Teksten er henta frå Jes. 24, 10-17.
Skulle tru Bibelen kjende til norske landskap om hausten. Det står i Jesaja 42: " Mørkret framføre deg vil eg gjera til ljos, og ulendt mark til slette." På fjellgarden Tengesdal i Ryfylke budde for 200 år sidan ein mann som heitte Jon. Han var så tung til sinns.
For dei få som har sett plassen som var hans, er det ikkje så vanskeleg å forstå mismotet. Garden ligg i i trong fjellsprekke, med fjellsider 5-600 meter til værs både mot nord og sør, stort sett så bratte at ikkje eingong ei geit kan ta seg fram.
Austover er det storsteina, omtrent uframkommeleg ur i fem kilometer. Vestover, mot sivilisasjonen, er det ei dryg halv mil til nærmaste gard, som i dag er den mest avsidesliggjande i heile Rogaland. Men skal du dit, må du først opp den bratte lia, opp mot fjellet, og så like bratt ned igjen. Eit slit. Eg trur mange ville blitt deprimerte, om dei måtte bu der. Jon var ikkje berre tungsindig.
Han trudde på Gud, òg. Så då tungsinnet heldt på å knekkja han, la han seg ikkje ned og forbanna den dagen han var født. Han gjekk austover fjella, eit par vekers tid, til han fann hans Nielsen Hauge borte på Austlandet. - Kva skal eg gjera. Eg er så tung til sinns, sa Jon.
- Du må komma saman med andre. Finna eit kristent fellesskap, så de kan trøysta og oppmuntra kvarandre, sa Hauge. Jon forklarte at det var ikkje farande til naboar. Det mangla veg. - Bygg veg, sa Hauge.
Så gjekk Jon heim igjen, eit par veker over fjella. Og begynte med spett og slegge å lirka og lura i dei uhorvelege mengdene med kantete stein som var raste ned frå begge sider. Fekk flytta nokon av dei som låg mest i vegen, bygt nokre fyllingar, så det kunne likna ein rideveg. Sterke-Jon, kalla dei han. [object]Han kom ikkje langt. Han døydde før han blei 30.
I dag er det uhorvelege og umulige ura som dominerer innover mot Tengesdal. På avstand. Men for turisten eller sauen som begynner å gå, dukkar det stadig opp trasear mellom steinblokkene der det er merkeleg lett å gå.
Om Jon var tung til sinns, så let han det håpet han hadde, vera sin personlege dagsorden. " Mørkret framføre deg vil eg gjera til ljos, og ulendt mark til slette."
Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer "La ditt lys skinne i mørket" - henta frå SKRIK, ei messe for fred og rettferd av Ingemar Olsson.