NRK Meny
Normal

Vanskeleg å få auga på Gud

Mange av dei særtrekka me har lært å kjenna som typiske for Gud kan vera gøymde bak andre drakter i Det gamle testamentet, seier Jon Ådnøy i vekas siste morgonandakt.

Holmenkollen
Foto: Sandra Noer / NRK

Gud, seier folk, som om det var noko sjølvsagt. Ein treng ikkje vera fritenkjar eller gudsfornektar for å ha kjent at det kan vera vanskeleg å sjå Gud tydeleg.

Me har i barnebokhylla ei biletbok som heiter ”Finn Willy”. Willy er ein kjekk kar med runde, svarte briller, blå bukse og stripete raud og kvit topphue. Han er på alle dobbeltsidene gjennom heile biletboka. Likevel kan det ta fleire minutt å finna Willy. For han er ikkje åleine. Det kan vera hundrevis, sikkert oppi tusen andre figurar på sidene. Jamvel når Willy ikkje liknar på nokon av dei andre, kan det ta irriterande lang tid å få auga på karen. Og det kjennest som eit nederlag å bla vidare til neste side utan å finna han. For han skal vera med, på alle sidene. Det er ein del av kontrakten mellom boka og lesaren.

Mange opplever Det gamle testamentet som ei ”Finn Willy”-bok. Gud skal vera å finna på alle sidene, det er ein del av kontrakten mellom boka og lesaren. Men han er mellom så uhorveleg mange andre skapningar og hendingar, at det jammen ikkje er lett å sirkla han inn, alltid. I Det gamle testamentet er det heller ikkje alltid Gud har runde, svarte briller, blå bukse og stripete raud og kvit topphue. Mange av dei særtrekka me har lært å kjenna som typiske for Gud, dei kan vera gøymde bak andre drakter i Det gamle testamentet.

Som når Gud let alt og alle drukna, så nær som dei i Noas ark. Som når Abraham står klar til å stikka kniven i sin eigen son, fordi Gud har sagt han skal gjera det. Når menneske som ikkje høyrer til Guds eige folk, må bøta med livet i hopetal, for at Gud skal visa si makt. Eller når Israelsfolket ikkje eingong får lov sjå opp når Gud er nær, fordi han er så utilnærmeleg heilag. Då er det vanskeleg å sjå Gud tydeleg.

Men innimellom finst det små scenar, òg i Det gamle testamentet, der med kjenner han igjen. Hebrearbrevet startar med noko av dette: ”I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar gjennom profetane. Men no har han tala til oss gjennom Sonen”. Skal du få auga på Gud, i Det gamle testamentet, og for den del i livet, er det fort gjort å leita utan å finna. Om ein ikkje har Jesus som los. For, seier Bibelen: Jesus er ”ei utstråling av Guds herlegdom, og biletet av hans vesen.” Slik Jesus er, slik er Gud. Kva naudar då?