Hopp til innhold
Anmeldelse

Kriminelt kraftfull Agatha Christie-opera

Med opera-krim-framsyninga «And Then There Were None» siktar Haugesund teater høgt – og treff bra.

Fra forestillingen «And Then There Were None» på Haugesund Teater.
Teater

«And Then There Were None»

Haugesund teater

27.04.23-07.05.23

Når Haugesund kammer­opera og Haugesund teater går saman om å laga Agatha Christie-opera, er det første gong i verds­historia at krim­dronninga møter opera­sjangeren på scena.

Ambisjonane er høge for denne framsyninga, og resultatet ganske imponerande.

Fra forestillingen «And Then There Were None» på Haugesund Teater.

HERKSAPLEG OG NIFST: Vera Clayton (Lene Rudbæk) er ein av dei åtte gjestane som er inviterte til øya av mystiske U.N. Owen. Bak ho: Pianist og komponist Mathias Halvorsen, kontrabassist Nikolai Matthews. Heilt bak ser ein ballongane koret held under framsyninga.

Foto: Motiejus Kurmis

Kriminelt og herskapleg

Lyden av noko herskapleg når ein lenge før ein går inn dørene på Haugesund teater.

Klassisk piano­spel, som frå ein salong­konsert, blandar seg med måke­skrik og små­prat. Og når ein kjem inn, er det som å gå rett inn i ei fin­stove.

Frå taket heng lyse­kroner, og komponist og pianist Mathias Halvorsen spelar på flygelet.

Tett rundt denne vesle, men fornemme stova sit publikum. Det gjer teater­opplevinga intim, intens og ekstra dramatisk når opera­songarane viser stemme­prakta si.

Før framsyninga tek til, er scena full av noko som kan verka vera scene­teknikarar, men som viser seg å vera opera­koret frå Haugesund kammer­opera.

Dei hanske­kledde hendene deira saumfer rekvisittane. Ei cyanid­flaske har dei òg der ein plass.

Dei går på eit vis inn i rolla til det allvitande teaterkoret. Dei kan vera både etter­forskarar og kriminelle med­hjelparar.

Eit interessant grep som diverre glepp undervegs i framsyninga.

Starten lovar like fullt godt.

Fra forestillingen «And Then There Were None» på Haugesund Teater.

KVA SKJER? Kva som hender på øya og ikkje minst kvifor dei er der, er det få som veit. Her: Janna Kari Kvinnesland som hushjelpa og André Søfteland som hovmeister Rogers.

Foto: Motiejus Kurmis

Når Haugesund kammer­opera feirar 10-årsjubileum, er det ingen grunn til å leika opera.

I høve jubileet har dei bede Mathias Halvorsen om å komponera ein ny opera. Han valde seg teksten til ein super­kjent krim­roman, «And Then There Were None» av Agatha Christie.

Komponist Halvorsen har teke kammer­formatet på alvor når han har komponert musikken for klaver (som han spelar sjølv) og kontrabass (Nikolai Matthews).

Det fungerer godt. Sam­spelet dei to imellom er tett og leikent.

Saman får dei fram både det maleriske, det dramatiske og det lettbeinte i denne krim-opera-komedien.

Kriminelt barnerim

Handlinga er sett til ei øy, i denne versjonen utanfor Arendal (!). På øya er det ti personar: To tenarar og åtte gjestar, men vert­skapet dukkar ikkje opp.

Nokon telefon eller kontakt med fast­landet finst ikkje.

Ein etter ein vert dei ti tekne av dage, nett som i det gamle engelske barne­rimet «Ti små soldatar».

Fra forestillingen «And Then There Were None» på Haugesund Teater.

SKULDIG?: Jørgen Backer som Dommer Wargrave.

Foto: Motiejus Kurmis

Intensiteten i stykket stig i takt med døds­tala.

Opera­formatet forsterkar det intense preget, men styrkar òg humoren i stykket. Her syng dei kraftfullt og med pasjon.

Ikkje alle utøvarane er utdanna opera­songarar, og ikkje alle får teksten like godt fram. Men er ein inga opera­stjerne, hentar ein fram sitt komiske talent – slik til dømes Ane Skumsvoll gjer som revepelskledd doktor.

Sopranen Mathilde Salmi Marjavara løftar framsyninga med dramatiske melodiske løp, tydelege intensjonar i handling og tone og god diksjon.

For publikum er det lurt å friska opp boka eller TV-versjonen før ein går i teateret denne gongen, i alle fall starten av han.

Det er mange namn, mange presentasjonar og plott – i det heile mykje som skal falla på plass i første del. Då er det viktig at ein veit kva som skjer.

Ein vil jo trass alt finna ut kven mordaren er.

Fra forestillingen «And Then There Were None» på Haugesund Teater.

TYNNEST UT I REKKENE: Det vert intenst etter kvart for det minkande talet på gjestar. Frå venstre: André Søfteland, Jørgen Backer, Mathilde Salmi Marjavara, Nikolai Matthews, Janna Kari Kvinnesland og Ane Skumsvoll.

Foto: Motiejus Kurmis

Vekslingar

Så vert ikkje koret godt nok nytta i denne framsyninga, det er mykje venting for dei.

Koret held ti ballongar som representerer dei ti soldat­figurane som vert knuste ein etter ein i forteljinga – men ballongane smell ikkje nett når dei skal, verkar det som.

Til tider vert det mykje springing inn og ut av dører, men detaljane i forteljinga sit likevel.

Rett rekvisitt verkar vera på rett plass til rett tid slik at alle døyr når dei skal.

Eg trur det kunne vore nyttig med eit program der ein kunne følga med på barne­diktet, til dømes.

Framsyninga nyttar alle moglegheitene i teateret godt – både Marjavara og André Søfteland vekslar mellom å spela to roller, og kontrabassist Matthews er òg ein av dei ti.

Dei opne rolle­skifta høyrer med til teater­leiken og passar inn i dei karikerte og morosame rollene.

Fra forestillingen «And Then There Were None» på Haugesund Teater.

OFFER?: Tenoren Kjell Magnus Sandve, opphavleg frå Karmøy, spelar Kaptein Phillip Lombard.

Foto: Motiejus Kurmis

Umusikalsk detalj

Men ein ting kunne dei ha spart seg. Agatha Christie gav ut «And Then There Were None» i 1939, då under ein heilt annan tittel og med ord ein ikkje lenger nyttar i dag.

Med tanke på den kolonialistiske tida verket vart skrive inn i, er det rett og slett umusikalsk når ein av skode­spelarane hentar fram boksar med joika­kaker når det er tomt for mat, og dei må i kjellaren etter hermetikk.

Det er ikkje ein stor eller viktig detalj, og sikkert meint humoristisk – dette hermetikk­produktet har jo òg endra namn.

Men eg tykkjer det er ugreitt likevel.

Om Haugesund teater har rett (og det trur eg dei har), er dei først i verda med å laga ein Agatha Christie-opera. I vesle Haugesund.

Om «And Then There Were None» viser kor lista vil ligga i det nye teaterbygget som nett vart vedteke, er det mykje spanande scene­kunst i vente for haugalendingane i åra som kjem.

Hei!

Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK som frilans. Les også meldingane mine av «Nei og atter nei» på Riksteatret, «Kokosbananas og moromaskinen» på Teater Ibsen, eller «Et glass til» på Christiania Teater.