Hopp til innhold

Vangskyrkja på Voss

Kyrkja står truleg på same grunn som det stod eit gudehov i førkristen tid. I 1277 stod steinkyrkja ferdig, og ho vart vigd til Sakt Mikael.

Voss kyrkje
Foto: Wikipedia

Det blir gudsteneste frå Vangskyrkja på Voss. Det er 4. søndag etter pinse, og teksten er henta frå Luk. 15, 11-32.

Ivar Molde
Foto: Helge Helgheim / NRK

Preika er ved fungerande sokneprest og prost Ivar Molde, og ved orgelet sit kantor Lars Ragnvaldsen. Salmane er henta frå Norsk salmebok på numra 287 - Eg ser deg, Gud i kvar den blom, 332 - Så vide om land, 931 - I dag om du hører Guds røst, 405 - Slik som eg var og nr. 453 - Kor stort, min Gud, at eg ditt barn får vera.

Under preika syng Voss og Omland kantori songen "Som når eit barn".

Vangskyrkja på Voss
Kyrkja står truleg på same grunn som det stod eit gudehov i førkristen tid. I 1277 stod steinkyrkja ferdig, og ho vart vigd til Sakt Mikael.

Lars Ragnvaldsen
Foto: Helge Helgheim / NRK

Kyrkja er bygd i tidleg gotisk stil - berre så vidt tilspissa - og er en av dei eldste gotiske landskyrkjene i Noreg.

Voss kyrkje, ofte kalla Vangskyrkja, står på Vossevangen i Voss kommune. Kyrkja har truleg vore hovudkyrkje og soknekyrkje for eit stort område.

Det er ikkje så mykje igjen av interiøret frå den katolske tida. Bortsett frå sjølve kyrkja er det berre steinaltaret og predellaen (foten under altertavla) som er frå tida før reformasjonen.

Glassmaleria i koret og tårnfoten fekk kyrkja så seint som i 1923, og i år 2000 fekk kyrkja eit etterlengta nytt og flott orgel.

Høyr gudstenesta frå Vangskyrkja på Voss 08.06.08

Skog