Hopp til innhold
Anmeldelse

Maren Uthaug skildrar tabu med dødsforakt

Døden er inga hindring for kjærleiken i romanen «Ein lykkeleg slutt». Sarte sjeler kan slutte å lese her.

Bokomslag "Der finst fuglar" og Maren Uthaug

SMART, SKUMMEL, SØRGJELEG: Maren Uthaug kombinerer mange innfallsvinklar og ulike stemningar i denne uvanleg opplagte romanen om døden.

Foto: Thomas A / Samlaget
Bok

«Ein lykkeleg slutt»

Maren Uthaug

Oversatt av Ingvild Holvik

Skjønnlitteratur

2021

Samlaget

No er døden ein hyppig gjest i samtidslitteraturen, men Maren Uthaug skaper her sin heilt originale versjon der ho forsyner seg raust av mareritt, mytologiar og ritual for å sirkle inn temaet.

Gjennom sju generasjonar i gravferdsbransjen har familien Christiansen vore innom det meste i grenselandet mellom liv og død: Barnedrap, incest og nekrofili – for å nemne noko.

Det er til tider både drygt og avskyvekkjande. Omskrivingar og pynting er ikkje noko denne forfattaren driv med, det vil dei vite som las romanen «Der det finst fuglar» som kom på norsk i fjor.

Men det er ikkje heile historia: «Ein lykkeleg slutt» går også inn i det ein kan kalle «dødens kulturhistorie» og byr både på kunnskap og interessante refleksjonar. Og det altså mens auga lyser raude på den eine Christianen etter den andre når dei gir etter for driftene.

Reisande i død

Det er Nicolas som fortel slektshistoria, og han går rett på sak: «Den første gongen eg sitra i møte med kald hud, var i 1986.»

Deretter går han tilbake til den første Christian, som tidleg på 1800-talet stranda på ei stillehavsøy der han fekk i oppgåve å ta livet av nyfødde: 989 innbyggjarar var det øya kunne greier å fø på. Om grensa vart overskriden, måtte dei siste hjelpast ut av livet straks dei var komne til verda.

Ei gammal kone tok ansvar då Christian 1 kom til øya og vart nummer 990; ho rodde ut på havet og blei borte for alltid slik at det blei ein ledig plass for den blonde kjempa.

Sonen, Christian 2 tek med seg kunnskapen om overgangane mellom liv og død til København, der lagnaden kastar han i land etter mange dramatiske rundkast.

Han blir bedemann og far til Christian 3, og slik går det heilt til det brått kjem ein Nicolas som på temmeleg brutalt vis sørgjer for at denne underlege slekta fylt av einsame menneske ikkje blir ført vidare.

Større kjærleik til døde enn levande

Maren Uthaug er ikkje den som filer på dei små nyansane i personlegdomen til dei ho skriv fram: Christian 4 har rolla som ein som ser og snakkar med åndene, og det er hans trekk, mens far hans er rasjonalist og mora til nekrofile Nicolas er ein kald og kjenslelaus fisk.

Det er interessant å lese om korleis dei manøvrerer gjennom livet med dei ekstreme trekka dei har; her gjeld det å skjule seg for andre og bagatellisere, eller normalisere, overfor seg sjølv. Slike manøvrar blir ein einsam av. Familien Christiansen er ein gjeng einsame sjeler.

Det er også ein svir å bli tatt med inn i fattigkvartera i København på 1800-talet, med lus og syfilis og ein stank av kadaver og kloakk. Ein yngleplass for smitte som spreier seg vidt og sørgjer for vekst i gravferdsbransjen,

Men det er det eg kalla «dødens kulturhistorie» som gjer romanen komplett:

Når vart det slutt på å ha liket i stova i vekevis, og kva skjedde då dei profesjonelle gravferdsbyråa tok over det arbeidet nabolaget tidlegare stod for? Kvifor var fotografering av lik svært populært i ein periode og kvifor vart det slutt på det?

At vår tid har eit abstrakt og hygienisk forhold til døden er vel kjent. Her ser vi endringane steg for steg, på godt og vondt.

Gode grøss og kvite liljer

Maren Uthaug skildrar tabu med dødsforakt og fascinasjon. Ho flørtar med det populærkulturelle landskapet der dei levande støyter på vampyrar og udøde, og koplar det saman med det dagklare arbeidet for at døden skal få ei form. Eit arbeid som i vår tid handlar om å avtale kistemodellar, val av blomar og høvelege songar innanfor arbeidstida.

Romanen fiksar desse koplingane heile vegen, og resultatet er spennande, ekkelt og tankevekkjande. Ja, og lærerikt. Meir kan ein ikkje krevje.

Alle anmeldelser og anbefaleringer frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt lesing vidare: