Hopp til innhold

Vera velsigna

Bibelen skriv også om svik og sex, lureri og arveoppgjer. Kav om pengar og posisjon, om å bli sett av sine nærmaste, og bli sett pris på, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå 1. Mos. 39, 1 - 7

Har eg det bra? Spørsmålet kjennest mest viktig når svaret er nei.

Ei bok kom ut i 1952, av John Steinbeck. ”Aust for Eden” blei film tre år seinare, med James Dean i ei sentral rolle. ”Aust for Eden” handlar om kor vondt det kan vera å ikkje bli sett av dei nærmaste. Om ikkje å bli sett pris på. Tittelen er frå Bibelen: Etter syndefallet blir Eva og Adam jaga ut frå Edens hage. Englar med flammande sverd står på austsida av Eden og vaktar inngangen. Eden er plassen for velsigning. Vegen tilbake er stengd. Men suget etter velsigninga har me ennå i oss.

Det er lett å syta og klaga. Derfor er det eit adelsmerke ved menneske å ikkje bli heilt blind for det som faktisk er godt. Å seia så andre høyrer det, at ”noen ganger er det ålreit”. At de finst stunder då velsigninga, det gode frå Gud, det kan merkast, sjølv her, aust for Eden.

Josef, ein av dei tolv sønene til Jakob i Det gamle testamentet, han er velsigna: Finaste kjortelen, den som faren er mest glad i. Brørne misunner han så intenst at dei hatar han. For å jekka han ned riv dei av han kjortelen, kastar han ned i ein tørr brønn, sel han som slave til handelsreisande på veg til Egypt, og sender falsk dødsmelding til faren. Frå å vera den velsigna, blir Josef den som står ribba tilbake.

Det hender heile tida, dette. ”Kor lenge var Adam i Paradiset?” seier me, og minner kvarandre på kor skjør lukka kan vera. At me ikkje må bli så overraska når me endå ein gong må konstatera at me er aust for Eden. At alle dagar går over i natt, kvar sommar til sist skal slokna i ein vinter.

Jo. Men for Josef snudde alt seg, på ny. Det står at ”Men Herren var med Josef, så det gjekk han vel.” (1. Mos 39, 2).

Så levde han lukkeleg, alle sine levedagar? Nei. Her er kapittel på kapittel, med dei same ingrediensane som i våre liv, som i såpeseriane: Svik og sex og lureri og arveoppgjer. Kav om pengar og posisjon, om å bli sett av sine nærmaste, og bli sett pris på. Men det endar bra for Josef, det kan seiast.

Har eg det bra? Same kva eg tenkjer, kva andre seier, så er det alltid mulighet for eit bibelsk ”men”: Men Herren var med han, så det gjekk han vel.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer den svenske vokalgruppa ”The Real Group” syngje salmen ”Bereden väg för Herran”.

Skog