Hopp til innhold

Vangskyrkja på Voss

Kyrkja står truleg på same grunn som det stod eit gudehov i førkristen tid. I 1277 stod steinkyrkja ferdig, og ho vart vigd til Sakt Mikael.

Voss kyrkje
Foto: Wikipedia

John Ove Thaule

Sokneprest John Ove Thaule

Foto: Voss kyrkjeblad

Det blir gudstjeneste frå Vangskyrkja på Voss i Hordaland. Det er 18. søndag etter pinse, og teksten står i Joh. 8, 31-36.

Sokneprest John Ove Thaule preikar, og kantor Lars Ragnvaldsen spelar.

Salmane står i Norsk Salmebok på numra: 577. 663. 385. 331. 418 v 1, 4-5.

Tekstlesar er Per Helleve.

Salmane er i same rekkjefølgje som numra overfor: Kor stor ei lukke for vårt land, Du som veien er og livet, Kom, sannings Ande, Kom, kom og hør et gledens ord og Med jesus vil eg fara.

Lars Ragnvaldsen

Organist Lars Ragnvaldsen

Foto: Helge Helgheim / NRK

Songlaget ”Strendingen” og Voss og Omland Katori syng ”Den fyrste song eg høyra fekk” og ”Kornet er gøymt i jordi”. Under preika deltar Ellen Marie Selland Geithung som kvedar med folketonen ”Ren og rettferdig”.

Ved orgelet sit kantor Lars Ragnvaldsen. Og til opning spelar han ”Preludium i D-dur” – komponert av Johan K. F. Fischer. Til slutt høyrer vi ”Elegi” – komponert av Christian Cappelen.

Teknisk ansvarlege er Njaal Mangersnes og Cato Kristensen.

Vangskyrkja på Voss
Kyrkja står truleg på same grunn som det stod eit gudehov i førkristen tid. I 1277 stod steinkyrkja ferdig, og ho vart vigd til Sakt Mikael.

Kyrkja er bygd i tidleg gotisk stil - berre så vidt tilspissa - og er en av dei eldste gotiske landskyrkjene i Noreg.

Voss kyrkje, ofte kalla Vangskyrkja, står på Vossevangen i Voss kommune. Kyrkja har truleg vore hovudkyrkje og soknekyrkje for eit stort område.

Det er ikkje så mykje igjen av interiøret frå den katolske tida. Bortsett frå sjølve kyrkja er det berre steinaltaret og predellaen (foten under altertavla) som er frå tida før reformasjonen.

Glassmaleria i koret og tårnfoten fekk kyrkja så seint som i 1923, og i år 2000 fekk kyrkja eit etterlengta nytt og flott orgel.

Fleire kjelder.

Høyr: Gudsteneste frå Vangskyrkja, Voss 14.09.08

Skog