig plass i framsyninga. I midten musikarane Anne Margaret Nilsen, Tov Ramstad og Trygve Beddari.
Foto: Steve NilsenMen framsyninga vil òg visa kva bjørnedans kan vera i dag. Det gjer ho mellom anna med å nytta streetdance og samtidsdans. Eit grep som fungerer godt fordi det får fram ulike dimensjonar og kulturar i dansen.
Naudsynt løft
Det startar med lyden av kantele, det finske nasjonalinstrumentet som mange kvener/norskfinner har spelt oppgjennom.
Det er sagt at kantelen tidelgare hadde ein naturleg plass i svært mange heimar i Finnmark og Nord-Troms.
At Kvääniteatteri startar si kvenske danseframsyning med stemningsfullt kantele-spel medan utøvarane står i flokk og voggar i takt, som på utkikk, passar bra med prosjektet til Astrid Serine Hoel: å leita etter den kvenske dansen.
VIKTIG REKVISITT: Stokkane var viktige i den tradisjonelle bjørnedansen, og vert sentrale rekvisittar i «Karhutanssi».
Foto: Steve NilsenPå scena ligg stokkar i ein ring, ein rekvisitt som vert smart brukt i framsyninga.
Ikkje berre peikar stokkane tilbake på bjørnen (stokkar vart nytta i bjørnedans) men stokkar kan ein òg slåst med, bygga med, stenga med og bera med. Vekslinga mellom ulike stilartar og uttrykk, frå imponerande electric boogie-inspirerte soloar til meir tradisjonell polka, er gjennomtenkt og variert.
På sitt beste er «Karhutanssi» eit tverrdanserisk løft.
Det gir meining å undersøka kultur og identitet nett gjennom dansen. Ikkje berre meining, det verkar vera naudsynt, og dette insisterande kommuniserer godt med publikum.
Banda mellom musikarar og dansarar er tette, og samarbeidet er fruktbart.
Som når dansar Nora Svenning og cellist Tov Ramstad gjer ein intens duo der musikk og rørsler styrer kvarandre.
EFFEKTIVT GREP: Bruken av stokkar skapar poetiske og sterke bilete i «Karhutanssi».
Foto: Steve NilsenVil for mykje
Det vert gjort eit stort arbeid med å henta fram den kvenske kulturen og mellom anna få fleire til å læra seg språket.
Då M. Seppola-Simonsen fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris tidlegare i år, var det med ei bok som sette ord på den kvenske erfaringa.
Framsyninga «Karhutanssi» vil òg løfta fram det kvenske språket – saman med historiene til dansarane.
Og det vert for mykje på ein knapp time.
Når tekstpassasjane i tillegg kjem på voiceover og er svært varierande med tanke på handsaminga av teksten som vert fortalt, er dei meir forstyrrande enn givande.
MIKS: Samtidsdans møter tradisjonsdans. Her ved Astrid Serine Hoel og Sathieshnaa Sivamohan.
Foto: Steve NilsenNokre unnatak finst – ei passasje der dei kviskrande øver seg på kvenske ord, er fin.
Dansarane sine forteljingar om utanforskap og om kva dansen gir dei, fungerer i seg sjølv – men det vert rart når dansarane sine replikkar er innspelte frå før, samstundes som det meste anna i framsyninga vert framført live.
Ikkje minst gjeld dette innsatsen til dei strålande musikarane.
Ikkje berre spelar dei kantele, dei byr òg på fascinerande overtonesong.
LEVERER VARENE: Anne Margaret Nilsen, Tov Ramstad og Trygve Beddari er komponistar og musikarar i framsyninga. Det musikalske er solid og gjennomarbeidd.
Foto: Steve NilsenFruktbar og kraftfull
Møtet mellom tradisjonsmateriale, streetdance, samtidsdans og dansarar med ulik bakgrunn er fruktbart i «Karhutanssi».
Difor lyt Kvääniteatteri stola på krafta hjå dansen i seg sjølv.
Der framsyninga verkar uferdig eller urytmisk, er i dei passasjane der tekst kjem inn, eller i dei brå skifta mellom ulike episodar i stykket.
DET BER: Astrid Serine Hoel og teamet bak «Karhutanssi» lukkast i å finna ein eigen veg inn i den kvenske dansen.
Foto: Steve NilsenPå sitt beste er denne nyvunne bjørnedansen kraftfull, sterk, søkande og nyskapande, og han er med på å seia noko om kva Noreg er i dag.
Det er ingen tvil om at den kvenske dansen er i ferd med å finna att bjørnen i seg.
Endringslogg 27.06.23: En setning er endret for å presisere bruken av innspilt og fremført musikk under forestillingen.
Hei!
Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK som frilans. Les også meldingane mine av «Miss Saigon» på Folketeateret, «En julefortelling» på Nationaltheatret, eller «Frost» ved Det Norske Teatret.