Hopp til innhold
Anmeldelse

Knallsterk syriaroman med lik i lasta

For syriske Khalid Khalifa finst dramatikk nok til ei rekkje spenningsromanar rett utanfor døra. At han vel å tone ned dramatikken, gjer historiene endå sterkare.

Bokomslag "Døden er et slit" og Khaled Khalifa

ABSURD KVARDAG: Forfattaren Khaled Khalifa skildrar korleis noko såpass ukontroversielt som det å gravleggje far sin vert eit absurd, grotesk og etterkvart livsfårleg prosjekt når det er krig.

Foto: Yamam Al Shaar / Pax
Bok

Døden er et slit

Khaled Khalifa

Roman

2020

Pax

Khaled Khalifa kallar seg ein stabeis: Han blir buande i Syria, eit land mange av kollegaene hans har reist frå for lengst. Bøkene hans er rå, usentimentale og ikkje minst svært tett på kvardagslivet til folk som blir utsett for store prøvingar berre fordi dei bur der dei bur.

Khalifas bøker er kontroversielle i heimlandet: Boikotta og dels forbodne av styresmaktene, men feira i andre krinsar. Dette er lett å forstå, om ein les dei to bøkene som til no er komne på norsk.

Syria som slektshistorie og kammerspel

I fjor kom «Ingen kniver på kjøkkenet i denne byen» der han følgjer ein storfamilie gjennom fleire år, fram til 2005. At hardstyret han skildrar der blir til eit opprør få år etter, bør ikkje overraske nokon.

Årets bok på norsk heiter «Døden er et slit». Her er vi midt i borgarkrigen, i noko som kan kallast eit kammerspel: Scenen er ein folkevognbuss.

Tre søsken skal køyre den døde faren til heimbyen hans:

Han vil gravleggjast ved sida av søster si, ho som kleiv opp på taket på bryllaupsdagen og sette fyr på seg sjølv.

Ho som bad han om hjelp så ho skulle sleppe å gifte seg med ein mann ho ikkje elska. Han som ikkje torde hjelpe henne, men som no vil søkje forsoning etter døden.

Krigen stel tida til folk

Normalt skal det vere ei grei dagsreise mellom Damaskus og heimbyen til far, men no har konkurrerande militsar sett opp kontrollpostar der dei utøver makt med hard hand.

Regjeringsstyrkane køyrer byråkratiske finter: Faren står nemleg framleis som levande i folkeregisteret. Ekstremistane med svarte flagg og utanlandsk aksent testar om dei tre levande er ekte muslimar.

Atter andre har gløymt heile poenget, men utøver makt ved å trenere all trafikk. Landet er i oppløysing, familien i den skranglete minibussen er i oppløysing; den døde faren i ubehageleg konkret forstand.

Kven er desse søskena som set livet på spel for ein død far, mens lika ligg strødd i grøftekanten? Kven ville dei ha vore om dei hadde kasta far til villhundane når problema tårna seg opp?

Viktig, vittig, svart

Denne stadig meir absurde, groteske og livsfarlege reisa er ei konkret skildring av ein biltur gjennom eit nedbomba landskap, og Khalifa veit kva han skriv om.

Men som alle gode romanar er «Døden er et slit» ei historie som utvidar seg. Ho handlar om fire individ som slit med kvar sine greier, som manglande mot: Ikkje berre i krig, men også i kjærleik. Dessutan ein hang til passivt dagdrøymeri. Søskensjalusi. Kort sagt: livet, og der kan fleire enn dei tre søskena ha lik i lasta.

Eg lurer heile tida på kva som skjer bak neste sving. Saman med den utsøkte, svarte humoren, gjer dette romanen til ei bok eg les med glede, trass alt. Meir Khalifa på norsk!

Anbefalt videre lesing: