Hopp til innhold
Anmeldelse

Barnet som aldri får fri

Framsyninga «Allis sønn» inneheld varsla mørke, men slit med å bygga seg opp til den store katastrofen.

Allis sønn på Trøndelag teater
Foto: Ole Ekker / Trøndelag teater
Teater

«Allis sønn»

Hovedscenen, Trøndelag Teater

4.desember 2021 - 19.februar 2022

Korleis taklar ein eit barn som ikkje er som ein sjølv, eit barn som ikkje passar inn?

«Allis sønn» ved Trøndelag Teater handlar om nett det. Framsyninga er bygd på Magnhild Haalke si bok med same tittel, først utgjeven i 1935, sidan på nytt i 2020. Eit gløymd meisterverk, ifølgje meldarane. No er boka blitt teater.

Allis sønn Trøndelag teater

MØRKT: Jon Lockert Rohde og Emma Caroline Deichmann i rollene som Elling og Alli.

Foto: Ole Ekker / Trøndelag teater

I skvis

Elling og mor hans, Alli, bur hjå farmor og farfar i eit lite fiskarsamfunn ved trøndelagskysten. Far er på sjøen fleire år i strekk, og på øya der dei bur, er arbeid den store dyden. Ein skal henga i, stå på og arbeide hardt om ein skal ha mat på bordet.

Farmor og farfar er sure og fantasilause. Snakkar Elling og Alli ned, kastar må giftpiler av ord for å gjere dei føyelege og normale.

Alli er i skvis mellom forventningane frå øybuarane og Elling sitt sjølvstende. For femårige Elling er ikkje som dei andre. Han er ei kunstnarleg sjel, han rimar og diktar, han ser store, levande forteljingar i alt.

Elling er det skapande og fantasifulle barnet, og han passar ikkje inn.

Allis sønn Trøndelag teater

SCENEN: Scene er mørk i «Allis sønn», men med effektiv lyssetjing. Elling i gul genser kjenner seg annleis, og dei andre på øya held avstand til han

Foto: Ole Ekker / Trøndelag teater

Formørking

På hovudscena ved Trøndelag Teater ligg eit digert, svart, oljeaktig plastdekke. Nokre små haugar her og der, ein del steinar stabla opp: Det er øya Elling bur på.

Bak på scena stig ei slags sol – eller rettare sagt: solformørking – opp når framsyninga byrjar, og ho sig igjen når det er over.

Denne mørklagde sola, gjort av lysdesignar Eivind Myren, er eit tydeleg symbol på korleis Elling sin skinande skapartrong og fantasi vert mørklagd av dei rundt han.

Likevel skin ho kraftig gjennom heile framsyninga, som eit bod på korleis alt kunne ha vore om dei vaksne berre hadde sleppt taket i Elling. Sola vert eit slags haldepunkt, ei viktig estetisk markering i eit tomt, nærast grelt scenerom.

Allis sønn

SYMBOLSK: Denne mørklagde sola, gjort av lysdesignar Eivind Myren, er eit tydeleg symbol på korleis Elling sin skinande skapartrong og fantasi vert mørklagd av dei rundt han. Likevel skin ho kraftig gjennom heile framsyninga, som eit bod på korleis alt kunne ha vore om dei vaksne berre hadde sleppt taket i Elling.

Foto: Ole Ekker / Trøndelag teater

Mor og son

Jon Lockert Rohde spelar Elling, og han spring og spring. Han verkar vera ein god gut, ein som kan verte både fælen og lykkeleg av sin eigen fantasi. Dei fleste faktene vaksne brukar når dei spelar barn, har han heldigvis lagt vekk – ein spretten kropp og stadig ei hand mot munnen er det som er att.

Konflikten mellom mor og son er vanskeleg å få auge på frå starten av i teaterversjonen.

I romanen etablerast eit kraftfullt forhold frå dei første sidene av. Elling skrik og klorer, riv mor i håret. Alt fordi ho slo han då han drøymde seg vekk og syntest maten var vakker, fargesterk, som ein holme i ein grøn sjø.

Tankane går til Albert Åberg som om lag førti år seinare lagar landskap på tallerkenen av potetmos og tytebær.

Allis sønn Trøndelag teater

FLAMME: Det er mor som øydelegg Elling. Truleg anar ho ikkje hva for krefter ho vekker i han når ho freistar å temma han.

Foto: Ole Ekker / Trøndelag teater

Tigermora

Men ved Trøndelag Teater er Alli, spelt av Emma Caroline Deichmann, ei kjærleg mor full av uro for sonen.

Klemt mellom svigerforeldra sine krav og sonen sine ønske er ho kan hende mest av alt ei moderne «tigermamma»: Mora som ikkje slepp sonen av syne, som kontrollerer kvardagen, som får til alt og skal gjere ting på sin eigen måte.

Hadde det vore i dag, hadde Elling gått med hjelm heile tida, truleg ete spesialmat, og han hadde hatt ei klokke med sporing så mor hans heile tida kunne sjekka kor han var og kva han dreiv med.

Allis sønn på Trøndelag teater

SPRING: Elling (Jon Lockert Rohde) spring og spring. Men folk rundt han held skapartronga og leiken hans nede. Det ender ikkje godt

Foto: Ole Ekker / Trøndelag teater

Ho gjer han, av kjærleik, til ein ufri gut, ho vågar ikkje la han prøva seg på livet. Eit døme: Ho ror han sjølv att og fram til skulen på fastlandet kvar dag i staden for å lata han få vere innlosjert der nokre dagar i lag med dei andre barna.

Men kontroll kveler skapartrong. Ho lar han ikkje ein gong leika seg fritt.

Allis sønn Trøndelag teater

Emil Olafsson (Jakob) og Ingrid Bergstrøm (Farmor).

Foto: Ole Ekker / Trøndelag teater
Allis sønn Trøndelag teater

Trond-Ove Skrødal (Læreren).

Foto: Ole Ekker / Trøndelag teater
Allis sønn Trøndelag teater

Jon Lockert Rohde (Elling), Emma Caroline Deichmann (Alli) og Ingrid Bergstrøm (Farmor).

Foto: Ole Ekker / Trøndelag teater
Allis sønn Trøndelag teater

Jon Lockert Rohde (Elling), Emma Caroline Deichmann (Alli) og Emil Olafsson (Jakop).

Foto: Ole Ekker / Trøndelag teater
Allis sønn Trøndelag teater

Jon Lockert Rohde (Elling) og Emil Olafsson (Estil).

Foto: Ole Ekker / Trøndelag teater

For statisk

På Trøndelag Teater er det mor sjølv som spelar opp til det fatale som skal skje. Ingen tek ansvar for Elling, og det kryp til eit vondt klimaks i denne mørke historia.

Men regien kunne med fordel vore stramma inn og fortetta, konfliktane kunne vore tydelegare frå starten. Fleire kantar og konturar, hardare meisla ut.

Den mørke, tunge scenen og det mørke, tunge lydbiletet gjer framsyninga statisk. Og det sjølv om Elling spring, teiknar og kaukar, og at farmora (spelt av Ingrid Bergstrøm) gjer alt ho kan for å skapa ein kontrast som hardbarka, slu-blid og stikkande.

Ei slemmare mor og ei tydelegare oppbygging av konflikten ville løfta det ein må snakka om: Korleis ein taklar å ha eit barn som ikkje er som ein sjølv når moralpolitiet støtt står på døra.

Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK på nrk.no/anmeldelser.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret.