NRK Meny
Normal

Vegen

Det godt å halde seg nær menneske som er såra og nær våre eigne sår. Så vi kan forstå meir av vår veg saman med Jesus gjennom død til liv, seieer Geir Gundersen.

Geir Gundersen.
Foto: L. P. Lorentzen

Teksten er henta frå Lukas 24, 13 - 35.

God morgon!

No har de høyrt ein song av pinsevennen og romanipredikanten Elias Akselsen. Eg er glad i både han og songane hans. Det er ingen som syng slik som han. I desse dagar er han ute og samlar songar som folket hans song når dei var ute på vegen. For romanifolket er vandrarar som ikkje kunne bli lenge på same staden.

Vandrarar skulle alle kristne vere. Dei første kristne vart kalla Vegens folk, dei som høyrer vegen til. Det var slik dei forstod sin eksistens. Dei hadde brote opp frå det kjende, dei hadde gitt seg på veg saman med Meisteren, dei ville følgje han der han gjekk.

I dagens tekst frå Lukas 24 høyrer vi om to læresveinar på den heilt konkrete vegen til Emmaus, 60 stadier frå Jerusalem. Dei talar med kvarandre om det som har hendt, og når Jesus gav seg i lag med dei - så forstod dei ikkje at det var han. Dei var synkvervde, står det, dei såg ikkje klart, dei var slik eg ser dei, nedsøkte, oppslukte i sin skuffelse over Gud. Med sorgfylte auge ausar dei skuffelsen ut over Jesus. Dei forstår ikkje at dei talar med Gud om Gud. Med det er stor lette at ein vennleg medvandrar vil lytte til forteljinga deira. Ingenting hadde gått som dei hadde tenkt og drøymt om. Jesus hadde på ingen måte blitt den frigjerar dei hadde trudd han var. Dei talar om ei tapt sak, og forvirrande rykter om ei opa grav gir lite meining og inga trøyst.

Desse to nedtrykte vandrarane gir eit godt bilete på noko alle truande må møte og arbeide med: skuffelsen over at Gud ikkje er slik vi vil at han skal vere.

Visste de det ikkje, seier Jesus, når han kjem til orde. Visste de ikkje at det måtte vere slik? Visste de ikkje at Messias måtte lide og så stå opp att? Visste de ikkje at vegen til livet er korsmerka og går gjennom død, akseptert død? Visste de ikkje at Guds makt er kjærleikens makt og at ingen har større kjærleik enn den som gir livet for sine vener?

Nei, dei visste ikkje det. Men hjarto deira byrja å brenne når han talte. Og då han braut brødet for dei, då forstod dei at det var Han, og ei umåteleg glede fylte kropp og sjel.

Snart skulle dei forstå det som vi og må forstå at kristne er vandrarar og at Meisterens veg er vår veg. Snart skulle dei forstå det som vi og må forstå at det fins ingen veg til det evige livet utanom den menneskelege lagnaden: å misse, å bli sjuk, til sist å døy. Difor er det godt å halde seg nær menneske som er såra og nær våre eigne sår. Så vi kan forstå meir av vår veg saman med Jesus gjennom død til liv.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Elias Akselsen syngje ”Jeg er på vandring gjennom livet”.

Hør andakten 28. mars 2008