Nokre hundre meter frå racerbåtane i Arendal Water Festival ligg Kulturkjerka. Eit slitent bygg som nett no rommar Agder Nye Teater si oppsetting av Jon Fosse-stykket «Jeg er vinden».
Om du lurte: Du leste rett. Jon Fosse på bokmål. Meir om det seinare.
Årets kulaste sceneteppe
Agder Nye Teater har utmerka seg med uredde, nytenkande framsyningar.
Noko av det første dei gjorde, var å setta opp «Mor og barn» av Fosse, eit hjarteskjerande stykke om ein vaksen mann som oppsøker mor si, han vil vita kvifor ho forlèt han då han var liten.
Stykket vart spelt i ein nedlagt (men ikkje tømt) barnevognbutikk, og publikum sat på utsida og fekk replikkane gjennom øyreklokker.
Øyreklokkene er med til Kulturkjerka òg. Akustikken i rommet gjer at det er lurt, men sjølv då kan teksten til tider vera vanskeleg å få med seg.
Frå der eg sit på galleriet ser eg ned på det som må vera årets kulaste sceneteppe – eit måleri som fyller heile scenegolvet.
Ein ser verda frå eit fugleperspektiv, og scenograf Amale Larsen har måla ein heim med ulike rom: bad, stove, soverom. Bordet er dekt med ein stor, måla duk, smart gjort med eit nytt lag lerret lagt oppå det store måleriet – nett som ein duk.
Det gjev ei målerisk stofflegheit. Det same kan ein seia om filleryene i huset, også dei måla på eigne lerret med sirleg knytte frynsar.
På toppen av alt dette: tallerkenar, glas, stormkjøkken, blomevasar.
Sceneteppet er nyskapande og spektakulært. Men det kjem ikkje heilt til sin rett i måten det vert brukt på i framsyninga. Det kunne fått legga premissane tydelegare enn det gjer no.
I tillegg kjem ein stor, kvit installasjon, ein slags diger ballong, svevande over scena.
Frå der eg sat tok dette fokus vekk frå skodespelarane utan at eg heilt forstod kvifor.
Fresande frigjerande
«Jeg er vinden» handlar om Den eine (Laura Spottag Fog) og Den andre (Sunniva Du Mond Nordal).
Den eine har teke livet sitt, kasta seg på sjøen, og den andre sit att med sorg og ei mengd spørsmål.
Stykket lar dei to møta kvarandre, skilet mellom draum og røynd vert viska ut. Den eine er framleis død, men Den andre får spørja, og Den eine freistar svara.
Samstundes har dei fine opplevingar i lag, dei drar ut med båten, ankrar opp, drikk og lagar seg mat.
Før Den eine set kursen rakt ut i stormen, kastar seg over bord og forsvinn og let Den andre vera att. Og Den andre, som aldri har styrt ein båt før, må koma seg heim i kaoset.
I kyrkjeskipet (som det jo passande heiter) er senga på soverommet måla som baugen på ein båt.
Jon Fosse skriv neddempa og ope, her er lite føringar i teksten, det gjev regien stor fridom.
Regissør Magnus Sparsaas brukar den fridomen til å gje Den andre stor plass. Laura Spottag Fog er roleg, bestemt, avklart når det kjem til hoppet på sjøen. Sunniva Du Mond Nordal får spela ut eit spekter av kjensler knytt til å handtera tapet.
Eg likar at den etterlate får ta plass, får rasa og ropa og fortvila, får vera valdsam når ho treng det. Slik får konsekvensane av sjølvdrapet størst plass. Ein sterk og rivande slutt stadfester dette.
Slik kjennest «Jeg er vinden» fresande frigjerande på vegner av den som står att.
Førre veke kom nyhende om høge drukningstal i Noreg. Sakar om lågare promillegrense på sjøen har vore debatterte. I tillegg er sjølvmordstala urovekkande høge i Noreg. «Jeg er vinden» rommar på eit vis alt dette. Jon Fosse og Agder Nye Teater er spot on.
Stadfestar håpet
Då Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur, fortalde han i nobelføredraget om ei uro han hadde hatt:
«Det er fleire sjølvmord i diktinga mi. Fleire enn eg likar å tenkja på. Eg har vore redd for at eg slik kan ha vore med på å legitimera sjølvmord», sa han.
Agder Nye Teater balanserer dette fint. Til dømes i lyssettinga, der det alltid er eit lys ein kan gripa til, ei fyrlykt å famla seg mot, Ingeborg Staxrud Olerud si lyssetting stadfestar håpet.
Så er det ikkje det same å høyra Fosse på bokmål som på nynorsk. Som litteratur er det heilt klart best på det opphavlege språket, men Fosse sitt teaterforlag er ope for framføringar på alle språk, som dei seier.
Det fungerer greitt her, på austlandsdialekt og dansk. Men teksten får ein annan farge. Litt som Ibsen på nynorsk.
«Jeg er vinden» er symbolsk, rasande og håpefull på same tid. Sceneteppet er vakkert, men eg sit at med kjensle av eit uutnytta potensial.
Ei sterk og frigjerande oppleving er det like fullt.
Hei!
Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK. Les også meldingane mine av «Hvem er redd for Virginia Woolf?» på Nationaltheatret, eller «Retro katt» med Carte Blanche.