Teksten er henta frå Jes. 35, 5-10.
God morgon !
Når sant skal seiast – seier vi – og kaster oss ut i det, det språklege vågemotet, å sette ord på noko som står for oss som sant og verkeleg. Eg sat ein gong i ein sirkel av leiarar på kurs. Vi skulle presentere oss for kvarandre. Den første som fekk ordet, sa: "Eg har det vondt nå. Kona mi, som eg er glad i, har gått frå meg. Og eg veit at det er mi skuld." Då forstod vi andre i sirkelen at standaren var sett. I denne gruppa gjeld det at vi seier det slik det er, slik vi ser det, slik vi kjenner det, det som er sant og verkeleg for oss.
"Den som kjem i kontakt med sanninga, kjem uungåeleg i kontakt med Gud", har kamrmelitt munken Wilfred Stinissen sagt. Det kan ikkje vere annleis når Gud heiter "Eg er." Slik svarar Gud ein engsteleg Moses som vil vite kva som er Guds namn: "Eg er den eg er.
Såleis skal du svara israelittane: Eg er har sendt meg". Den som får kontakt med det som er, får kontakt med Gud. Og vi talar ikkje berre om religiøs sanning, men om sanning rett og slett. Gud er kjerna i alt som fortener namnet verkeleghet.
Eitt menneske frydar seg over fargar og former. Eitt anna menneske vedgår skuld og ansvar. Himmelens klokker syng, for begge har kontakt med Gud. Det er alt som dekker til sanninga, som er farleg. Det er løgnene og illusjonane som fører menneske bort frå seg sjøl og bort frå Gud.
Eg arbeider på rusfeltet. Det er mi oppgåve å hjelpe menneske med livsproblem knytt til rus. Kor sørgjeleg det er når sanninga blir fornekta. Kor destruktivt det er når menneska flyktar unna sine eigne muligheiter for forandring. For eit gjennombrot når nokon kan seie: Eg har eit alkoholproblem. Eg held på å øydelegge livet for meg sjøl og familien min.
I dagens tekstord får vi høyre om den heilage vegen. Heilag er den vegen eit menneske går når det opnar seg for sanninga. For gjennom den opninga kan Gud kome med sine frigjerande og nyskapande krefter. "Styrk dei kraftlause hender, gjer dei skjelvande kne sterke", seier profeten Jesaja i kap. 35 til menneske i stor naud.
"Sei til urolege hjarte: ver frimodige, ikkje redde. Sjå, der er dykkar Gud.
Gud på veg, med trøyst, med mot til å sjå sanninga i augene, men frelse frå fortviling og fordømming, med ein ny veg gjennom tørt land. Det er også den himmelske meldinga i dag på Verda sin Aidsdag, ein FN-dag for å ta inn over oss smertefulle sanningar og menneskeleg smerte. Ta sanninga inn og finne Guds veg i den. Dein heilage vegen.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Oslo Gospel Choir i songen "Du ser deg tilbake" skriven av Erik Hillestad og Tor Aas.