Hopp til innhold
Anmeldelse

Intens dødsdans kring dollar og eggstokkar

Etter eit par middels vellykka romanar er Sofi Oksanen no tilbake der ho skal vere: Blant dei aller beste.

Sofi Oksanen og bokomslag "Hundeparken"

SUVEREN: «Hundeparken» minner lesaren på kvifor det har dryssa prisar over Sofi Oksanen frå tidleg i forfattarskapen, og like eins kvifor bøkene hennar er omsett til over 40 språk: Få greier å flette saman kroppslege erfaringar og politiske tilhøve slik Sofi Oksanen gjer det når ho er på sitt beste.

Foto: Toni Härkönen / Oktober forlag
Bok

Hundeparken

Sofi Oksanen

Roman

2020

Oktober

Oksanen har eit par uhyre sterke kort når ho får det til: Ho penslar ut livet i statar som var ein del av Sovjetunionen slik at du ser det for deg og kjenner lukta.

Det luktar sure agurkar, ram sveitte frå syntetiske treningsjakker, gammal fyll, rein angst og søte draumar. Og over det heile ligg ein rå eim av storpolitikk. Det var det eine.

Det andre handlar om det politiske ved sjølve kroppen. I «Hundeparken» handlar det om surrogati og eggdonasjon, ein viktig bransje i Ukraina om ein skal tru romanen.

Det er det ikkje sikkert ein skal, men uansett får Oksanen lagt sentrale spørsmål i tida under lupa når ho plantar egget midt i Donetsk-regionen og let pengesterke, barnlause europearar gå saman med skruppellause donorbedrifter om å bruke og kaste unge, lokale kvinner som drøymer om modellkarriere og dollar.

Hjå Oksanen er kroppen, og særleg kvinnekroppen, ein berar av slektshistorier som er fletta uløyseleg fast til den store historia. Dei gamle kroppane ber arr etter fangeleirar, hat og sorg over dei døde. Dei unge kroppane er ein billett til Vesten – med litt flaks og ein neve dollar.

Suksess eller liv på botnen

Hovudpersonen, Olenka, har flaks – i alle fall i starten. Ho hamnar som modell i Paris, men går straks på ein smell når ho reklamerer for kastanjepuré på store reklameboards. Ingen vil la ein kastanjepurémodell gå på catwalken.

Neste kapittel er donorbransjen i Ukraina, der ho også har suksess. Ei stund. Til slutt møter vi henne i Helsinki, der ho lever eit ganske miserabelt liv, framleis ung av år men svært rik på dyrkjøpte erfaringar.

Det er her, i Helsinki, romanen opnar. Ein skadeskoten donor oppsøkjer henne. Eks-donoren har litt av kvart å hemne. Heile romanen er dels ein dødsdans mellom desse to, dels ei gradvis avsløring av korleis den vellykka forretningskvinna kunne falle så djupt.

Suveren porsjonering av informasjon

Vi veit altså frå starten korleis det går nesten fram til slutten. Oksanen har porsjonert ut informasjon og avslørt løyndommar langs vegen på suverent vis, og like suverent let ho aller siste kapittel i romanen sitre av spenning.

Spenning er ein sterk motor som kan drive lesarar gjennom sjølv den mest banale krimroman. Hjå Oksanen er det andre eigenskapar som dreg like sterkt: Innsideskildringa av livet i Donetsk. Den nedarva frykta for at sanninga skal kome fram, som fører Olenka inn i eit nett av løyndommar og halve sanningar. Og ikkje minst: historia om korleis det kan gå når donorbransjen får styre seg sjølv utan fungerande reglar og utanfor all kontroll.

Kort sagt: Sofi Oksanen har gått tilbake til start og skriv vesentlege, ramsalte romanar att. Velkommen tilbake!

Anbefalt vidare lesing: