Vi får ulike liv

Dei fleste av oss får oppleva motgang, somme tyngre enn andre. Stundom ramlar alt i hop rundt oss så vi tenkjer at vi ikkje kan halda det ut, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Bibelteksten er henta frå Jesaja 12.

Eg har ein nær ven som er svært sjuk. Så mykje av livet har vore tungt og vanskeleg, og no opplever han at det går nedover for kvar dag. Venen min og dei som står rundt han, vonar at det skal snu, at helsa og kreftene skal koma tilbake. Men endå alt verkar så vanskeleg, seier denne venen min at han opplever glede og fred.

Guds nærvere gir trøyst og lys i tunge dagar. Når mesteparten manglar av alt det vi til dagleg opplever som viktig og nødvendig for å ha gode liv, ja, når livet sjølv pakkar saman og går, då opplever venen min at Gud vert verande.

Slike vitnemål gjer sterkt inntrykk. Og dei kan vanskeleg motseiast. Det er stort at den som er ribba for så mykje, kan kjenna glede og fred og vera takksam og nøgd endå ønsket om endring og betring er brennande.

Teksten frå profeten Jesaja vender seg til Israelsfolket som har brote Guds vilje, og difor er komne bort frå landet sitt. No lengtar dei tilbake. Og profeten talar til dei om at Gud ein dag skal samla dei og føra dei heim.

Den dagen skal du seia: Eg takkar deg, Herre. Du var harm på meg. Men harmen din kvarv, og du trøysta meg. Sjå, Gud er mi frelse, eg er trygg og ottast ikkje. For Herren er mi kraft og min styrke, og han vart mi berging.

Gjennom tidene er det mange som har funne trøyst i desse orda i Jesaja 12 og gjort dei til sine. Teksten talar om nauda som blir forvandla til glede, klageropa som blir bytte ut med lovsong. Det er også eit sterkt vitnemål.

Det er slik vi vonar det skal gå med venen min, at sjukdom skal bli bytt med helse, at sorg skal vendast til glede.

Men midt i det vonde, der er også Gud. Og midt i det mørke og vanskelege er det nokon som greier å seia: Sjå, Gud er mi frelse, eg er trygg og ottast ikkje.

Menneskelivet er ikkje alltid rikt og raust og fylt av overskot og lykke. Dei fleste av oss får oppleva motgang, somme tyngre enn andre. Stundom ramlar alt i hop rundt oss så vi tenkjer at vi ikkje kan halda det ut. Livet blir fylt av smerte, av tomleik, av sorg og angst. Og vi spør: Kva er meininga med dette? Skal det aldri ta slutt? Er det ingen som bryr seg om at eg har det vondt? Kvar er Gud?

Bibelen seier at Gud er der, også når det verkar som alt er på veg utfor stupet. Dei gamle orda fortel om menneske som har opplevd at Gud grip inn. Men også i dag talar hardt prøvde menneske om at Gud er hjå dei midt i dei sværaste vanskar. Det gir tru og von.

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Solveig Leithaug Henderson i songen ”Fred”.

  Høyr andakten 23. januar 2008