Teksten er henta frå Luk. 1, 39-47.
I dag vil eg ta dykk med inn i Johanneskapellet i Nidarosdomen, til eit lite måleri på ei skåpdør. Men først skal vi høyre om eit møte som fann stad for over 2000 år sidan:
Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabeth og helsa på henne. Då Elisabeth høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande og sa med høg røyst: "Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv.
Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? For då helsinga nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast." Då sa Maria: "Mi sjel høglovar Herren, og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar."
Måleriet i Johanneskapellet viser Maria og Elisabeth som strekker hendene ut mot kvarandre – i glede og begeistring over å møtes; i forventning over barna dei begge ventar, og kanskje også for å søkje trøyst og støtte hjå kvarandre.
Men ikkje berre er det dei to kvinnene som møtes.
Måleriet skildrar korleis dei ufødde barna helsar kvarandre, - Johannes og Jesus.
Elisabeth og Maria er kvinnene frå bibelhistoria som vart mødrer, liksom mot alle odds. Elisabeth fordi ho så lenge hadde vore barnlaus, og ikkje trudde at ho nokon gong skulle bli mor. Maria, fordi ho var så ung og aldri hadde vore saman med nokon mann. Gud gjorde store under i desse kvinnenes liv.
Johannes og Jesus går inn som ein del av Guds plan for å frelse oss menneske. Johannes for å førebu. Jesus for å fullføre. Elisabeth og Maria veit at dei snart må sleppe barna sine frå seg. Dei stiller seg til rådigheit for Gud.
Maria følgde Jesus så lenge han var på jorda. Ho sto ved krossen då Jesus døydde. Ho var der då dei tok han ned. Ho kom til den tome grava. Slik den unge jublande Maria omslutta Kristus med sin kropp, slik omslutta ho hans liv med sitt.
Marias jubel handlar om Guds verk med oss menneske. Om livslovene vi lever under, om glede og undring, men også om sorg og uro.
Møtet mellom Maria og Elisabeth råkar den djupaste klangbotn i oss menneske. Dei vitnar om Guds velde. Dei lovsyng kvart menneske som blir til.
Måleriet i Johanneskapellet viser mødrene og dei ufødde barna som strekkjer hendene mot kvarandre. Jord og himmel møtes.
Maria bar Jesus. Han strekkjer hendene ut mot oss menneske.
Vil du skrive e-post til Ragnhild Jepsen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer "Morskjærleiken" med Hilde Svela.