Hopp til innhold
Anmeldelse

Ein jam over «Bestialitetens historie»

100-årsmarkeringa av Jens Bjørneboe skulle bli upolert, røff og crazy. Det blei nesten sånn.

Frå "Bestialitetens historie" på Det Norske Teatret.

KJENSLER: Vaktmeisteren (Oddgeir Thune) og sjukepleiaren Christine (Julie Moe Sandø) finn saman i løpet av «Bestialitetens historie».

Foto: Magnus Skrede/Det Norske Teatret
Teater

«Bestialitetens historie»

Basert på Jens Bjørneboes bøker

Det Norske Teatret, Oslo

Høsten 2020

I år er det 100 år sidan Jens Bjørneboe vart fødd. Fleire teater har markert 100-årsdagen for mannen som er dyrka for sin særeigne og radikale forfattarskap. Jens Bjørneboe er framleis eit mysterium. Ein utleverande forfattar med nådelaus presisjon, ein mytisk skikkelse.

Det Norske Teatret har invitert sjefen for det kroatiske nasjonalteateret til å markere Bjørneboe-året. Ivica Buljan har valt seg «Kruttårnet», den andre boka i Bjørneboe-trilogien «Bestialitetens historie».

Buljan har gjesta Det Norske Teatret før, den gongen med «Den siste kongsfesten», eit pølsefest-nachspiel av det særeigne slaget. Den framsyninga gjekk det gjetord om, og den var rimeleg mykje saftigare enn «Bestialitetens historie» nokon gong klarar å bli.

Verdas vondskap

Det Norske Teatret lovar ei pønka framsyning, a crazy performance with a lét of sex and violence, for å sitere regissøren sjølv. Dei som har «Den siste kongsfesten» framleis i minne, veit at Buljan kan by på meir av alt han lovar: sex, rølp, vald. Det viste han til gagns sist.

Frå "Bestialitetens historie" på Det Norske Teatret.

Den amerikanske generalen (Frode Winther) blir geleida ut etter å ha innrømma ugjerninga si: seksualmord heime i Amerika. Det tek han ikkje lett på. Sjukepleiaren blir spelt av Julie Moe Sandø.

Foto: Magnus Skrede/Det Norske Teatret

Romanen inneheld ei rekke føredrag om vondskapen i verda, frå tidlegare tider til vår eiga. Sjølve handlinga finn stad på «et framifrå og allment anerkjent galehus», La Poudrière. Der jobbar forteljaren, spelt av Oddgeir Thune. Rettstenaren frå «Frihetens augneblink», førre boka i «Bestialitetens historie», er no ein slags vaktmeister ved La Poudrière. Her lever han eit liv som kan synest godt. Han dyrkar tomatar, gir piggsvinet vatn og et god mat på den franske landsbygda. Dei innlagde oppsøkjer han, og dei samtaler om vondskapen i verda.

Romanen er eit slags register over all verdas vondskap. I ei frå naturen si side strengt ordna verd er det menneska som skapar kaos og uorden, det er som ein sirkel ingen bryt.

På scenen får dei ulike karakterane spele ut galskap og lyster.

Frå "Bestialitetens historie"

Ein fridomsforkjempar blir hengd medan minnesmerket av han står til høgre for scenografien. Scenen inneheld også andre avrettingsinstrument, som elektrisk stol til venstre og ein giljotin til høgre.

Foto: Magnus Skrede / Det norske teatret

I ein scenografi prega av tortur- og avrettingsmekanismar et dei sin ost, drikk sin vin og held talar om det vonde i verda. Omgjevne av det som i romanen er vakker natur, men på scenen mengder av høy som dei stadig snublar i, faldar samtalane seg ut. Bestialske handlingar skildrast i eit fellesskap som karakterane opplever meiningsfullt.

Tekst som forsvinn

Det startar med eit skranglete, men fartsfylt band. Gjennom heile framsyninga spelar skodespelarbandet låtar med tekstar av Gustave Flaubert, Michel Houellebecq og Jens Bjørneboe, mellom anna. Låt-tekstane forsvinn i høg grad, anten dei druknar i bandlyden, eller at andre hendingar på scenen tek meir plass.

Frå "Bestialitetens historie" på Det Norske Teatret.

FARTSFYLT BAND: Bandet «Waffel SS» underheld gjennom heile framsyninga. Dei syng tekstar av mellom anna Foucault, Flaubert og Bjørneboe sjølv. Frå venstre: Kyrre Hellum, Geir Kvarme, Eivin Nilsen Salthe, Amell Basic og Hilde Olausson.

Foto: Magnus Skrede/Det Norske Teatret

Slik er det med ein del av teksten i sjølve stykket òg. Replikkane forsvinn, druknar. Det skuldast bortvende kroppar, høgt taletempo og at det hender mykje på ein gong.

Kan hende eit grep frå regissøren, men det er ikkje til mykje hjelp for tilskodaren.

Gode skodespelarar

Skodespelarane gjer enkeltvis gode prestasjonar. På det glatte, høystrødde golvet sklir og fell dei, kavar seg opp, halsar seg vidare. Det er komisk til tider, og komikken lettar framsyninga. Sjølv ler skodespelarane godt undervegs opptil fleire gonger. Ikkje minst får Eivin Nilsen Salthe både skodespelarar og publikum til å ta ein latterpause i ei scene der han freistar få kontroll over eit apparat med ei antenne. Kveldens komipris går til han.

Andre augneblink, som Kyrre Hellum sin inderlege draum av ein klossete ballettdans, Frode Winther sitt nydelege bøddel-foredrag og hissige sexmordar-scene i tillegg til samspelet mellom forteljaren (Oddgeir Thune) og sjukesøstera (Julie Moe Sandø) er alle augneblinkar å ta med seg ut i haustnatta.

Litt lang, men interessant

Men heilskapen er som å bli kasta frå bølgje til bølgje. Eg blir ikkje skaka, og det er her meininga ligg: Menneska har omfamna vondskapen til alle tider. Sjølv etter «Bestialitetens historie» har folkemord og nedslakting skjedd – også i Europa. Også tett på Buljans heimland. Med klare hint frå Brecht presenterer Det Norske Teatret ei framsyning om vondskap som noko ein ikkje kan gjere noko med.

Ein interessant jam over «Kruttårnet» er det likevel. Den er upolert, litt lang – men berre smått crazy. Gode skodespelarar sit att som det beste frå denne framsyninga.

Anbefalt vidare:

SJÅ PROGRAM: Jens Bjørneboe – diktar og stridsmann.