Hopp til innhold
Anmeldelse

Storslått vandring i tapt paradis

Når far og son dreg til fjells i «Fjellet, geværet, vannet», blir det eit drama om slekt, arv og om å tape alt.

Portrettfoto av Lars Ramslie og bokomslag for hans nye roman.
Foto: OKTOBER FORLAG/BEZ/EXIL DESIGN
Bok

«Fjellet, geværet, vannet»

Lars Ramslie

Skjønnlitteratur

2023

Oktober

Sagt på ein annan måte: Lars Ramslie skriv opp mot sitt aller beste når han no er ute med ny roman etter sju år. Det seier ikkje lite.

Det viser seg at forfattaren her vender tilbake til starten, til «Biopsi» (1997), som han høgst fortent fekk Vesaas’ debutantpris for. Der møtte vi ein far i rullestol og ein son i tenåra som blir dregen inn i den sjølvdestruktive farens bitre livskveld.

Denne gongen går forfattaren lenger bakover i historia om ein far og ein son.

Lars Einar (9) er med faren til barndomsheimen hans, som er ein gard ved ein fjord på vestlandet, truleg i Sogn ein stad.

Ein sommarferie der eit barn skal vere saman med ein skilt far han sjeldan ser, kan vere krevjande nok. Men her er det meir som står på spel. Sjølve fundamentet slår sprekker.

Mellom debuten og «Fjellet, geværet, vannet» har Ramslie presentert oss for minneverdige personar som «Fatso», eit tokjønna siamesisk tvillingpar og ein gut som elskar bandet Kiss.

Det er eit mangfaldig, men aldri likegyldig forfattarskap vi har med å gjere.

«Fatso» «Ein forbløffande roman»

Lars Ramslie

« ... each man kills the thing he loves»

Faren i årets roman er den gåverike og rastlause i søskenflokken, som drog til sjøs som 15-åring og vende heim som verdsmann, boksar og storsjarmør. Etter at eldste broren døydde, var han den neste til å ta over garden.

Men denne karen har ein «kapasitet for vold» som gjer han direkte farleg i fylla. Han misser odel og arv, og når han no er på garden saman med sonen sin, så er det på nåde frå ein yngre bror.

Det er audmjukande. Og han får ikkje ein gong lov til å drikke.

Turen opp på fjellet er som ei falsk initiasjonsrite. Sonen skal innlemmast i, og skode ut over, det riket som er hans, men som han aldri kan få.

Det er også ei manndomsprøve av det harde slaget, og ei både vakker og brutal utprøving av bandet mellom dei to.

Lesaren sit på nåler, særleg når far blir utfordra. Som når sonen skyt best på blink. Vil alt kollapse? Vil sonen kome levande ned frå det mytiske ættefjellet?

Sidan «Biopsi» handlar om desse to i ein seinare fase av livet, så må han jo det. Men spenninga ligg og dirrar gjennom heile romanen.

Lars Ramslie i 1997

DEBUTANT: Lars Ramslie fotografert i 1997, då han vann Tarjei Vesaas' debutantpris for «Biopsi».

Foto: NTB

Kjærleiken som toler og toler

«Fjellet, geværet, vannet» er fortalt av Lars Einar. Han er både ni år og ein vaksen forfattar. Trass i at faren for lengst er død når romanen blir til, blir han ofte titulert med «du».

Her har far hamna utpå dagen før dei skal reise heim:

«… du skal sovne på flyet. Miste lommeboka et sted mellom flyplassen og jernbanestasjonen, havne i bråk, havne i omfavnelser med fulle kvinner (…). Etter å ha blitt kastet av toget fordi konduktøren nekter å ta klokka di i pant.»

Han misser den uerstattelege Kiss-samlinga til Lars Einar i same kaoset.

Den intense dialogen post mortem vitnar om ein far som tek stor plass både som levande og død.

Når far har greidd å få tak i brennevin merkar guten det på lukta, på stemmeleiet, på blikket, på kroppsspråket. Barnet blir ein meister i å tolke teikn.

Historia er fortalt med denne meisterens blikk for den talande detaljen, dei brå kasta og dei korte glimta av intens lykke.

Teksten nærmar seg og trekkjer seg fort tilbake, nærmar seg på ny frå ein litt annan vinkel, slik ein boksar nærmar seg ein konkurrent han har respekt for.

Heller enn å analysere forholdet mellom far og son i psykologiske termar, viser Ramslie det fram gjennom talande episodar og spekteret av kjensler desse vekkjer i barnet.

Dette er eit uhyre sterkt portrett av ein gåverik mann med ei sterkt utvikla evne til å øydeleggje for seg sjølv og andre.

At portrettet trass alt er så overberande og varmt, seier noko om dei grensesprengande kreftene som kan lokkast ut både av litteraturen og kjærleiken.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.

Fleire bokmeldingar av Lars Ramslie sine bøker:

«Liten fugl. Mors bok. Sangen om skogen og kornet» (2014) «Du veit aldri kva du kan vente deg»

«Uglybugly» (2004) «Et persongalleri som mangler sidestykke»

«Destroyer» (2000) «En sjelden språkfølelse»