Hopp til innhold
Anmeldelse

Ut av klesskapet

Framsyninga «Den som henger i en tråd» røskar i klessamvitet.

Dansende glade folk i store fargerike kostymer
Foto: Teatret Vårt, Molde
Teater

«Den som henger i en tråd»

Teatret Vårt, Molde

24. august–28. september 2022

Kvinner og klede høyrer på eit vis saman. Frå nornene i den norrøne trua – som spann menneskeskjebner med garn og vov verda saman – til instastrikkarar i dag. Kvinnene syr, heklar, strikkar – og handlar.

Sjølv om brukt-trenden på alle vis har funne feste i Noreg, sit det framleis barn, unge jenter og kvinner i fabrikkar andre stadar i verda og syr plagg på plagg under forhold ein norsk forbrukar knapt ville kjennast ved om ho hadde vore der sjølv.

Nett dette siste handlar teaterstykket «Den som henger i en tråd» om.

Ved Teatret Vårt i Molde har dei tatt tak i det ein kanskje kan kalla lokal arbeidarlitteratur, nemleg Nini Roll Anker sin roman frå 1935 med same tittel.

Anker kom frå Molde, og Molde og Romsdalen var tidlegare konfeksjonsindustriens hovudstad i Noreg.

Klede skapar folk

Dramatikar og regissør Toril Solvang freista løfta blikket frå 1930-talet i Romsdalen og ut til klesfabrikkane i Bangladesh, India og Kina i dag.

Romanen handlar om syerska Karna, som kjempar for å overleva når fabrikken brått stenger. I tillegg kjempar ho for rykte og ære.

Samstundes vil ho vera frigjort, leva litt, men vågar ikkje.

Premissen for framsyninga i Molde er at ein finn ei Karna i kvar krok, dei løftar fram Karna av i dag.

Med mal frå livet til kvinna i romanen er ho vel så gjerne ei jente som syr i Bangladesh, ei mor som fraktar forkasta klede frå stad til stad i slummen, eller ei jente innestengd i ein fabrikk som fell saman.

Dansende folk i fargerike kostymer

FASHION ELLER FILLER? Kostyma er uansett ein fest i framsyninga «Den som henger i en tråd» ved Teatret Vårt i Molde. Frå venstre: Kjersti Botn Sandal, Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik.

Foto: Tingh / Teatret Vårt, Molde

Fjong fashion og filler

Det som gjer at Teatret Vårt lukkast langt på veg, er tyngda av scenografien. Marcus Olsson har skipa i hop eit berg av klede.

Hanskar og frakkar, babybukser og sjal vert haugar forma som fjell og fjord. Det er innbydande, ser ut som galskap, og det er fargerikt.

Når dei lukkast med dette grepet, er det fordi historia er knytt til dette avfallet, kleda dei tre skodespelarane Johanna Mørck, Kjersti Botn Sandal og Ingrid Myhre Løvik står og trampar i.

Den slitne joggebuksa er deira skjebne. Volangane deira framtid og håp. Sjølv står dei der som ein tekstil-restefest, kledd i kostyme som ser ut som både draum og mareritt, fjong fashion og stakkarslege filler.

Dansende folk i fargerike kostymer

ALVOR OG HUMOR: Framsyninga handlar om konfeksjonsindustri og kvinnerettar.

Foto: Tingh / Teatret Vårt, Molde

I ei sekvens kler dei på seg lag for lag til dei nesten ikkje kan røra seg og kleda sprekk. Det er sterkt og talande.

Synd, difor at det kjem ein tirade rett etter om arbeidarrettar – det er liksom allereie sagt, berre utan ord.

Og det ordlause kling høgast når det handlar om klima, det trur eg i alle fall. Vi har høyrt så mykje, vi har høyrt alt før, vi lukkar øyra.

Men når den same bodskapen vert dansa eller vist, då er det noko anna.

Utan ein tråd

Den som lengtar etter å sjå Nini Roll Anker sin roman falda seg ut på scena, finn berre brotstykke att. Kan hende ein bør lesa litt i forkant, for det er ei fin, lita bok. Ho vert rekna som ein av dei fremste arbeidarromanane.

Anker skildrar lengt og håp poetisk og intenst, breiddfullt av kjensler.

Men her er det eit politisk prosjekt som spelar hovudrolla. Litt som om dei ropar: Kvinner i alle land, foren eder!

Skodespelarane skildrar ulike sider ved utfordringane eit kvinneliv kan ha, dei er herleg frekke og elegante på same tid.

Dansende folk i fargerike kostymer

ULØKKA: Eit kvinneliv i Nini Roll Anker sin roman er og eit liv med lengt. Eit liv der menn legg premissa, og der ein må kjempa seg fram. Ingrid Myhre Løvik spelar mellom anna Karna si venninne Rakel. Ho hamnar i uløkka.

Foto: Tingh / Teatret Vårt, Molde

«Den som henger i en tråd» tar inn mange problemstillingar som herjar samfunnet no – og då. Om eit liv i tekstilindustrien kan verka fjernt for mange, så er til dømes abortsaka stadig aktuell.

Stykket er eitt av dei som markerer 50-årsjubileet til Teatret Vårt. Og det er ei sprek markering.

Eg håpar jo og det treff slik at det rammar. Stykket set fingeren på korleis me i dag brukar klede, her ramlar (kles)skjeletta ut av skapet.

«Klede gjer oss nye», seier dei ein plass. Klede vert ein stad ein kan skjula seg, noko ein kan gøyma seg i og dukka vekk frå verda frå.

Trass den visuelle moroa i Molde, slår det meg med full tyngd: Magiske klesskap finst ikkje. Berre i Narnia, og Narnia er fiksjon.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret.