Hopp til innhold
Anmeldelse

Ein haltande tango med døden

Trass i høg sjarmfaktor er «I dag jeg, i morgen du» ein roman det er lett å gløyme.

Forfattar Kjersti Annesdatter Skomsvold er ute med romanen "I dag jeg, i morgen du".

KRISER OG KOMIKK: Kjersti Annesdatter Skomsvold har evna til å balansere tunge tematikkar med eit pussig og humoristisk språk. Men denne gongen tek romanen overbalanse.

Foto: Agnete Brun/Forlaget Oktober
Bok

«I dag jeg, i morgen du»

Kjersti Annesdatter Skomsvold

Skjønnlitteratur

2020

Forlaget Oktober

Kjersti Annesdatter Skomsvold har ei sjeldan evne til å skildre sjukdom og kriser i eit språk som er gjennomsyra av humor og absurde innfall. Denne sugande tangoen mellom dødstungt og leikande lett når sitt meisterskap i romanen «Monstermennske» (2012) og ein kjenner suget også i romanen «Barnet» (2018).

«I dag jeg, i morgen du» har alt det ein god Skomsvold-roman skal ha både av tungt og lett, likevel er det noko som manglar.

I mors klør

Her møter vi den venelause Peter Venn som etter 45 år i mors klør frigjer seg, finn forklaring på dei store gåtene i livet og får seg ein kjærast, alt i løpet av mirakuløst kort tid.

Mor er eintydig forferdeleg: sjølvoppteken, manipulerande og skruppellaus invaderer ho livet til Peter og lyg han huda full. Andre i det nøye tilskorne persongalleriet kjem med den eine forløysande setninga nett der det trengst og går dessutan av bussen akkurat når Peter ønskjer at det skal skje.

Ein fabel om mor, far og død

Vi er altså på trygg avstand til realismen her, og langt inne i fabelen. Der skal ein ikkje spørje om nyansar og heller ikkje om truverdige personar eller sannsynlege handlingsforløp. Der kan fuglar vise vegen og kvinner skjenke dei manglande brikkene i livets puslespel. Der skal hovudpersonen lære noko og det skal gjerne lesaren også.

Ingenting gale med fabelen i og for seg, og heller ikkje med romanar som låner frå den katalogen. Problemet i romanen «I dag jeg, i morgen du» er at når det tunge blir enkelt og strippa for nyansar, blir romanen for lett og tek overbalanse: Det leikne språket får ikkje nok motvekt.

Død utan brodd

Dette er ein roman om å frigjere seg frå autoritetar og våge seg ut i livet. Denne livstematikken er skriven inn i ein sirkel av død som allereie finst i tittelen: «I dag jeg, i morgen du» var – i latinsk versjon – mykje brukt på gravsteinar og gravlundar i eldre tider. «Berre vent, snart ligg du her, du også», kunne det heitt i meir kvardagsleg språk.

Saman med innsikta i at vi alle skal døy, er Peter oppteken av fars mystiske død om dagen mens grufulle modermord fyller draumane hans om natta. Og rett som det er lurer han på om han skal ta livet av seg sjølv.

Tunge saker, som aldri slår ned denne lesaren. I staden vert dei mange småpussige småvisittane inn i livs- og dødsalvoret etter kvart masete.

«I dag jeg, i morgen du» er umiskjenneleg skomsvoldsk i språk og tema.

Dei som har lese bøker av henne før vil finne ting å gle seg over, men forma gjer at romanen vil stå som ei av dei mindre viktige bøkene i dette forfattarskapet.

Les også: