Hopp til innhold

Vi skal alle fram for Guds domstol

Vi feller dommar over andre menneske utan å tenkja over at det vi gjer. Hugs at vi sjølve står til ansvar for Gud og skal svara rekneskap, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Rom. 14,10-18.

Formaningar har ein tendens til å vekkja motstand og uvilje, også når dei treffer blink. Ja, kanskje særleg då. Vi likar ikkje at nokon vil hjelpa oss til rettes med livet vårt, sjølv om vi synest det er på sin plass at andre blir rettleidde.

Men den rette formaninga har mykje kjærleik og omsorg i seg. Ho er ikkje boren fram i betrevitande arroganse, men i omtanke for den som vert formana, og for det og dei som er omkring. Slik er også Bibelens formaningar. Endå så gamle dei er, er dei framleis høgst aktuelle. Og lyttar ein etter, kan ein høyra Guds omsorgsfulle hjarta slå bakom dei.

Slik formanar Paulus, og vi anar både det strenge og det milde i røysta hans: Døm ikkje kvarandre! Sjå ikkje ned på kvarandre! Gjer ikkje kvarandre sorg! Få ikkje bror din til å snubla og falla! For også han er omfatta av Guds omsorg og gode vilje, akkurat som du er det. Hugs at du sjølv står til ansvar for ein høgare instans og skal svara rekneskap for ditt eige liv.

Det er ei vanskeleg lekse vi får. For korleis skal vi greia å la vera å dømma? Vi feller dommar over andre menneske og forhold stadig vekk, ofte utan å tenkja over at det er det vi gjer. Og meiner Paulus at vi ikkje skal bry oss om rett og gale, men berre nikka likesælt til alt som skjer?

Nei, Paulus meiner neppe at det er likegyldig med rett og gale, då trong han jo ikkje formana nokon. Men det er ein forskjell mellom det å døma i sak og det å døma sin bror. Det er ein svært vanskeleg grenseoppgang, og om vi prøver, er det ikkje alltid det vert oppfatta slik av omgivnadene. Men vi må ikkje gi opp likevel, og dagens tekst minner oss om det!

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Yo-Yo Ma og Amsterdam barokkensemble med Bachs "Schafe können...".

Andakt 13.06.08 ved Vigdis Berland Øystese

Skog