Hopp til innhold

16 bøker til jul for dei minste

Harde pakkar under treet? Her får du tips til gode barne- og ungdoms­bøker frå året som gjekk.

Three children kids read books between Christmas gift boxes in a decorated house. Merry Christmas and Happy Holidays!
Foto: Zelma Brezinska / Colourbox

Jula er lesetid. Det er noko alle veit! Vel er jula ei tid for tradisjonar, men kva med å bli kjent med noko nytt?

Underhaldning, spenning eller historisk kunnskap i teikneserie­form. Her er eit knippe gode barne- og ungdoms­bøker frå det siste året.

For dei yngste – 3–6 år

Han skal tidleg krøkast som god lesar skal bli. Men det er ikkje mykje krøking i desse bøkene. Heller glede og undring.

Så mykje fantasi det finst i litteraturen for dei minste! Og så mykje ein kan snakke om ut frå bileta.

Det kan vere bra å kjenne seg att i bøkene, både for store og små.

Barnebokmontasje til sak om årets beste barnebøker

Sveip til høgre for neste boktips.

«En mus ved navn Julian» av Joe Todd-Stanton

Kan ei mus og ein rev bli vener?

Mot alle odds blir dei det, i denne vesle biletboka. Julian bur i ei hole, heilt åleine. Han bryr seg ikkje om dei andre dyra i skogen.

Ein dag brasar ein rev inn i hola med heile hovudet sitt. Han blir sitjande bom fast. Korleis skal dette gå?

Det er både skummelt og fint når illustrasjonane vekslar mellom eit intenst nærbilete av ein diger og farleg revesnute på eine sida – og myldrande oversiktsbilete av livet under bakken på den andre.

Dette er ei oppbyggjeleg og overraskande forteljing som gir rom for at det også er lov å velje å vere åleine utan at det blir stigmatiserande.

«Det suser i Sivert» av Ragnar Aalbu

Sivert er ein flodhest. I dag er han på stranda med familien sin, men Sivert vil slett ikkje bade.

Dei andre kosar seg i vatnet, men same kva dei seier, klarar dei ikkje å lokke Sivert uti. Sivert har alle unnskuldingane i verda.

Nokon som kjenner seg att? Korleis det går, kan du jo gjette sjølv.

Aalbu har rett nok ei morosam overrasking på lur. Det leikne hjå Aalbu gjeld også formatet på boka, som ikkje skal lesast bortover, men nedover. Trykk-teknikken er nydeleg, taktil, nærast.

Dette er ei munter bok om eit tema som kunne skapt konflikt og ugrei stemning. Her blir det tvert om. Heia Sivert!

«Berre mor og Ellinor» av Ingrid Z. Aanestad og Sunniva Sunde Krogseth (ill.)

Ei vakker lita bok om å vere glad, men også trist.

Det er mor som er trist. Korleis kan Ellinor hjelpe? Det er vel ikkje Ellinor sitt ansvar at mor ikkje har det bra. Likevel: Er det lov å fortelje korleis ein har det til andre?

Sunniva Sunde Krogseth zoomar inn på ting som kan gi glede og tryggleik, det vere seg eit sniglehus, ein måke eller ein musling.

«Berre mor og Ellinor» gir ingen lettvinte løysingar på mentale opp- og nedturar, men boka kan vere ein døropnar for mange gode samtalar mellom barnet og den vaksne som les.

Humøret er som vêret, seier mor til Ellinor, det finst både vind og regn, men heldigvis også dagar med sol.

«Ikke!» av Gro Dahle og Svein Nyhus

Tiki klatrar i tre og vaiar i vinden, høgt oppe mellom alle greinene.

Tiki er ikkje redd.

Men det er Mamma og Pappa: «Kom ned!», ropar dei, og Tiki får ikkje klatre i tre, ikkje leike ved vatnet, ikkje plukke opp ting frå bakken, ikkje klappe hundar.

No vert Tiki også redd. Og Tiki krympar.

Svein Nyhus teiknar fram ein klode som er stor og fantastisk: Først inkluderande og mjuk, så farleg og skarp. Gro Dahle sin suggererande tekst er super for høgtlesing.

«Ikke!» byr på ein kunstnarisk motstand mot redsel og ein litterær oppmoding til mot.

For dei litt større – 5–9 år

Når knekker ungar lese­koden? Det kan variere, og ein sein lesar treng ikkje bety ein dårleg lesar.

Mangfaldet i tilbod i denne alders­gruppa speglar mangfaldet i lese­røynsle.

Høgt­lesing er framleis ei god investering.

Bøker til barnebokkategori årets beste barnebøker

Sveip til høgre for neste boktips.

«Grisaldo» av Bjørn F. Rørvik og Per Dybvig (ill.)

Reven og Grisungen er blitt favorittar blant mange norske lesarar gjennom eit drøyt dusin bøker og teateroppsetjingar.

Denne gongen blir venskapet mellom dei sett på prøve. No skal det spelast fotball, og då kan det, som ein veit, gå ei kule varmt.

Det blir skikkeleg knute på tråden før ro og orden kan bli gjenoppretta og venene igjen kan vere vener.

Den oppbyggjelege moralen, etter mønster frå Æsops fabler, ligg snedig gøymd bak det kreative spelet til fotball-laget Buskas. Det vert buskis-humor!

Dei knallgode portretta til Per Dybvig, der den minste lille foruretta kjensla skal dokumenterast, går rett til hjartet. Fin høgtlesingsbok.

Les heile bokmeldinga her

«I Dovregubbens hall» av Hatti Gryllis, Matthew O’Keefe og Jessica Courtney-Tickle

Før nettbretta tok over, hadde mange i forlagsbransjen trua på multimedia-bøker, der ein til dømes kan trykke på knappar og høyre kyr raute eller hestar vrinske.

«Eventyrorkesteret» er ein imponerande illustrert bokserie der du både kan få eit eventyr i tekst og klassisk musikk i øyra, om du trykkjer på noteknappar.

Den femte boka i serien tek utgangspunkt i Ibsen og Grieg, men denne forteljinga om Peer Gynt i Dovregubbens hall er temmeleg frikopla originalen.

Lyden i musikk-døma er overraskande god. Kan fungere som ei første innføring i kjente klassiske verk.

«Herman» av Erlend Loe, Herman Flesvik og Bård Slettvold Torkildsen (ill.)

Dette er ei flott lita bok om det å leve i eit hovud som fungerer litt annleis enn normen.

Dette er sanne historier om Herman Flesvig sitt liv og tankar, ført i pennen av Erlend Loe, teikna til liv av Bård Slettvold Torkildsen.

Boka er sårbar og morosam. Ho er lett å lese, men uttrykksfull, finurleg og rørande.

Framfor alt viser den at ADHD også kan vere ei superkraft, noko eg tenker er av enorm verdi for dei mange barna der ute som kjenner lite meistring i kvardagen.

Eg trur denne vil treffe både barn og vaksne, både med og uten diagnose.

Les heile bokmeldinga

«Luringen» av Inga H. Sætre

Dette er ei sjarmbombe.

Kven Luringen er? Eit eventyrleg lite vesen som lever for å skape magi mellom folk. Få oss til å opne augo for kvarandre. Nett det vi treng etter år i isolasjon.

Susanne og Sørensen er naboar. Ho vil ha det ryddig og reint, ho trivst i eige selskap. Sørensen har det rotete og ønskjer seg kanskje ein ven?

Inga H. Sætre, som også er teikneserieskapar, fortel like mykje gjennom illustrasjonane som i den sparsommelege teksten.

Kaldt og nakent blått spelar opp mot eit overdådig fargespekter av kjensler.

Ei happy-ending-historie som er originalt fortalt og som vekkjer lyst til å følgje Luringen sin hemmelege veg vidare.

For dei største barna – 8–12 år

Teikne­seriar er den store trenden blant bøker for barn som kan lese sjølve.

Her finst fantasy­seriar mest utan ord, samtids­historier med aktuelle problem, eller sak­prosa, der du lærer noko og blir underhalden på same tid.

Sterke kjensler er ein fast ingrediens i bøker for denne alders­gruppa.

Beste bøker for større barn

Sveip til høgre for neste boktips.

«Olivias liv. Love, liksom» av Heidi Linde

Forelsking kjem i så mange slags former.

Nokre gonger seier det pang. Nokre gonger går det fort over. Og andre gonger kan forelskinga gjere alt direkte pinleg.

Det er elleve år gamle Olivia som har ordet i denne forteljinga.

Ho bur annankvar veke hos mora og faren, og kan i detalj avsløre korleis det var då dei blei forelska både i kvarandre og i dei nye partnarane sine.

Sjølv er ho ikkje så opptatt av LOVE, men det er før ho plutseleg oppdagar Niels i parallellklassa …

Det blir både fryd og forviklingar og litt av kvart å rydde opp i for Olivia. Sånn sett kan lesarane også få eit lite dytt til å ordne opp i eigne liv.

Dette er tredje boka om Olivia, ei jente det er lett å bli glad i.

«Oppskrift mot ånder som knuser ting» av Tyra Teodora Tronstad

Det går ein vind gjennom denne fantasirike forteljinga, ein vind som knuser stort og smått. Vinden kjem susande kvar gong Henry snakkar om mor si, som døydde då han var liten.

Det blir farleg å snakke om henne. Er Henry og faren dømde til å leve i togn?

Dette er ei spanande, magisk og underhaldande historie som ikkje blir sørgjeleg sjølv om ho handlar om sorg. For Henry og venene hans har mot til å utfordre åndene som knuser ting.

Fellesskap gir styrke. Tronstad lar ein flik av eventyret infiltrere kvardagen og gjer at vi forstår at det er greit å snakke om dei som er blitt borte, og som vi saknar.

Det biletrike språket gjer boka ekstra vakker.

Les heile bokmeldinga

«La skogen leve!» av Nora Dåsnes

I nokre barnebøker er dei vaksne berre dumme og barna kloke og handlekraftige.

Lenge ser det slik ut hos Nora Dåsnes og: Tolv år gamle Bao må slåst med både rektor, FAU-representantar og kommunen for å hindre at dei byggjer ein ny parkeringsplass som vil rasere den ville skogen utanfor skulen.

Bao får med seg venene sine i kampen, og dei tyr til drastiske verkemiddel når fakta-argumenta ikkje fungerer.

Men det blir heldigvis ikkje svart-kvitt. Ikkje alle vaksne bles i miljøet, og slett ikkje alle barn bryr seg.

Dette er ei akutt aktuell bok med ein tydeleg politisk bodskap og eit smittande engasjement som talar til barn på vei inn i tenåra.

Les heile bokmeldinga

«Familien Brattbakk» av Julia Kahrs

Kva gjer du om du mistenkjer at mor di er ein kannibal?

Sam er elleve år, og mor hennar meiner ho er for tynn. No må ho feitast opp.

Men er det berre til Sam sitt eige beste? Og kvifor har bror hennar mista ein arm, eigentleg?

Maken til urovekkjande og morosam historie skal du leite lenge etter. Dette er eit ellevilt eventyr så godt fortalt at du ikkje kan leggje boka frå deg.

Så fekk då også Julia Kahrs Brageprisen for «Familien Brattbakk». Den er òg nominert til Bokslukerprisen, der barna sjølve stemmer fram bøkene.

Les heile bokmeldinga

«Det kuleste fra vikingtiden» av Martin Aas

Her er ei bok som verkeleg lever opp til namnet sitt. Kul og morosam!

I denne teikneserien, som er ei blanding av sakprosa og rein fiksjon, er det proppfullt av historier om mektige kongar, store slag, utfordrande reiser – og kvardagsliv i Skandinavia i åra etter angrepet på Lindisfarne rundt år 800.

Vi følgjer nokre oppdikta personar gjennom boka. Forfattaren vender seg til lesaren. Han informerer om kva som er fakta og kva som er oppspinn, og kvifor han har teke dei litterære grepa han har gjort.

Dette er verkeleg underhaldande påfyll av kunnskap, boka blir eit lite oppslagsverk med stikkordsregister og kjelder. Herleg!

Lesetips for ungdom

At ungdomar ikkje les, er ei sanning med modifikasjonar. Ungdomar les, men ikkje alltid ungdoms­bøker.

Iblant kan vaksen­litteraturen vere vel så freistande, andre gonger kan teikne­seriar gjere nytta.

Det var ikkje tilsikta at våre favorittar alle handlar om død, sjølv om døden er ein trufast gjengangar i ungdoms­litteraturen.

Beste bøker for ungdom

Sveip til høgre for neste boktips.

«Blüchers hemmelighet» av Alexander Løken

Klar for ein grøssar? Då er denne midt i blinken.

14 år gamle Kit og brørne hennar er på hytta ved Drøbaksundet. I alle år har dei blitt tuta øyrene fulle av historia om det tyske krigsskipet Blücher som blei senka der natta til 9. april 1940.

No er mystiske ting byrja å skje. Folk blir lokka i døden. Kan det vere sjelene til dei drukna soldatane som rører på seg?

Alexander Løken turnerer velbrukte grøssarelement på sin eigen måte. Det blir desto meir uhyggjeleg når historia er lokalt forankra i Oslofjorden.

«Blüchers hemmelighet» er ein nervepirrande og godt oppbygd spenningsroman, så visuell at han gjerne kunne blitt film.

«Dei dødsdømde» av Aina Basso og Kristian Krohg-Sørensen (ill.)

Noreg har ei blodig historie. Det er ikkje få som har blitt avretta på forferdeleg vis.

Ikkje berre kvinner ein trudde var hekser: Både tjuvar, mordarar og valdtektsmenn har måtta bøte med livet opp gjennom hundreåra. Den siste gongen dødsstraff vart nytta i Noreg, var under landssvikoppgjeret etter 2. verdskrig.

Dette og meir til får vi vite i Aina Bassos uhyggjelege og medrivande bok. Basso, som er historikar, har tidlegare skrive både fiksjon og fakta om hekseprosessane.

Dette er ei verkeleg god historiebok som også reflekterer rundt bruken av dødsstraff i dag.

«Rigel – urettens ekko» av Ida Larmo

Kjenner du til tragedien då 2572 mennesker døydde på sjøen i Nordland under krigen? Ikkje?

M/S «Rigel» og det katastrofale forliset 27. november 1944 er tema for Ida Larmo si nye sakprosabok.

Ho fortel historia gjennom to overlevande: den sovjetiske krigsfangen Julian Dresjkin og den norske arrestanten Asbjørn Schultz, einaste nordmann som overlevde.

Hendinga var frykteleg – og ho er frykteleg fortalt.

Larmo sine teikningar løftar og ber denne boka fram til noko viktig, noko som vil og bør bli ståande. Lenge.

Les heile bokmeldinga

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, og skriv om bøker både for barn og vaksne. Tips til enda fleire gode barnebøker finn du her. Vi oppdaterer alle lesetipsa våre i denne saken.