På Kjeungskjær fyr i Trøndelag går fyrvaktar Johan langsamt til grunne. Kvifor får vi vite i løpet av «Der det finst fuglar», men likevel ikkje heilt. Kan verkeleg alt forklarast med at han gifte seg med feil kvinne? Og var no eigentleg den «rette» kvinna særleg større garanti for lykke?
Dette er ein roman med mange gåter, som forfattaren porsjonerer forsiktig ut til lesaren og endå meir sparsamt til personane i boka. Folk på den vesle tettstaden som ligg i ro-avstand frå fyret får vite det Johan og familien fortel dei. Og tettstaden greier også å halde tett om sine eigne mørke løyndommar.
Vi er på 1920-talet og fram til etter krigen, og historia gjer definitivt skam på ryktet om at alle veit alt om kvarandre på små stader.
Pinnefolk i Politiken og trøndersk drama
Maren Uthaug er fødd i Kautokeino, har samisk og dels trøndersk bakgrunn – om ein kan stole på etterordet i boka og det trur eg vi kan her. I same etterordet står det at romanen dels er bygd på historiske hendingar.
Sikkert rett det også, men det er ingen grunn til å tvile på at Uthaug dikta freidig og godt rundt hendingane, der ho sit i Danmark og skriv romanar – når ho ikkje lagar teikneseriestriper for avisa Politiken eller satiriske bøker på samisk.
For «Der det finst fuglar» vann ho DRs Romanpris, som er DRs svar på P2-lytternes romanpris. Ein allsidig forfattar som nok er meir kjent i Danmark og i samiske miljø enn i Noreg, i alle fall inntil no.
Overlevingskunster på eit fyr
På fyret får den kronisk deprimerte Johan ei dotter som er uvanleg vakker og ein son som går på alle fire, rautar og et gras. At mor Marie, den skuleflinke prestedottera, ikkje går på veggen, er eit mirakel som lesaren forstår meir av etter kvart som løyndommane kjem for ein dag. Men eg røper ikkje noko når eg avslører at ingen av dei fire har godt av å berre vere saman med kvarandre månader i strekk.
Mykje av dramaet i denne romanen ligg altså i det skjulte. Johan, Marie og dottera Darling (!) er hovudperson i kvar sin del, og ser dels situasjonar frå ulike vinklar, og dels bringar dei fram slikt dei andre ikkje kjenner til.
Vellykka om drifter og dønningar
Dette er ein roman om drifter. Folk går langt for pengar og lenger enn langt for erotiske møte på tvers av både ektepakt, stand og klasse. Både vakre kvinner og rike menn sit på ein stor kapital – så lenge det varer.
«Der det finst fuglar» er ein roman som verken slurvar med spenningskurva eller med tidsbildet. At personane stadig gjer ukloke val som ein både kan forstå og stønne over på same tid, gir akkurat nok å tygge på for lesaren. Kort sagt: det er ei glede å bli kjent med ein fiks ferdig norsk romanforfattar frå Danmark.