Hopp til innhold
Anmeldelse

Gaute Heivoll på sitt aller beste

Kvifor er du ikkje lykkeleg når du har det så bra? Romanen «Drøm om de levende» leitar etter svar.

Gaute Heivoll og bokomslag "Drøm om de levende"

INTENS: Gaute Heivoll greier å skape ei intens, men lågmælt uro i denne historia om ein ung manns oppvekst like etter krigen.

Foto: Tiden forlag
Bok

«Drøm om de levende»

Gaute Heivoll

Skjønnlitteratur

2020

Tiden

Fråvær av lykke er eit påtrengande samtidsproblem, og det er gjerne knytt til skam: Når det er lite av ytre hinder for lykke, er det skammeleg å mangle evna til å gle seg over livet. Noko som i sin tur ikkje akkurat hjelper på livskvaliteten.

Gaute Heivoll tek oss med til ei anna tid: Romanen hans er lagt til den tidlege etterkrigstida då tap av meining og livsglede ikkje i same grad var framme i media og offentleg ordskifte. Det var som kjent då ein bygde landet og skapte ei betre framtid for alle.

Hovudpersonen, som skal vere inspirert av faren til forfattaren, finn ikkje eit språk som kan uttrykkje det han ber på. Han blir gåande aleine med det, i skam.

Meininga med livet

Fire år gammal har han alt på stell: Han vil vere bestevenen til den litt vidløftige faren som folk ler av. Han vil ikkje gjere noko som får mor til å grine på kjøkenet. Og han avtaler å gifte seg med Marit og få barn når han blir stor, for det er det som er meininga med det heile. Det, og så naturlegvis å ikkje synde mot Jesus og Gud.

20 år og drygt 400 sider seinare er livsmåla meir diffuse. Den unge mannen med gode evner og bølgjer i håret slit med å finne retninga. Han kan framleis ikkje snakke om det, ikkje eingong på den psykiatriske institusjonen han bur på i ein periode: Der handlar det mest om å finne den rette doseringa av antidepressiva.

Tek indre uro på stort alvor

Gaute Heivoll har tidlegare vist at han kan skildre dynamikken i små, tette samfunn: Folk veit alt om kvarandre og likevel er mykje både usagt og ukjent. Tabbar blir aldri gløymt. Alle veit kva som er innanfor og utanfor.

Likevel finst det omsorg og omtanke: Det å bli sett av dei andre har både gode og mindre gode sider. Det er ikkje bygdedyret som plagar vår mann.

Romanen er også eit tidsbilde: Her er reisegrammofonar og Asina-brus, her er husmødrer og basarar med heimelaga gevinstar.

Men først og sist er dette er historie om ein ung mann, fortalt kronologisk i tredje person eintal, vi møter altså «han» og ikkje «jeg» her. Likevel er historia tett på tanke og sinn. Det ligg ein nervestreng og dirrar under teksten frå første til siste side. Dette er ein roman som tek den indre uroa på største alvor, gjennom eit barnesinn via pubertet og til vaksen alder.

«Drøm om de levende» konkurrerer med «Før jeg brenner ned» om å vere den til no beste boka frå forfattaren. Her er Gaute Heivoll på sitt aller beste.

Anbefalt vidare: