Velsigninga

Eg takkar for det eg har fått, at eg og fekk bli ein del av den kjeden Paulus talar om. Eg takkar for det underet at du opna meg, så eg kunne gjere mine eigne erfaringar av oppstode i min egen kvardag, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Tekesten er henta frå Joh. 20, 19-23.

God morgon!

Eg kan fortelje at det er travle tider. I Blå Kors bur vi oss til haustens TV- aksjon saman med NRK. Det er ein heftig straum av intenst, skapande arbeid som snur det meste opp ned. Det er eit privilegium ,men det er ekte travelt og det vil bli ennå meir travelt til hausten seier dei som veit. I slike tider blir det mindre tid til det eg har lært at både eg og arbeidsplassen min treng framfor alt: tid til stillheit og refleksjon, aleine- og saman med andre.

I denne situasjonen har eg kjent at heile mitt åndelege behov, eller mitt livs djupaste behov konsentrerer seg i dette: Å søkje velsigninga. Mi morgonandakt og mi kveldsandakt er blitt den same. Eg ligg rett ut i senga og går fram for Guds andlet. Eg stiller meg under orda i den velsigninga som snart skal avslutte denne andakten. Eg teiknar krossteiknet i tre retningar: over mine næraste i familien, over mine kameratar av alle kjønn i Blå Kors og over dei menneska Gud har bede meg å bry meg ekstra om. Til sist teiknar eg krossteiknet over min eigen kropp og kan stå opp til dagen eller gje meg over til natta.

Denne intense lengten etter velsigning, dette djupe behovet for å bli dregen inn i Guds fred, smaken av dette som umisseleg, som avgjerande nødvendig - eg kjenne alt att i dagens ord frå Johs. evangeliet kap. 20. Det er om kvelden den første dagen i veka. Det er same dagen som ryktene byrjar å gå om Jesu tome grav. Læresveinane er samla. Bak stengde dører. Dei var redde, står det, Kort og godt.

”Då kom Jesus”, les vi. ”Han sto midt i mellom dei og sa: Fred vere med dykk!”

Han gjorde meir og. Han viste dei hendene sine og holet i sida si. Dei redde læresveinane blir glade. Dei ser at Herren lever. Men då tek han opp att dei same orda, det han veit dei treng å høyre i den kritiske og travle tida som no kjem:

”Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.” Så andar han på dei, eit vakkert verb for puste. Han pustar Ande på dei. Han andar Fred over dei. Ta imot Den Heilege Ande. Ta imot Fredens Ande.

Det er meir enn ei stemning av ro og velvære. Det er utrusting. Empowerment heitar det i eit godt engelsk. Dei får myndigheit, dei blir myndige menneske. Dei får det dei treng. Ei kjelde av ause, eit oppdrag å leve for. Dei skal leve ut den ande han har pusta inn i dei: Kristi Fred.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Hilde Svela syngje ”Velsignelse ved reisestart”.

Hør andakten 27. mars 2008