Anmeldelse

Antistoff mot fotballabstinens

Nils Henrik Smith har skrive ei herleg kompromisslaus, men noko kompakt bok om fotballkunsten.

Nils Henrik Smith og bokomslag "11 meter - straffesparkets historie"

FOTBALLSKRIBENT: Nils Henrik Smith (f. 1980) har tidlegare gitt ut romanane «Manhattan Skyline» (2007), «Austerrike» (2009) og «Se ilden lyse over jord» (2014). Han skriv også for fotballmagasinet «Josimar». 

Foto: Ina Strøm / Kagge forlag

På denne tida av året skulle nokon ha blåst i fløyta for lengst. Nyleg skulle Stabæk møtt Vålerenga på Nadderud stadion i Eliteserien. Sandviken skulle utfordra Røa i Toppserien. Solskjær sine menn skulle spelt mot West Ham United på Old Trafford.

No må vi vente til juni før det blir noko fotball å sjå på. Kva gjer då fotballelskaren for ikkje å bli gal? Når ein allereie har vore gjennom fødselshistoria til FA-cupen på Netflix, og i tillegg sett alle kampane til Sverige frå VM i 1994 på SVT?

Frivillig leik

Det er då ein finn fram den nye boka «11 meter» til den lovande forfattaren og fotballskribenten Nils Henrik Smith.

Straffesparket er navet i forteljinga og, viser det seg, eit ypparleg utgangspunkt for å studere fotballkunsten i sin heilskap. Fotball er ein leik, noko vi gjer frivillig, utan god grunn. Litt som å lese bøker, eigentleg. Leiken er regelstyrt, og desse reglene har endra seg med jamne mellomrom.

Boksa vekk ballen

Utviklinga har vel stort sett gått rett veg, og har ofte kome som følgje av at regelverket har vist seg utilstrekkeleg i konkrete fotballkampar. Det seier seg sjølv at det oppstod eit behov for å innføre sanksjonar når ein Notts County-forsvarar boksa ballen vekk frå målstreken i siste speleminutt mot Stoke City i 1891. I 1902 vart den første, tidlege varianten av straffesparket innført.Til nesten kvar einaste regelendring i fotballen høyrer det ei sprø historie ute på fotballbanen. Nils Henrik Smith er god på å sjå både det tilfeldige og avgjerande i det som hende.

Mange synest kanskje at det er passe sprøtt at noko så viktig som cupkampar skal kunne avgjerast med at spelarane står og skyt straffespark. Samstundes vil vel også dei fleste vere samde i at det er verre å slå kron og mynt om kven som skal vinne ein cupfinale, slik vertsnasjonen Aust-Tyskland fekk oppleve då dei tapte finalen mot Bulgaria på myntkast i 1969.

Midtvegs i boka kjem så det naturlege høgdepunktet i ei norsk bok om straffer, som sjølvsagt er Kjetil Rekdal si straffe mot Brasil under VM i Frankrike i 1998. Denne ikoniske hendinga i norsk sogeskriving er sjølvsagt omtalt nokre gonger før. Nils Henrik Smith må vere den første som vel å gjere den iransk-amerikanske dommaren Efsandiar Baharmast til ein av hovudpersonane i dramaet. No er han blitt takka ordentleg for at han dømde som han gjorde i denne lagnadstunge situasjonen.

TAKKAR: 22 år etter at Kjetil Rekdal drar til på straffe mot Brasil, rettar Nils Henrik Smith også ein stor takk på vegner av oss alle til dommar Efsandiar Baharmast

Den euforien som oppstod i heimlandet etter sigeren ser Smith som eit døme på den tvisynte norske, nasjonalismen. På den eine sida var vi blitt ironikarar og verdsborgarar, som hadde reist jorda rundt og slutta å tru på nasjonen. På den andre sida var vi framleis så rotfesta i det norske, der vi sat med vikinghjelm og vifta med flagget.

Zambesiarane syng minnesong

Straffa i 1998 er altså det dramaturgiske høgdepunktet. Men det mest rørande augeblikket i boka kjem under straffekonkurransen mellom Zambia og Elfenbenskysten under den afrikanske meisterskapen i 2002. Då syng zambesiarane minnesongen over det landslaget som miste livet under ein flystyrt nesten tjue år tidlegare.

Det herlegaste augeblikket i boka tilhøyrer den alltid elegante italienaren Andrea Pirlo, når han kjippar ballen over keeperen til England med ein såkalla «Panenka» (etter namnet til den tsjekkiske spelaren Antonín Panenka). I boka blir situasjonen skildra på følgenda vis: «Pirlo kika på den hoppande og sprettande målvakta som om han betrakta et særs rart og framandarta dyr i ein zoologisk hage. Deretter skreid han roleg fram til straffemerket og utførte ein perfekt panenka. »

Manglar kvinner

«11 meter» handlar altså om meir enn straffespark. Nils Henrik Smith er ein lovande forfattar, som fyller boka med dramatiske augeblikk. Men lovande tyder også ikkje heilt i mål. For noko manglar her. Kven var den første kvinna som tok straffe? Det skulle eg ha likt å visst. Det må då vere råd å grave fram? Teksten til Smith er også noko kompakt, som ein ikkje heilt mørna biff. Kanskje er det tilskodarar som manglar?

Kor mangelfull ein fotballkamp er utan oss på tribunen fekk vi nokre skrekkelege døme på før den totale stenginga. Dynamikken i kampen skjer i møtet mellom deltakar og tilskodar, mellom dei på banen og oss som ser på.

Til glede for mange

Det er mellom anna dette samspelet som gjer at fotballbøkene til Dag Solstad og Jon Michelet flyr såpass høgt i dei litterære sfærane.

Nils Henrik Smith er ikkje heilt der oppe enno, men han har skrive ei bok som vil kunne glede mange av dei som er glade i fotball i dette landet. I utlandet også vil eg tru. Det burde vere mogleg å pushe boka på lesarar i fotballens fødeland England med det etternamnet.

Anbefalt vidare lesing: