Hopp til innhold

Vend om

Den er menneskeskapt, den verda som vi no ikkje har kontroll over. Den som er så god når den fungerer, men som ute av våre hender blir grådighet i spel, seier Ragnhild Jepsen.

Ragnhild Jepsen.
Foto: Helge helgheim / NRK

Vend om, så skal de leva
Det har vore ein underleg haust! Kvar morgon vaknar eg opp til dagsnyttsendingane som fortel meg siste nytt om den økonomiske krisa.

Om børsar som stuper, og om krisepakker som skal hjelpe til med å halde noko flytande som elles ville gått rakt under – og drege med seg mange.

Det gjer noko med oss, - dette ordet ”krise”! Vi blir påverka av å vere i den, - over så lang tid.

Eg kjenner maktesløyse over å vere del av eit system som ingen tilsynelatande har kontroll over. Dei økonomiske kreftene har sin eigen fart og sitt eige spel. Dei raude lysa blinkar. Det skaper frykt hjå oss. Naudsynt eller unødig.

Det er vondt å kjenne at framtida som såg god ut, ikkje lenger er sikker, korkje når det gjeld økonomi, arbeid eller ordningar vi har vendt oss til.

Kva skal vi tru på når det vi trudde var sikkert, ikkje er det lenger? Kven skal hjelpe oss ut av noko det verkar som om ingen rår med?

Bibelteksten i dag handlar også om menneske som kjende at dei var del av ei krise. Som ikkje lenger visste heilt kva dei skulle gjere, - kven dei skulle tru på. Menneske som kjende at jorda var i ferd med å sprekke under dei.

Frå profeten Esekiels bok les vi: Difor vil eg døma dykk, Israels ætt, så kvar og ein får att etter det han har gjort, lyder ordet frå Herren Gud.

Vend om, vend om frå alle dykkar brot, så inga skuld skal fella dykk. Hald opp med alle dei brot som de gjer dykk skuldige i, og få dykk eit nytt hjarta og ei ny ånd! Kvifor vil de døy, de israelittar?

Eg vil ikkje at nokon skal døy, seier Herren Gud. Vend om, så skal de få leve!

Den er menneskeskapt, den verda som vi no ikkje har kontroll over. Den som er så god når den fungerer, men som ute av våre hender blir grådighet i spel.

Oppmodinga frå profeten til israelittane var å vende om til Herren.

Ikkje for at alt plutseleg skulle bli bra. Ikkje for å vende seg til ein regel; ei sikring. Ikkje for å vende seg bort frå ansvar. Å vende seg til Herren, er å vende seg til kvarandre. Mot kvarandres andlet.

Det krev av oss at vi er ærlege mot kvarandre. At vi lever i openhet. Noko anna er for vanskeleg og komplisert.

Å sjå vår neste i auga, utfordrar vår evne til ikkje å vike unna, heller ikkje når det er krisetid. Å vende seg mot kvarandre er å sjå liv i vår syster og vår brors auga. Når vi ser det, lever vi også eit liv med Gud.

Vend om, så skal de få leve – med kvarandre. Med eit gudsliv som gave.

Skriv e-post til Ragnhild Jepsen. * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer ungdomskoret Jubilo syngje ”Tap ikke motet”.

Andakt 23.10.08 ved Ragnhild Jepsen

Skog